...

tirsdag 3. januar 2012


Var ikkje så pratsom før i dag. Eg kan avsløre at eg slit aldri så lite med motivasjonen siste dagane, eg er litt sånn ute på jordet angåande kvar vegen skal gå. I fjor held eg opp å blogge i januar, men sidan eg held opp store delar av desember, trur eg det er lurt å halde maskineriet i gong. Når eg skriv slikt som dette, får eg alltid kommentarar om at eg må blogge når eg vil. Eg vil alltid blogge, dersom eg har bilder å vise fram. Det går heller på at eg er redd for at ting blir kjedeleg, og for likt frå dag til dag. Dette er ein blogg for meg, uten tvil, men også ein blogg for deg...

Så får vi sjå kva eg finn på i vekene som kjem. Eg ser sjølvsagt at eg er prega av det som har skjedd med ryggen min, og at det også spelar inn på kreativitet og humør. Eg føler meg meir normal og frisk når eg klarer å blogge. Det gir ein god følelse!


Shopping hos hviit.no



Elin