...

mandag 18. juli 2011

Mitt kjøkken, og inspirasjon frå Elle Decoration


Det er sommar. Ingen tvil. Skulle helst vore på ei kvit badestrand, liggjande rett ut og lytta til glad latter frå badande barn og måseskrik. I staden for har eg fått trøbbel med magen min, og drikk cola og kokt vatn. C`est la vie... Men på den positive sida fekk eg masse innetid i dag, og har fått tatt nokre bilder eg gjerne vil dele. Kjøpte bladet Elle Decoration når eg var i Trondheim. Enkelte slike magasin treff meg midt i hjertet; slik var det med dette. Eg låg på tribunene på Pirbadet og las det fire gongar faktisk, på rappen. Vel, såg mest på bilda skal eg vere ærleg. Trur det var slik full klaff fordi mange av reportasjene hadde element frå ting eg berre ELSKAR om dagen. Eg er eit foranderleg menneske, og kunne aldri ha halde på berre ein stil over lengre tid. Litt rastlaus i alt eg gjer. Vil gjerne forandre på ting. Og no som det er sommar, har eg lyst å a beach-housekjensle i den trauste utkantbygda eg bur i. Ha ferie i eige hus, med andre uttrykk enn det vinteren kan by på. Med enkle, og rimelege grep sjølvsagt. Og med god mat (sjølv om ingenting frister akkurat i dag), og besøk av gode vener. Då blir eg glad innvendig. Og DET er ei kjensle du skal ta vare på, viss du kjenner den...








Håper du også vart inspirert? Det
betyr så mykje når dokke sender meg koselege
tilbakemeldingar! Det er ei stor glede å få så mange
 fine mailar, dei held blogginga mi i gang!
Tusen takk!

Elin
 

lørdag 16. juli 2011

Stars and stripes overdose...



Etter at eg var på besøk hos Gunn i det vesle, raude huset, link også HER, må eg innrømme at eg har hatt putedilla. Ho hadde så enormt mange herlege puter, pledd og andre tekstilar. Eg er ikkje så flink å handle ting til meg sjølv, og sidan eg fekk ein del gåvekort og pengar i bursdagspresang, fall beslutninga om å kjøpe i alle fall nye puter til huset. For det var jo nødvendig... ;) He-he! Men eg blir så blid og glad av litt nytt utseende i sofa og stolar. Så får berre andre konstatere at eg er riv ruskande gal når det gjeld investeringar...






And so on... Men mor er glad, og då er alle glade! :) Ser at mange les Draumesidene, sjølv om det er ferie. Eg lagar dette innlegget medan brownien er i ovnen, og no skal vi rett i hagestova å grille pølser på peisen. Eg tek meg rett og slett ikkje tid til så mykje meir enn dette på pc`en i dag. Veit at dei fleste har det slik, så difor tek eg bort kommentarfeltet under her, for det er HEILT ok å lese bloggen min uten å kommentere!!!

Minner om at eg GJERNE vil kome i kontakt med folk på Sunnmøre/i Romsdalen som har lyst å stille opp i interiørreportasje i Sunnmørsposten. Held på med ein serie om sommarhus/ferieboliger. Det er IKKJE skummelt å få meg på besøk i det heile tatt! Eg lovar! Du har full kontroll på kva eg tek bilder av, og du får reportasje og bilder til gjennomlesing før trykking. Send meg ein mail då vel! :)



God klem,
Elin



torsdag 14. juli 2011

Sommaren er på plass - også på kjøkkenbenken :)




ENDELEG kom sola og den blåe himmelen til oss! Kan ikkje beskrive kor herleg eg synes det er! Mannen oljer terrasse, eg bakar gulrotkake, og i bakgrunnen syng ein favoritt; Bernhoft. Ein draumekveld, som vi gjerne vil ha fleire av! I morgen får vi besøk av familie og gode vener, eg gleder meg veldig. Oi, dette vart visst eit slikt innlegg som mange får gåsehud av; vel! Dette er ståda, og eg føler for å smile offentleg! :)


Lemonade kjøpt på Herlighet, saman med kruspersille
i zinkboks. Friske urter er eit MUST!


Fann ein serie krydder på Traktøren i Trondheim.
Ikkje feil utsjånaden på boksane heller ;)


Peppermynte og tomatar bada i kveldssol...


Klarte ikkje å bestemme meg for kun ei flaske?


Eg er ingen tedrikkar, men har lest så mykje om kor god
Pukka-teen er! No skal den prøvast!


Kaka i ovnen er ferdig, berre glasuren som skal på.
Ikkje ofte eg bakar, men elskar lukta av fersk gulrotkake! Det beste av alt er at eg kan kose meg med solnedgangen om ein halv time...

Klem,
Elin


onsdag 13. juli 2011

Verdens heldigaste jente?




Eg er ikkje flink til å melde meg på konkurransar og GiveAways. Ikkje tippar eg Lotto, Extra eller deltek i andre pengespel heller. Dette skal eg seriøst vurdere å forandre på... For etter nokre herlege dagar i Trondheims by, men dertil herlege besøk på MANGE fine butikkar, kom eg heim i kveld. Måtte innom blogg og mail, og finn ut at eg har vunne nydelege glas frå ByNord hos Cornelias hus! Eg var vel innom tre gongar i løpet av tre dagar, men ante ikkje at eg hadde ein premie som låg der og venta på meg? Det viser seg at eg bør vere online i større grad ute på tur! Der er ny konkurranse på gang denne veka også, så skynd deg innom og meld deg på i trekning! Herleg strandveske frå TineK som er premie no. Det låg også mail frå ZanZ i mailboxen min, for der vann eg jo tolix krakk for nokre veker sidan. Eg må betale tre hundre i porto for å få den tilsendt, men det er det vel verdt? Litt skår i gleda må eg likevel innrømme at det er.




Så no må eg kanskje innom tippedisken på buda i morgon?
Kven veit, kanskje er eg meir heldig i løpet av sommaren? :)

Eg har handla i Trondheim, litt av kvart.
Blir nokre blogginnlegg av slikt ;)


Men så lenge; NYT SOMMAREN!

Elin


 

lørdag 9. juli 2011

Interiørreportasje del II, inne i det vesle, raude sommarhuset



Så var det på tide å ta turen inn i draumehuset!
Skal ikkje skrive så mykje i dag, bilda taler for seg sjølv.
Håper dokke får skikkeleg sommarstemning!
Det fekk nemleg eg etter å ha vore der!
SUKK!













Tusen takk til vakre Gunn, som er så superdyktig på interiør! Også takk til Finn! Eg sluttar aldri å forundre meg over kor mange kjekke folk som finns der ute! Takk for gjestfriheit og entusiasme når eg kjem på besøk! Forresten; eg er i gang med ein serie reportasjer for Sunnmørsposten. Temaet er sommarboliger, hus, hytter, eller kanskje eit naust? Ta kontakt på draumetausa@gmail.com viss du har lyst på besøk av meg. Greit viss du ikkje bor alt for langt frå Ålesund!


Ynskjer alle ein alldeles
herleg laurdagskveld!

Elin


fredag 8. juli 2011

Bilder frå ei ny interiørreportasje, og tusen takk :)



Hei alle der ute! Tusen takk for alle fine helsingar i går! Eg registrerar at det etter kvart er MANGE herlege bekjentskap eg har fått via bloggen. Får nesten panikk av å tenkje på at eg ikkje hadde kjent dokke viss eg ikkje hadde byrja å blogge? For kven skulle smilt til meg via nettet då? :) I dag er her litt dagen derpå stemning, og eg lovprisar oppfinnelsen av oppvaskmaskina, og flyttar på kakerestar. Har eit håp om at neste pulje som trer inn i huset også et opp alt som står igjen. Eg hadde ein flott dag i går. Den byrja allereie klokka tolv om natta, med fjelltur til ein liten snøbre. Der fekk eg nyte solnedagangen mot midnatt, og ta bilder, akkurat slik som eg hadde håpa på. I går gjekk dagen med til besøk, koselege telefonar, og stadige små besøk innom Draumesidene og FB, for å lese alle fine helsingar. Heilt utruleg, som sagt. Sidan eg ikkje er så god på å ynskje meg ting, fekk eg pengar og gåvekort i presang. Eg GLEDER meg slik til å reise på handletur!!! Tipper på at eg då både har eit visst nytt objektiv i posane, og også ein lampe når eg køyrer heim. Og ein ny ryggsekk. Alt står på ynskjelista som eg faktisk klarte å komponere i forgårs, litt for seint til at folk kunne benytte seg av henne.

I dag har eg lyst til å gje ein visuell presang til alle dokke der ute. Eg vil dele bilder frå den flotte eigendommen eg fekk lov å fotografere for nokre veker sidan. Gunn og Finn bor i Ålesund, og det vesle, vakre huset ved vatnet er deira sommerbolig. Dei bur ellers i eit hus ca. 15 min.unna. Første del av serien er frå uteområdet deira, ein draum i seg sjølv...


 Nede ved vannkanten finn du fleire herlege sitjegrupper, med skjønne puter, pledd og skinn...

Eventyret om Snehvit, passar perfekt inn i hagen...

Var vel her eg verkeleg bestemte meg for å kjøpe Adirondack stolar.
 Herleg avslappa stemning inntil naustveggen...


Daybed for ein drøymar...


Lysthuset er perfekt til avslapping også på dagar med dårleg vèr.
 Bak er det planlagt utedusj, med vegg i naturstein.


Nok ein herleg avslapningsplass under eit stort tre.
Gunn er fantastisk flink til å tilføre fargar, både
inne og ute.

Det perfekte sommarhuset? Etter mi meining; ja :)
 I neste innlegg får du bli med inn! Gled deg!


Ha ei skjønn helg!

Klem
Elin

onsdag 6. juli 2011

Stova er full av roser, og eg skal feire 40 :)



Tenk at det er 40 år sidan eg vart fødd, i morgen...
Nesten til å bli nostalgisk av... Men ikkje så lenge :) Det er no kjekt å få
lov til å tre inn i dei vaksne sine rekker, eller? Veit ikkje om eg skal klippe håret kort, eller prøve på å oppføre meg mindre barnsleg? Trur neimen ikkje at eg kjem til å gjere nokon av delane...

Fekk litt sjokk når eg såg det svart på kvitt i lokalavisa i dag. Visste at eg skulle ha bursdag, men litt rart å lese om det. Eg veit jo at eg er den same når eg vaknar i morgen tidleg. Men eg innrømmer det gjerne; kjenner at det var OK å ha 3 som første tal i antal leveår. Litt spent på å skifte til eit hakk høgare...



Her er tre store vasar fulle av kvite og rosa roser. Utruleg vakkert!!! Det er ein veldig god grunn til å feire bursdag; å få roser :) Eg pakkar sekken etterpå, og setter kursen mot ein fjelltopp. Har nemleg tenkt å gå inn i mitt nye tiår høgt oppe mot himmelen. Med utsyn til havet og kunne nyte det og alt anna vakkert Sunnmøre har å by på.

DET er nemleg litt av ein presang det!





To be continued!




tirsdag 5. juli 2011

Lockers til mor, ikkje for far?




Ikkje alltid mannen i huset ser vitsen i prosjekta mine. I dag har vi dratt inn meir gamalt skrot i huset, ifølgje ein del personar... Nesten som om eg let meg overbevise??? Hm... Eg som har venta slik på dette skapet. Herleg slete, nedpussa og klart for makeover. Eg synes det er fint. Men er visst ganske åleine om det også. Så spørs det kor lenge det får bli her - på nåde. Får av og til spørsmål om kva mannen min synes om desse ville idèane mine. For å gje eit svar; han er ikkje over the top fornøgd akkurat. Han er minimalist, med null følelsar for "skrotet mitt". Men han forstår at dette er viktig for meg, så han lar meg styre vekk. Stort sett. Men i kveld synes eg det fortvila blikket hans var litt for intenst? ;) Det er vel slik andre stadar enn her? Eller? Er mannen din begeistra over dine ville interiøridèar?






Sommarkveld i huset vårt er det i alle fall. Sola fløymer inn i kjøkkenet, og herleg musikk
leikar i bakgrunnen. Eg vil ut att i godstolen og nyte kvart eit
minutt som er att av herlegheita.


See U!
Elin


mandag 4. juli 2011

Adirondack LOVE



Den som trur vi har sommar og sol her på Sunnmøre, tek nok feil... Men når eg fann Adirondackstolar på halv pris hos Herlighet, kunne eg ikkje dy meg. Eg MÅTTE berre ordne til på terrassen :) Og jammen kom sola medan eg tok bilder. Kanskje det var dette som skulle til for å få henne til å skine?



Sommar på terrassen for meg, er gode puter og pledd, oliventre, lavendel og
godt lesestoff! Og gjerne noko kaldt og herleg å drikke.


Drivved er gratis og dekorativt, og eg har små stilleben av det både inne og ute.


Dei grå putene til å sitje på, er kjøpt hos Herlighet i Ålesund. Dei to med stor stjerne er kjøpt hos HL Muri i Valldal, og dei to med små stjerner er kjøpt hos Emmas Verden i Langevåg.


Glimt av blå himmel... Lengtar SLIK etter varme, herlege dagar...


Geiteskinn på stolen gir eit koseleg og lunt preg på kjølege dagar. Ikkje
kun for vinterbruk etter mi meining!


Lykter og tøft skilt frå Emmas Verden. Skal få plass i hagestova,
når denne er ferdig oppussa :)




Kryss fingrane der ute! Vi har håp om lettare vèr i 2 dagar,
før det igjen skal regne dei neste 8...


Smil frå
Elin



søndag 3. juli 2011

Vinnarlukke i STOR stil!



Eg har vore rimeleg fortvila over dette bittet eg fekk i foten, og deppa over alle dei 90 tabelettane eg skulle konsumere på 12 dagar... Men tenk i går, var eg innom her, og fann den finaste helsinga frå ZanZ :) Eg hadde vunne ein Tolixkrakk på bloggen deira! Eg JUBLA så høgt, at dei andre i huset kom stormande, og trudde at noko var gale. Dette fekk meg til å gløyme lilla lår, uggen mage og lite søvn.




Eg har også klart å gjennomføre ei kjempekjekk helg, med innsats som fotballmamma, 
og hatt ein herleg fest saman med gode vener i går kveld. Føler at energien er på veg tilbake igjen.
Og Tusen Takk for alle god bedring-helsingar! Dei hjalp!


Ha ei flott veke alle saman!


Klem
Elin