Og denne gongen vart det innertiar :) Vi har halde på å tulla rundt på dette rommet sidan mars? Men det har vore vanskeleg å møte ein tolvåring sine ynskjer, fordi dei har vore så vage. I mitt siste forsøk denne veka, tenkte eg at ho nok stadig har eit ynskje om å vere større enn ho er. Huskar vel det frå min eigen barndom, med ei storesøster som hadde det meste av det eg lengta etter. Så løysinga var å lage eit rom som etter mi meining var litt for minimalistisk og vaksent. Men du VERDEN for ein herleg reaksjon hos henne som skal vere der! Møblane er stort sett dei same som har vore der siste åra. Bordet har fått "svarte sokkar" og svart skuffe, rett og slett for at målinga hadde bobla seg nederst på beina, og så gadd eg ikkje å pusse og måle opp igjen heile. Skuffa har vore borte nokre år i kjellaren, og var blå. Senga er ny. Vi har bygd ramme sjølv nederst, og sett på hjul. Det skulle også vise seg å vere livsnødvendig med ein spegel på veggen, denne har eg hatt i 15 år og er laga av ei gamal ramme. Den har vore grøn, gullfarga, kvit og no lyseblå. Sengegavlen er ei bygningsplate måla med tavlemåling. Men utklipp frå magasin og internett viste seg å vere kulare enn krittskrift akkurat no.
Velkommen til alle nye følgjarar! Håper at bloggen kan inspirere!
Det er fredag, og det er sikkert mange som gleder seg
til helg? Håper den blir fin!
Elin
Hadde eg vert jenta di og fått et så råflott rom, ja da hadde jeg hoppet i taket av glede :)))
SvarSlettDette var skikkelig kult jenterom !!!
Innertier fra meg også !!
Fin fredag og riktig god helg Elin
Klem Heidi
Stilig!!!
SvarSlettKlem tove
Det ble veldig fint!!! Hilsen eva chr.
SvarSletthermosos ambientes y muy buenas ideas para inspirarse.Muy bueno tu blog! Saludos desde Argentina.
SvarSlettKjempefint er det:)Tenker hun er fornøyd jeg..
SvarSlettfin kveld
klemklem
Kuleste rommet - EVER:)
SvarSlettFlink du er!!
Ha en fin helg ♥
Berre stilig! Ikkje rart ho er nøgd B-)
SvarSlettGod helg klem
Skjønner godt at dette ble en innrrtier.. Virkelig flott ♥♥ God helg til dere ♥♥
SvarSlettSå flott rom,tenker meg ho er så godt fornøyd,eg har jo ei på 12 sjølv så inspirasjon liker eg,føler eg trenger litt fargeklatter på rommet hennes men det kommer nok:)
SvarSlettSkal visa ho detta innlegget,ho er så interessert i interiør,husker at fra ho var liten så for ho rundt å kommenterte kva ho likte og ikkje likte hos andre,hehe måtte hysja på ho noken ganger sjølv om eg kanskje var enig i at det ikkje var det fineste eg hadde sett:))
Fin kveld til deg!
Klem klem
Råflott Elin:)) Ønsker deg en fin helg!
SvarSlettKlem
Tone
Ja, nå er det virkelig fint :)
SvarSlettJeg må på jakt etter en lignende pult, men har 4 år på meg da hi, hi.
Fint med det svarte til en snart tenåring ;)
God helg til deg og dine.
Klem May Helen
Rett og slett helt nydelig dette :)
SvarSlettSkjønner at dette ble stas ja.
Ha ei fin helg
klem sissel
Nydelig! Liker bloggen og bildene dine!
SvarSlettSyns dette her er veldig inspirerende!
Suse
Nå ble jeg inspirert til å ta et skikkelig tak hos 13- åringen vår også (bonusjenta mi)! Tror jeg skal lage et hemmelig prosjekt som står klart når hun kommer tilbake etter 1 uke hos mammaen sin! Takk for et ispirerende innlegg! Hilsen Marianne T.
SvarSlettSå utruleg kult Elin! skjønnar godt at ho vart glad! Stas med storejenterom da!! ;)
SvarSlettGod helg elin! :)
Så utruleg kult Elin! skjønnar godt at ho vart glad! Stas med storejenterom da!! ;)
SvarSlettGod helg elin! :)