...

søndag 3. juli 2011

Vinnarlukke i STOR stil!



Eg har vore rimeleg fortvila over dette bittet eg fekk i foten, og deppa over alle dei 90 tabelettane eg skulle konsumere på 12 dagar... Men tenk i går, var eg innom her, og fann den finaste helsinga frå ZanZ :) Eg hadde vunne ein Tolixkrakk på bloggen deira! Eg JUBLA så høgt, at dei andre i huset kom stormande, og trudde at noko var gale. Dette fekk meg til å gløyme lilla lår, uggen mage og lite søvn.




Eg har også klart å gjennomføre ei kjempekjekk helg, med innsats som fotballmamma, 
og hatt ein herleg fest saman med gode vener i går kveld. Føler at energien er på veg tilbake igjen.
Og Tusen Takk for alle god bedring-helsingar! Dei hjalp!


Ha ei flott veke alle saman!


Klem
Elin



9 kommentarer:

  1. WOW! DET var premien sin, det!
    Grattis :)

    Og framleis god betring - godt at du kjenner du er på veg tilbake.

    SvarSlett
  2. Forstår godt at du vart jublande glad!!! Gratulerer med DEN flotte premien:)Passar perfekt hos deg;)
    So bra at du gløymte all smerte for ei stund!
    Fortsatt god bedringog kos deg med ny Tolix♥
    Klem Mette.

    SvarSlett
  3. Vel fortjent vinnerlykke :))

    SvarSlett
  4. Grattis så masse...så gøy Elin og vel fortjent:)
    klemklem på deg

    SvarSlett
  5. Gratulerer med vinnarlykke! Har stor medfølese for det med flåttbitt, det er det eklaste krypet eg veit. Håpar at medisinkurer tek knekken på styggedomen!

    SvarSlett
  6. JØSS grattis, kor heldig!!! Syns du fortjente det:)
    Vært på IKEA og kjøpt kjøkken, ka du syns (sjå innlegg)? Og flisene, er dei fine syns du???

    Berre ei veke att no så reise vi med vogna sørover, på jakt etter sommar...

    Klem!

    SvarSlett
  7. sÅ FLOTT at du er betre..
    og så KJEKT at du vann..

    Eg er blitt SÅ forkjøla... Men det går vel over..sa reven som vart flådd ;-)

    SvarSlett
  8. Gratulere med Tolix stol!!
    Så heldig du e!
    Og virkelig god bedring. Flått bitt høres ikke no særlig ut og e min største skrekk. Mvh Å

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!