Det er sommar. Ingen tvil. Skulle helst vore på ei kvit badestrand, liggjande rett ut og lytta til glad latter frå badande barn og måseskrik. I staden for har eg fått trøbbel med magen min, og drikk cola og kokt vatn. C`est la vie... Men på den positive sida fekk eg masse innetid i dag, og har fått tatt nokre bilder eg gjerne vil dele. Kjøpte bladet Elle Decoration når eg var i Trondheim. Enkelte slike magasin treff meg midt i hjertet; slik var det med dette. Eg låg på tribunene på Pirbadet og las det fire gongar faktisk, på rappen. Vel, såg mest på bilda skal eg vere ærleg. Trur det var slik full klaff fordi mange av reportasjene hadde element frå ting eg berre ELSKAR om dagen. Eg er eit foranderleg menneske, og kunne aldri ha halde på berre ein stil over lengre tid. Litt rastlaus i alt eg gjer. Vil gjerne forandre på ting. Og no som det er sommar, har eg lyst å a beach-housekjensle i den trauste utkantbygda eg bur i. Ha ferie i eige hus, med andre uttrykk enn det vinteren kan by på. Med enkle, og rimelege grep sjølvsagt. Og med god mat (sjølv om ingenting frister akkurat i dag), og besøk av gode vener. Då blir eg glad innvendig. Og DET er ei kjensle du skal ta vare på, viss du kjenner den...
Håper du også vart inspirert? Det
betyr så mykje når dokke sender meg koselege
tilbakemeldingar! Det er ei stor glede å få så mange
fine mailar, dei held blogginga mi i gang!
Tusen takk!
Elin






