...

søndag 16. oktober 2011

Presentasjon av siste premien før trekning!




Då var vi komne til vegs ende i presentasjon av premiar :) Eg skal innrømme at eg såg litt svart på dagane som skulle kome sist søndag, for forma har vore laber. Men eg er superstolt over å ha laga så mange innlegg likevel, og fått vist fram alle fiiine premiar som dokke der ute kan vinne! Nesten godt med ein pause i interiørinnlegga, kjekt å gjere andre ting innimellom :)

Dagens premie er frå Bella Rosa, ein interiørbutikk i Stordal i Storfjorden, innanfor Ålesund. Ursula har eit variert utval av interiør og pynteting, tenkte å vise dokke meir frå butikken hennar ein annan dag. Men ho har massevis av fine leiker. Difor hadde ho lyst å gi vekk to dingsar frå HABA. Eg kan rett og slett ikkje finne navn på dei? Det nærmaste eg kjem er smokkehaldar, og drage-i-ringar-leike?

Lat oss heller prøve med eit beskrivande bilde! :)


Ursula held ope på ondagar, fredagar og laurdagar,
for meir informasjon kan du
ringe tlf. 41369038.

Teljaren bikkar nok 200.000 unike treff i morgon ein gong?
Eg trekkjer GiveAwayen med Random.Org. etter dette.
Håper at du har meldt deg på? Eg ville GJERNE ha vore med på denne trekninga!
Mannen i huset lurte på om han kunne melde seg på, men han var litt
for mykje i familie fann vi ut ;) Det vart også foreslått dekknavn,
men vi får klare oss utan vinnarsjansar denne gongen :)


SISTE SJANSE TIL Å VINNE FLOTTE TING!
TRYKK HER FOR Å MELDE DEG PÅ
MED EIN KOMMENTAR!


Elin

NB! Du finn presentasjon av alle premiane viss du scrollar
deg nedover innlegga mine siste veka!


3 kommentarer:

  1. SÅ mange flotte premiar du har å gi vekk!!!
    Nesten så ein skulle hatt fleire vinnarsjansar ;-)

    Ha vakker veke min venn!

    SvarSlett
  2. Eg håper du ser lysare på veka som kjem enn du gjorde forrige søndag, Elin :) Du har i alle fall gjort mange hundre lesarar glade denne veka, tenk kor heldige me er som kan vinna så fantastisk mange flotte ting. Det er ikkje småtteri når du set i gong med gje bort - det er heilt sikkert.

    Ønsker deg ei toppers veke!

    Klem Eli

    SvarSlett
  3. Utruleg mange flotte premiar! Dette vert spennande :)

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!