Eg har alltid stått BAK kamera. Kan faktisk ikkje fordra å sjå meg sjølv på bilder. Kanskje litt paradoksalt, sidan eg overtaler alle andre om å vere naturlege og slappe av når eg tek bilder. Ein må nok øve seg på dette, som alt anna. Dei færraste er nok naturtalent innen sjangeren. Når Anna og Carina var her for ein månad sidan, gav eg klar beskjed om at eg ikkje tenkte å stå på kjøkkenet i eitt eller anna lekkert design og smile. Eg var glad for å vere oppe på to bein, og at dagen var ein av dei bedre i haust. Eg kunne leggje meg ned innimellom, og damene som var her fekk meg til å slappe av.
Dei pressa ikkje på. Luringane. Men så kom dei med eit forslag. Eg kunne få stå på terrassen, på litt avstand, og nyte fjorden min. Slikt kan ein ikkje takke nei til. Og eg forstår at menneske i bilda gjer huset meir til ein heim. Så i kveld når eg fekk bladet, var eg kanskje mest spent på korleis dette bildet såg ut på trykk? Eg er roleg, det er greit. Det er eg. Elin. Og fjorden og fjella mine.
Bildet lånt frå reportasje i Vakre Hjem&Interiør nr.7 2012
I morgen kjem bladet i butikken. Ti og ei halv (!) side frå huset vårt.
Litt skummelt. Eg veit ikkje korleis folk rundt her vil oppfatte dette. Eg håper at det går bra. At det blir fleire smil, enn rare grimaser å sjå. Opplevinga så langt har vore kun positiv! Tusen takk til
Anna Truelsen og
Carina Olander for at dei kom den lange vegen frå Sverige for å lage reportasje heime hos oss i huset i den bratte bakken ved fjorden!
Elin
Forresten; det er solgt ei til reportasje til eit anna norsk blad ;)