...

torsdag 30. september 2010

Bryllupsdraumar...



Det var ein gong eit bryllup i 1934...






SUKK... Eg blir no litt vemodig ein slik dag... Lever meg fullstendig inn i farne tider...
Gløymde å skrive noko her! Vi tenkjer vel at ting føregjekk i svart/kvitt før,
men tenk; dei hadde alle verdas fargar i kvardagen sin den gongen også...



Sløret til kjolen er borte, men tyllen min fekk vere med på fotoseansen.


Takk til GJ for oppdraget,
det har vore eventyrlege dagar!


Klem
Elin



Ein liten sneakpeak frå siste timane mine :)



For eg måtte berre sjå med ein gong kva som var inne på kameraet! :) Vèret behøv eg nok ikkje å forklare noko om? Draumedag! Igjen... Skal redigere fleire bilder i kveld :)




Og eg er alldeles i Titanic stemning...
 Både kjolane eg har fotografert, og skoene minner meg slik om Kate Winslet i denne filmen...
Fortsettelse følgjer!

Klem
Elin

onsdag 29. september 2010

75 år gamle bryllupssko ved sjøen...



For kjolen eg skulle ta bilde av, passa ikkje nedover gina eg hadde lånt :) Så den må eg ta bilder av ein annan dag... Ikkje alltid ting går som planlagt! Men to gamle sko kan vere spennande nok! Gleder meg veldig til å setje saman eit utval av bilder til eigarane av brudeutstyret, som vart brukt for 75 år sidan.






Brudebuketten laga eg av kvite roser, og kvistar frå eit tre som eg ikkje veit navnet på? Det er ikkje rogn altså :) Synes dette vart haustleg og fint. Eg har brukt tyll rundt der ein skal halde, og lagt litt over sjølve buketten. Perlene er lett å feste på med litt tynn streng.

Hjerta er lånt frå Bella Rosa, ein kjempefin interiørbutikk i Stordal. Snille Ursula, som er frå Nederland, hadde også lyst å gi noko til dokke, og sidan vi er i litt bryllupsrus her, kunne det vel passe med noko som er pakka i tyll? :) Dersom du bur i nærleiken, og kjenner til denne butikken, kan du gi di stemme HER
i konkurransen til Lev Landlig :)


Så då er det ein til premie du kan vinne i GIVE AWAY`en min! :) Duftpose med lavendel!

Eg reknar med at eg har tenkt ut noko lurt til i morgen, og at bilder av sjølve kjolen kjem då.

Men ein liten forsmak kan vel ikkje skade?



Ha ein vakker kveld!

Klem
Elin





tirsdag 28. september 2010

Se! Hun interiørblogger!!! :)



Hi-hi! :) Ja, ingen natur i kveld. Men eg har furunåler i trusa... Var på ein lett fjelltur, som enda i svabergskliing... Sånn er det når eg og mannen er impulsive, og skal gå råser som vi har høyrt om, men som ikkje vi veit kor går, og som plutseleg ikkje var merka når vi kom halvvegs. Dokke skal sleppe å høyre resten. Håper berre eg kjem meg ut av senga i morgen tidleg...

For i morgen skal eg ha ei spennande økt med fotografering. Har blitt bedt om å ta bilder av ein VELDIG flott gjenstand. Gleder meg veldig! :) Og så er det kjekt å bli bedd om hjelp! Har så smått byrja å tenkje på om eg kan få bruke fotograferinga mi til noko fornuftig i jobbsamanheng? Tenkte kanskje å tilby julekortfotografering til barn? Har så mange idèar, og mine barn kan sikkert tenkje seg å ha ein pause :) 

 Og midt oppi stoppen av interiørbilder, har eg fått rydda huset. Og ommøblert klart for vintersesongen. Tenkjer av og til, at no er lesarane mine gørrlei av dei same romma, berre med litt forandring? I alle fall dei som har lest bloggen min lengst?




Det er nok hovedgrunnen til ei bloggtørke? Har eg meir å by på no? (det er klart!) ;) 37 søte damer har meldt seg på GiveAwayen min, og for min del er det nok, men viss fleire har lyst på ei knaggrekkje av gamal plank, eit fint lerretsbilde med teikningar av tulipanar og tekst, eit nydeleg hjerte med tekst og bilde, og sandkakeformer... Trykk HER :)

No skal eg lese litt Knerten for lillebror (hi-hi), må vel lese om lillebroren i boka også, og etter det skal eg ingenting :) Berre kjenne på min stive nakke, og låke musklar etter århundrets forsering av ei ulendt li :)


See U!

Elin


Strålande, strålande :)



Det oppsummerer dei siste dagane her i fjorden. Heilt ubeskrivelg, herleg vèr! Og til alle dei som lurer på om interiørbloggen er skifta ut med "Ut i naturen", vel det kan vel kanskje stemme ;)


Bildet er frå inngangen til vakre Hjørundfjorden på Sunnmøre. Og der vaks morfaren min opp. Det gjer at eg føler litt extra for området. Villt og vakkert! Til høgre, den taggete baksida av fjella i Molladalen :)



Eg skal ut i hagen og småflyge saman med sommarfuglane mine :)


Håper du også får flyge litt i dag, drøyme deg litt vekk...

Klem

Elin

mandag 27. september 2010

Admiralane vrimlar i hagen! :)



Her er ikkje militærøvelse, eg snakkar om sommarfuglen Admiral :) Så vakker, og så veldig glad i nektaren i Sommerfuglbuskene eg har nedanfor huset. Her flaug opp mellom ti og tjue slike vakre skapningar, når vi kom ned i hagen i kveld. Dei sitt også på husveggen, opp mot mønet og solar seg. Sikkert godt og varmt der? :) Nyyydelege er dei!


Les meir om Admiralane HER

Minner om GiveAway :)


Ha ein vakker kveld,
her er så nydeleg ute, at eg berre sitt
og ser ut gjennom vindauget, mot ein oransje horisont...

Klem
Elin


Målet mitt



Bilde : Hustadnes.net

Dei som har lest bloggen min ei stund, veit at å erobre Bladet i 2010 var eit mål som eg hadde i vår. Eg var veldig lei meg når eg sat ved det vakre vatnet i går (sjå innlegg under), og visste at eg var kanskje ein time unna målet mitt. Men at eg ikkje klarte å gjennomføre dette i år. Eg såg telta på andre sida av vatnet, og visste at hjelparen min var oppe i fjellet med ein glad gjeng. Medan eg sat slik, slo det heldigvis inn i hovudet, kor uendeleg heldig eg er, som har friske bein og kropp som kan ta meg med opp i fjellheimen, med sekk og tungt kamera!!! Eg gjekk åleine, til ein stad eg aldri har vore før, over ein times biltur kvar veg, med fergetur midt inni der. Dette er fantastisk, tenkte eg då :) Og det er slike tankar vi skal ta med oss vidare.


Bak denne kløfta til venstre, ligg Bladet. Eg håpte å få tatt eit bilde,
men det er ikkje synleg frå dalen.

Takk for så mange fine ord i går kveld, nok ein gong. Let Carola synge vidare her inne,
er så glad i Blott en dag, nydeleg sang, og nydeleg tekst.


"Som din dag, så skall din kraft ock vara,"* detta löfte gav han mig.
[* 5 Mos 33, 25]

Dette må vere ein flott ting å ta med seg vidare, i ei ny uskreven veke.

God klem

Elin

 


søndag 26. september 2010

Knaggrekkje av gamalt trevirke :) Og eg gir henne bort!



Og ein del andre fine ting, som eg vil gje vekk til nokon av alle dokke kjekke lesarane mine :) For å bli med på trekninga, er det berre å leggje igjen ein kommentar under her. Enkelt og greit.

1.premie : knaggrekkje og eit trykk med madonnabilde

2.premie : lerret med tulipantrykk og seks gamle sandkakeformer

3.premie : stoffhjerte med bilde og tekst

4.premie : duftpose med lavendel





Madonnabilde, lerret og hjerte er gitt av Anne, Emmas Verden :) Anne har laga det nydelege hjertet!


Eg trekkjer ein vinnar 04.10.10, akkurat eitt år etter at eg fekk meg teljar her på bloggen :)

Ynskjer alle gode ei fantastisk veke,
ha tru på deg sjølv!


Klem
Elin

Ein smak av himmelen...



Eg vil ta dokke med inn i hjertet av Sunnmørsalpane i kveld. Ein tur til Molladalen, ein dag som eg kjem til å huske for alltid. Det var denne helga eg skulle prøve å bestige Bladet, men slik som eg har hatt det siste fire vekene, var ikkje det aktuelt. Men eg er fornøgd, meir enn eg kan forklare! :) For etter alt som har skjedd, trudde eg aldri at eg skulle klare dette heller!


Å få vandre i ein tunnell av gull...


Med sylvrender i den glitrande sola...


Så åpner landskapet seg...


Dei kvasse tindane tek pusten frå meg!


Blikkstille vatn, ikkje ein lyd å høyre. Berre ro og fred...


Eg legg ut GiveAwayen min seinare i kveld :)


Klem
Elin

lørdag 25. september 2010

Interiørbilder frå året som gjekk



Tusen takk for uendeleg mange flotte kommentarar i går! For ei oppleving å kome heim seint i går kveld, å få lese så mykje godt om bloggen min! Eg er rørt til tårer! I dag skal eg skrive minimalt :) 
I dag vil eg berre mimre, og eg veit ikkje om det er interessant i det heile tatt?
Men her kjem eit ras av bilder, kronologisk!
























Og slik kunne eg ha fortsatt i dagevis :) Alle bilda her, er henta frå blogginnlegg som finns på dei to bloggane mine. Eg er desverre ikkje flink å merke innlegga, slik at dei kjem opp på hurtiglinkane til venstre.

Eg har trekt ein vinnar blant kommentarane i går kveld, og det er ei stor glede å kunne gi vekk dette vakre trykket, og seks gamle sandkakeformer til LykkeLise! :)
Trykket er frå Anne, Emmas Verden :) 


Ha ein vakker laurdag!

Klem
Elin





fredag 24. september 2010

Draumar gjennom eitt år...



JUNI 2009

Status: Ei litt skakk-køyrd og sliten Elin les bloggar. Har vore sjukmeld sidan 01.01.08. Elskar denne nye verda eg fann for nokre månedar sidan. Det er så godt å få inspirasjon frå andre, og eg NYT å koble av med interiørbloggar. Eg trykkjer meg ein dag inn på Blogger, og finn ut litt om det å starte ein blogg. Skal eg prøve meg? Det er jo ikkje så vanskeleg? Eg oppretter ein konto, og eg veit med ein gong kva bloggen skal handle om. Draumar. Elin sine Draumesider. Eg skriv litt om meg sjølv, om fjellturar, om livet. Om det å vere sjuk. Men eg får aldri noko system på ting. Forstår ikkje korleis eg skal setje inn bilder... Sommaren går. Eg får meg speilreflekskamera i ti års bryllupspresang, som eg etter kvart får til å bruke. Ein av yndlingsbloggane mine er Husfruas Memoarer. Og Hulda har ein slik fin lampe på eit innlegg ein dag... Eg sender ein mail til Hulda, og spør om eg kan få vite kvar ho har kjøpt lampen. Hulda er kjempehyggjeleg, og eg blir så forundra... Har ho verkeleg tid til å svare lille meg? Sjølvtilliten stig nokre hakk. Kanskje eg skal byrje å vise verda kva eg bloggar om? Viss der er fleire som Hulda der ute?

I september bestemmer eg meg for å starte på nytt. Skal publisere... Eg snakkar med NAV, for eg tenkjer at dette kan vere ei slags aktiv sjukmelding, sidan eg ikkje har nokon arbeidsgjevar å forhalde meg til? Og eg bestemmer meg for å blogge dagleg, slik at eg får dreisen på dette. Første innlegget blir posta 24.09.10. Og no er temaet interiør. Men eg er livredd for å dumme meg ut! Tenk viss kjentfolk finn ut om bloggen? Det skal vise seg å vere eit lite problem. Eit mykje større, er at eg forstår jo ingen ting av det tekniske? Held på å bli galen av HTML kodar, og er kjempeoppteken av lay out og duppedittar
(les: gadgets) Bilderedigering er eit ukjent fenomen, og eg blir heilt sveitt av alle dei vakre bloggane rundt omkring. Første tida har eg nesten ikkje lesarar. Eg skriv mengder av slike sjølv... Min første kommentar kjem frå Elin lenger aust, med bloggen Elins drømmer. Deretter Hulda, og kjære Anne med bloggen Emmas Verden. Ei veldig kjekk jente, Karin, dukkar også opp. Karin har vore ein fantastisk støttespelar sidan. Alltid positiv, med så vakre helsingar til meg! Alltid! Også ei lokal dame smiler til meg ofte med fine ord, nemleg Idun som lager ein heim.

Teljaren min kjem på plass 04.10.09. Den tel ikkje unike treff før ein gong i januar, men den har aldri tellt mi IP adresse. Tenkjer denne perioden utgjer ca.5000 for mange treff.  Det skjer noko med bloggen fram mot jul, plutseleg er der mange lesarar, og verda åpnar seg. Nye bekjentskap frå utlandet også. Sterkast inntrykk gjer Gùa, med bloggen Hvitur Lakkris, og Mia med vakre Lilla Blanka.  Andre landskvinner som er innom med flotte ord var  Kerstin med bloggen Mitt hvite hus, Magny med den vesle krinkelkroken sin, og vår alles kjære Kari, med My home is my Castle og Marianne med bloggen Hverdagslykke. Det betyr enormt! ENORMT! For innimellom vil eg berre gje opp. Føler at dette ikkje er mi greie, og at det er bedre å styre med fotograferinga mi, og ikkje publisere noko... To andre damer kom også inn i livet mitt før nyttår, Anette Willemine og Elin Anita. Og eg fekk oppdage at gode venskap kan byrje ved ein einskild bloggkommentar... :)

Nyåret gjev som sagt eit løft, og bloggen veks seg plutseleg større. I voldsomt tempo. Eg er så glad! Og føler kreativiteten i kroppen, etter ein kjempelang periode med tristheit og tugsinn. Så slår ting meg i bakken, og eg får det tøft igjen. I forvilelsen slettar eg bloggen. Og angrar med det same. Eg har jo jobba så hardt dagleg med dette? Eg bestemmer meg for å starte opp igjen med blanke ark. Men følgjarane mine "forsvinn". 150 stk. ligg igjen på den gamle bloggen. Men eg ser fort at folk finn meg likevel, og mange er snille og legg seg til igjen på den nye bloggen. Veit ikkje kvifor dette betydde så mykje for meg, kanskje det var å få sjå fjesa på sidelinja slik som før? Det går S-E-I-N-T framover. Men etter kvart blir det meir fart i blogginga igjen. Det gjev glede. Og eg er kjempestolt over å ha overlevd nok ein nedtur, med smilet i behald. Eg drøymer nok ein gong... Det går mot sommar, og eg bestemmer meg for å ta
bloggeferie nokre veker. Det gjer veldig godt!

Hausten er her no, og eg har mot min vilje blogga på ein heilt ny måte. Uten så mykje tovegskommunikasjon. Rett og slett for at eg ikkje klarer det. Men kva skjer då? Jau; dokke fantastiske medbloggarar legg att så mange fine ord og helsingar, at eg blir løfta framover av berre godheit! (no renn det nokre tårer her eg sitt...) Det er ein ubeskriveleg følelse, når ein er sliten og lei, og kroppen kranglar. Å få slike heiarop langsmed sida, som igjen gjer at eg finn krefter til å blogge vidare.

Tusen-tusen TAKK!

Det har vore eit fantastisk bloggeår! Eg hadde aldri ville vore det forutan!
No må eg innrømme at eg vurderer å slutte å blogge, for å bruke kreftene på andre ting. Eg har ikkje bestemt meg enno, men lov meg at det blir ein fin ting det også, viss eg finn ut at det er lurt? Eg fekk spørsmål her ein dag om eg er den personen i det daglege, som eg er her inne på bloggen. Ja, det trur eg? Men eg er kanskje mindre personleg enn mange trur? Eg har ei VELDIG klar grense for kva som er bloggbart og ikkje. Sånn er vi vel alle? Eg har lært så utruleg mykje av denne reisa, og eg er så glad for at eg fekk lære det på ein så kjekk måte!

Den gamle bloggen min ligg på eit bilde til venstre i margen her, det er berre å trykkje på bildet, viss du vil besøkje gamle Draumesidene.

Eg har sjekka kor mange følgjarar eg har til saman, har vore så nysgjerrig på det :)

249 har registrert seg som følgjarar, eg har alle alfabetisert og kartlagt frå begge bloggane :)))

Eg har til saman laga og posta 504 innlegg i løpet av dette første året.

Og kor mange bilder eg har tatt? Fleire tusen...

Og viss eg skulle velge meg ut eitt bilde som representerer Draumesidene frå året som har gått?




Gode minner frå dagane før jul 2009. Lillemor som engel over Geirangerfjorden.
Og sola som vart om til ei Betlehemsstjerne, og viss du legg godviljen til, former skya ved sidan av ordet LOVE... Så vakkert, så roleg, så uendeleg godt å kvile augene på. Slik som eg vil at Draumesidene skal vere. Interiøbilder frå året som har gått, kjem i morgen!


TUSEN TAKK for at dokke er der ute, og for at dokke les Draumesidene mine. EXTRA takk til alle dokke som skriv kommentarar, spesielt etter at eg måtte kapitulere...

Eg vil gjerne høyre historier frå dansande medbloggarar før i dag? Kjem til å trekkje ut EIN premie i morgen av kommentarane som blir lagt igjen her i kveld! Har fått nokre flotte ting frå Verdens Beste Anne, frå butikken hennar Emmas Verden! TUUUSEN TAKK!!! Og eg storgleder meg til å gi dei vekk til dokke! Eg kjem også til å gi vekk ei knaggrekkje i gamalt trevirke, E.PDesign, homemade. Og nokre ting til trur eg... ;)


INGEN FEIRING UTEN EIN SKIKKELEG
GIVE AWAY SJØLVSAGT!

FØLG MED PÅ SØNDAG! 


GODE KLEMMAR TIL GODE MEDBLOGGARAR!


NB! Eg er borte i kveld, lillemor har endeleg bursdagsparty med klasseveninnene på den
gamle skulen i bygda,så eg dansar nok disco heile kvelden. Har varma opp før i dag ;)
Håpar dokke også dansar litt til!


 TUSEN TAKK TIL ALLE SOM DANSA SAMAN MED MEG FØR I DAG! RØRANDE!




ELIN the dancing queen ;)