...

Viser innlegg med etiketten NIB utfordringar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten NIB utfordringar. Vis alle innlegg

fredag 9. januar 2015

NIB-utfordring januar LYSSETTING










Slik vart mitt bidrag til NIB-s januarutfordring LYSSETTING.
Eg brenn enormt med levande lys for tida. Det er akkurat som om eg får livsglede og energi i mørketida av det. Ellers har vi både lysskinner i taket, og lampar av ulike slag. Eg likar at ein kan variere styrken på lyset, alt ettersom kor mykje ein treng av det. Dimmerar er difor eit must her i huset! I dag har vi i tillegg hatt besøk av sola nokre timar; beste lyset av alle! 


For fleire bidrag i utfordringa, klikk deg inn HER for å sjå!




Elin







fredag 29. november 2013

F I R S T P R I C E !

 
 
  
 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
Det nederste bildet vann i går novemberutfordinga hos NIB
"Vinterstemning"
 
Eg er no den heldige eigaren av eit gåvekort frå Verket Interiør på 3000 kr
 
Eg vinn aldri noko som helst, så eg fekk nesten sjokk når eg fekk meldig om dette i går kveld. Eg må få takke ALLE som har vore innom og stemt på meg! Med alle dei andre flotte bidraga som kom til finalen, såg eg på det som heilt umogeleg å nå opp til toppen?
 
Vinterbordet mitt inneheld litt forskjelleg. Det meste er kjøpt hos Herlighet, ein interiørbutikk som ligg i Spjelkavik/Ålesund. Dei kvite tallerkenane og skålene er frå Ahlens.
 
Eg har hatt ei spennande veke. Det skjer veldig mykje rundt bloggen, uten at eg føler eg fortener det så veldig. Helsemessig slit eg no, desse mørkaste månedane fører alltid til meir smerter, som igjen fører til mindre energi. Eg klarer ikkje å få gjort alt som eg tenkjer eg har lyst til å gjere. Men eg ser mest på at det trass alt er framgang i situasjonen rundt helsa mi, litt etter litt. Eg må smøre meg med tolmod -igjen. Eg håper at tilboda frå menneske der ute også er der, når eg forhåpentlegvis blir enno friskare og klarer å jobbe meir!
 
På søndag skal Draumesidene omtalast på ein tysk web-tv kanal. Skal leggje ut link seinare.
Som sagt; det kjem veldig mange henvendelsar av ulik art. Veldig kjekt og inspirerande!
 
 
Thank you all for voting!
My Picture got the first price!
 
 
Ynskjer alle ei vakker
og fin adventshelg!
 
 
Elin
 
 
 


mandag 25. november 2013

Finalist hos NIB

 
 
 
 
Med dette bildet kom eg med i finalen til NIB si desemberutfordring,
Vinterstemning.
 
Hadde vore kjempeglad for di stemme, viss du likar bildet!
 
Glad if you give me Your vote!
 
 
 
 
 
 
Der var mange fine bidrag, anbefaler verkeleg ein tur innom
NIB uansett! Noko for ein kvar smak, som vanleg!
 
 
 
Tusen takk, Thank you very much!
 
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 


torsdag 7. november 2013

V I N T E R S T E M N I N G | A T O U C H O F W I N T E R



 
 
 
Eg var på ein lang fjelltur i går, vaspa i snøv heilt opp mot knea. Det er klart at slikt gir inspirasjon? I dag har kjøkken og stove fått vinterpreg, puter har blitt skifta ut, fleire lysestakar og telyshaldarar er på vei fram frå dvalen. Eg tenkte eg skulle bli med på NIB si utfordring Vinterstemning med eit bilde. Eg har tatt mange, og eg veit ikkje om dette frå kjøkkenet fell i smak der ute, men det vart mitt valg i dag. Horn, kongler og levande lys. Vinterfriskt med kvite innslag, fjør og skinn. Natur.
Og med Draumesidene sin signatur...
 
 
 
Elin
 
 
 


søndag 14. april 2013

I NIB-finalen! :)

 
 
 
 
 
 
Eg er så heldig at bildet mitt frå hagestova er utplukka i Aprilfinalen til NIB!
Vårstemninga på hagestova er med på å gi meg godt humør, og det må juryen ha forstått! :)
 
TUSEN TAKK for finaleplass!
 
Viss du vil gi meg di stemme, trykk HER
 
Der er mange fine finalistar!
 
 
 
Elin
 
 
 


lørdag 6. april 2013

Hoppar i det!

 
 
 
 
 
 
 
For meg er dette å få klargjort hagestova for herlege opplevingar frå vår til
seint på hausten. Grunnen til at vi investerte tid og pengar i dette tilbygget, var akkurat å forlenge utesesongen kraftig. Vi ELSKAR å vere ute, og hagestova gir ei kjensle av dette. Med glasveggen mot fjord og fjell er vi liksom ute, sjølv om vi er inne. Eg kan sitje der og høyre på fin musikk og berre meditere... Og som sagt i går, er det populært å lage middag i peisen, ete kveldsmat der eller f.eks. steike vafler. Alt smakar bedre i hagestova ;)
 
 
 
Elin
 
 
 


torsdag 7. februar 2013

Tid for kontrastar






NIB si utfordring i februar.
Stilen min har alltid vore fyllt av kontrastar.
Likar røffe uttrykk, gjerne med svarte og kvite motsetningar.
Og innslag av treverk som mjukar opp. Bordet på bildet bygde eg for over tre
år sidan, og sette inn fjøla med bruntonar med viten og vilje for å skape liv og kontrast. 


Lyst til å sjå fleire bidrag?
Klikk deg inn til NIB!


Elin



onsdag 23. januar 2013

W h e n y o u a r e p o s i t i v e ...




Positive things happen!




Draumesidene er i NIB`s finale! JIPPI!
Men så var det desse stemmene eg må be om...
Du kan uansett gå inn HER og finne din 
favoritt! Maaange fine bidrag!


From within, with love!

Elin


fredag 7. desember 2012

Julestemning i heimen til ære for NIB

 
 

 




 

 
 
 

 

 

 

 
Lysposar med DIY-tekst og gåvepapir, Herlighet.
 
 
Ei lite aktiv bloggejente har røska seg ut av
vinterdvalen, for å lage eit innlegg til NIB si utfordring
Jul i vårt hus.
 
For her er jul i huset vårt?
Og viss eg held motoren i gang, kan det nok
bli enno meir jul i veka som kjem! Eg har tatt imot ei
utfordring om å vise meir av heimen!
 
Ikkje vanskeleg å kome i stemning i alle fall,
fjorden og fjella rundt oss er julepynta med frost og is.
Dei nydelege timane med sol frå strålande himmel, og herlege turar opp til fjellet gir
meg energi og overskot. Det blir stadig fleire av dei gode dagane. Og eg er så veldig takksam! Dei mest oppmerksame ser kanskje at det har blitt forandringar på stova? Når ein får eit gåvekort på 2.500 kroner frå Maxbo, er det liten tvil om kva eg ynskjer meg? Ja, den svarte veggen held ut nesten eitt år, men har no tatt ferie på ubestemt tid... Og eg ELSKAR min nye, kalkgrå vegg frå Jotun. Med den finaste matte finishen! Gorgeous! :) Og kontorplassen flytta på seg også, nesten av seg sjølv...
 
 
Ha ei vakker desemberhelg der ute!
Og stikk innom NIB for meir inspirasjon!
 
 
Elin
 
  


onsdag 21. november 2012

Andreplass hos NIB! :)

 
 
 







 
Dette er eit uplanlagd innlegg! Men når eg fann ut at bildet mitt frå hagestova hadde fått andreplass inne hos NIB; ja då måtte eg berre skrive og fortelje det! :) Eg er så utruleg takksam for alle som har stemt på bildet mitt, og glad for at juryen med gjestedommarane Anette Bonde Vesterby og Laila Falck plukka ut hagestova som kandidat i utfordringa KOS.
 
Eg har vunne eit gåvekort hos Maxbo Vækerø på 2.500kr!
Skal heilt sikkert finne noko å bruke det på!
 
Men no trur eg ikkje at eg bør vinne meir på ei stund.
Kjenner eg held på å bli ein smule innbilsk? ;)
Best å følgje jorda...
 
 
Tuuusen takk igjen!
 
 
Elin
 
 
 
 


lørdag 17. november 2012

Draumesidene i NIB-finale, utfordring : K O S

 
 
 
 
 
 
Bildet mitt frå hagestova er blant ti finalistar inne hos NIB!
Tusen takk til juryen! No treng eg stemmer! Så viss du likar bildet mitt, hadde eg blitt kjempeglad om du trykte HER, og gav di stemme! Eller kanskje likar du eitt av dei andre bilda bedre.
Det er fare for det ;) Mange fine bidrag!
Stikk innom NIB då vel! :)
 
 
Elin
 
 


lørdag 6. oktober 2012

Utfordring NIB - BAD

 


 

 
 

 

 
 


 

 
 
Her er mitt oktoberbidrag til NIB si utfordring BAD.
Trykk HER for å sjå fleire bidrag! :)
 
 
Og så litt laurdagsmusikk :)
 
Husk på GiveAwayen min lenger nede,
du finn han HER! 6 fiiine premiar!
 
 
 
 

søndag 16. september 2012

Galleriplass

 
 
 
 
 
 
Eg er slett ikkje flink å ta imot skryt, og eg har aldri (trur eg?) skrevet om når eg har fått bildet mitt på galleriplass hos NIB i ei utfordring. For eg har det nokre gongar. Fekk til og med bildet av soverommet vårt i finalen i fjor, og deretter bildet publisert hos Plaza Interiør :)
 
Men i kveld skal eg feire litt, skryte litt og smile.
 
For å sjå fleire flotte bidrag, stikk innom NIB!
 
 
Elin
 
 
 
 


lørdag 8. september 2012

Kjøkken

 
 
 


 
 
Ikkje så oppfinnsomt, men med 20 redigerte bilder, var det litt freistande å dele nokre til med lesarane mine. Tusen takk for alle fine kommentarar, dei kom akkurat på rett tidspunkt.
 
 
Elin
 
 


fredag 7. september 2012

Velkommen kjære NIB jenter! Fest på kjøkkenet :)

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Porselen, vannflasker, serviettar (DAY), vase, skål med gull, serviettringar 
og skjærefjøl frå Herlighet.
Bordbrikker og betonglysestakar frå Åhlens.
Svarte lysestakar frå Kremmerhuset.
 
Oppskrifter med meir info HER og HER
 
 
Så spørs det om NIB jentene vil kome?
Håper dei toler nokre mannerumper? Flaskene må
vere noko av det tøffaste eg veit om akkurat no?
Kosa meg uansett veldig med å lage dette innlegget!
Blir litt som kanskje kommer kongen; vi tek maten sjølv viss ikkje :)
 
Eg melde meg inn i NIB hausten 2009, og har vore med på mange utfordringar før. Eg har vel via desse innsett kor ulike vi bloggarar er; heldigvis!
 
For fleire flotte bidrag trykk HER :)
 
 
Minner om GiveAway,
trekning søndag av herleg sengetøy
frå Beach House Company.
Trykk HER viss du vil vere med!
 
 
God helg!
 
Elin