...

Viser innlegg med etiketten sommarstemning i huset. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sommarstemning i huset. Vis alle innlegg

onsdag 20. juli 2011

Sommarturnèen i huset forstsetter :) I dag : badet med ein touch av beach...


No er eg jammen i gang igjen med blogging kvar dag ;) Kven skulle tru det? Passar bra, for eg ryddar rom for rom, og då er det litt drivkraft i det å skulle lage eit innlegg etterpå. Anbefalast på det sterkaste! I dag har turen kome til badet i første etasje. Ferdig nedvaska, og med litt anna innhald enn i dag tidleg... Borna reiste ned til sjøen for å finne skattar til meg. Kjekt for dei, og så herleg for meg! Det var fort gjort å lage ei uro av drivved, glasbrot og skjell. Ein fin måte å understreke sommarstemninga på badet. Ei drivvedsgrein har funksjon som handklehaldar. Og så er tolixen på plass! Tusen takk til ZanZ for flott premie! Skammelen blir verande her på badet!













Nevner IKKJE vèret meir. Kanskje sola kjem,
viss eg sluttar å mase...
Ha det underbart alle der ute!

Elin

tirsdag 19. juli 2011

Sommarstemning på jenterommet


Etter innlegget i går, vart eg inspirert til å lage nokre blogginnlegg med sommarstemning frå heile huset. Einaste som plagar meg, er at bilda mine minner om andre bloggar, som har slike lyse bilder som si merkevare. Dette beklagar eg, det er ikkje meininga å framstå som ein blåkopi. Men eg leikar meg stadig med kameraet, og er så glad når eg plutseleg klarer å kontrollere ulike stemningar i bilda som eg tek. Eg er også glad at eg kan dele eit tips med andre, som har døtre som er over snittet interessert i interiør og blogging. Our place 10.30 :  -Lillemor, i dag skal eg blogge om rommet ditt! Eg høyrer ei romestering på loftet. Når eg kjem opp stikk det eit rotete hovud opp av ei dyne, i ein stol, midt i rommet. -blogge her mamma??? Men no vaknar ho til live, og det blir både rydda og støvsuga i løpet av kort tid. -eg vil ha med neglelakkane mine, dei er så fine fargar på! Og så dei rosa øyreperlene! Og vips, så har mor eit flott rom å blogge om :) Så spørs det om lillemora er fornøgd med resultatet?










Så kjekt at fleire oppdaga bloggen min i går! Skal stikke innom ALLE som legg att kommentar denne veka. Det er i alle fall målet. Og veldig kjekt for meg også, å få oppdage nye bloggar! No skal vi avgårde å kjøpe gjestesengar. Det er nemleg saker på gang på loftet, på eit rom eg aldri har blogga om. Men kanskje blir det eit sommarleg innlegg frå gjestesuiten også ;)


Nyt dagen, uansett om du er
på ferie eller jobbar!

Elin


mandag 18. juli 2011

Mitt kjøkken, og inspirasjon frå Elle Decoration


Det er sommar. Ingen tvil. Skulle helst vore på ei kvit badestrand, liggjande rett ut og lytta til glad latter frå badande barn og måseskrik. I staden for har eg fått trøbbel med magen min, og drikk cola og kokt vatn. C`est la vie... Men på den positive sida fekk eg masse innetid i dag, og har fått tatt nokre bilder eg gjerne vil dele. Kjøpte bladet Elle Decoration når eg var i Trondheim. Enkelte slike magasin treff meg midt i hjertet; slik var det med dette. Eg låg på tribunene på Pirbadet og las det fire gongar faktisk, på rappen. Vel, såg mest på bilda skal eg vere ærleg. Trur det var slik full klaff fordi mange av reportasjene hadde element frå ting eg berre ELSKAR om dagen. Eg er eit foranderleg menneske, og kunne aldri ha halde på berre ein stil over lengre tid. Litt rastlaus i alt eg gjer. Vil gjerne forandre på ting. Og no som det er sommar, har eg lyst å a beach-housekjensle i den trauste utkantbygda eg bur i. Ha ferie i eige hus, med andre uttrykk enn det vinteren kan by på. Med enkle, og rimelege grep sjølvsagt. Og med god mat (sjølv om ingenting frister akkurat i dag), og besøk av gode vener. Då blir eg glad innvendig. Og DET er ei kjensle du skal ta vare på, viss du kjenner den...








Håper du også vart inspirert? Det
betyr så mykje når dokke sender meg koselege
tilbakemeldingar! Det er ei stor glede å få så mange
 fine mailar, dei held blogginga mi i gang!
Tusen takk!

Elin