...

søndag 12. august 2012

Pirates of the fjord








No er vi slitne alle mann, etter ein fantastisk dag med bursdagsfeiring nede ved fjorden. Lillebroren runda 7 år ved midnatt, og det måtte vi sjølvsagt markere! Hovedpersonen vakna klokka 6 (!!!), og sjølv om eg sov litt meir i 8-9 tida, må eg innrømme at det også er godt å vere ferdig med barne- og familieselskap. Eldste piraten, med lapp over auget og raudt halstørkle, var 91 år ;)

Endeleg kjem det også nokre bilder frå paradiset vårt, ein stad vi er veldig glade i. Pynta for sjørøverfest med alt det inneber :) Eg har laga sjørøverflagget av svart kartong, og klipte deretter ut dødningehovudet av kvitt papir. Enkelt når eg hadde noko å sjå etter. Vimplane er klipte ut i to ulike stoff, og limte med limpistol på ein hyssing. Verdens raskaste pynt, var gjort på ein halvtime alt saman.

Ellers har eg fått gjort mykje i huset siste veka, spennende forandringar på gang. Det blir nok bilder etter kvart. Må berre bli litt meir ferdig først.

Ynskjer alle ei flott, ny veke!
For ungane her sin del, den siste i sommarferien 2012...
Vi skal nyte sol og seinsommar max!


Elin




6 kommentarer:

  1. Fantastisk plass dåken har og fiiin pynt du har laga. Kjekt med alt som er raskt og enkelt å laga til...;) Me har også hatt bursdagsfeiring her hos oss i dag, gøy - men alltid godt når det er over! God ny veke til deg, klem Kjersti

    SvarSlett
  2. Kjekt!
    Gratulere med overstått dag og feiring :-)

    Ha flott seinsommar B-)

    Klem

    SvarSlett
  3. Gratulerer so mykje med 7-åringen! kjempestilig bursdagslokale og fest! :D
    Vi skal sjølve feire ein 7-åring i år, men det blir i desember.. ikkje so kjekt med utefest då.. :S
    ynskjer deg ei stråååålande veke Elin!! :D

    SvarSlett
  4. Knallstilig!
    Og kul redigering på bildene:)
    Klem

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!