...

Viser innlegg med etiketten Lillebror sitt rom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lillebror sitt rom. Vis alle innlegg

torsdag 20. september 2012

Tøffe bilskilt til lillebror

 
 
 
 


 
Ein stolt lillebror har fått ekte bilskilt på veggen! Vi kjøpte dei hos Irina, og det vart jubel hos minstemann! Han har fått seg nytt nattbord og lampe også, kassa fann eg i naustet til mamma. Lampen er frå Ellos. Putetrekket kjøpte pappaen i Stockholm for eit par veker sidan. Den andre puta til lillebror, med alfabetet på, kjøpte eg på Kremmerhuset for lenge sidan. Viser på forrige innlegg om rommet hans. Fekk nokre spørsmål om dette.
 
Irina hadde igjen eit skilt då vi kjøpte desse?
Kanskje ho har det enno? Ho har i alle fall VELDIG
mykje anna fint i butikken sin
 
Trykk på linken under for eit besøk!
 
 
Elin
 


mandag 10. september 2012

Lillebror sitt rom, og litt om korleis ta gode bilder

 
 
 
 

 
Bilder frå lillebror sitt rom. In progress. Rydda og klart for litt nytt innhald. Men enkelte ting skal få vere som før; f.eks. Herr Kanin... Det er store greier å byrje i andre klasse. Ikkje lenger vere minst på skulen, og kanskje ha eit behov for å markere dette. No har det seg slik at mammaen IKKJE har eit behov for at lillebror skal bli fort stor, og sidan storesøster har fått lov å bli litt større i år, så får lillebror vente litt til ;) Temaet på rommet blir difor bilar og dyr. Det kjem nok fleire bilder etter kvart.
 
Så over til ein kommentar som tikka inn før i dag, fekk ikkje til å kopiere den inn her, men den var frå Lisa som lurte på om hemmeligheita bak gode bilder var dyre kamera og photoshopping? 
 
Kjære Lisa! Og alle andre som har sendt mail med spørsmål om dette:
Photoshopping er FANTASTISK! :) Eg ville lyge viss eg sa noko anna. Men det å presentere gode bilder handlar om så mykje meir enn det. Eg føler meg alltid ukomfortabel når eg skal skrive om slikt, for eg har ikkje nok kunnskap til å gi proffe svar. Eg hadde eit Canon EOS 1000D før, og eg merkar god forskjell med det kameraet eg har no, EOS7D. Men sjølvsagt kan ein ta gode bilder med rimelegare kamera! Men med tanke på at du har eit speilrefleks; her er nokre tips!
 
Slike program er f.eks. PhotoScape og PicMonkey.
 


 
Som de ser, er Herr Kanin sliten både med og uten redigering, så det er begrensa kva du kan få til med Photoshop... Viss eg hadde vore skikkeleg god, så kan det vel hende eg hadde fått han litt kvikkare? :) Det som er fint med redigering, er at du kan gjere bilda dine lysare eller mørkare, velge om du vil ha varm farge i bilda dine, eller kjølege. Her har eg tatt bilda med ein kjøleg blåtone, men enkelt fått fram det varme med å dra litt i div.spakar i PhotoShop. Eg har gått eit PS-kurs for å lære om dette, synes det var veldig vanskeleg å lære på eiga hand. Det å kunne skarpe opp bilder, og få bedre kontrast er også ein fin måte å gjere bilder bedre.
 
Men når det kjem til stykket, trur eg at ein skal lære litt om alt, for å få bilder gode. Mitt mål no, er å ta bilder som treng minst mogeleg redigering, det er då eg blir verkeleg fornøgd. Og det kjem eg til å fortsetje å ha som mål. Eg håper på at ryggen min er enig i at eg og han skal på fotokurs igjen i oktober. Det ser litt mørkt ut akkurat no. Dei som kjenner meg veit, at viss det er veldig tett mellom blogginnlegga, så har eg ein dårleg periode helsemessig. Ei veninne spurde i helga, om kvifor i all verda eg brukar så masse energi på å blogge, når eg framstår som elendig med blå ringar under augene. Svaret er enkelt. Det hjelper meg å drøyme meg bort, akkurat som det har gjort i snart tre år. Og når eg les alle fine kommentarar, gløymer eg at dagen har vore tung. Så når eg vaknar neste dag, var dagen før fin og givande. Ikkje ein dag der eg hadde lyst til å gi opp. Denne gleda over å kunne klare å ta bilder, og inspirere andre, trur eg også er avgjerande når eg lagar eit blogginnlegg. Det å føle at ein kan gjere ein forskjell for andre også.
 
Merkar at dette ikkje var eit revolusjonerande godt svar,
men det var eit forsøk på eitt i alle fall!

 
 
I kveld skal eg setje meg ned og lage lister for trekninga av GiveAwayen, og eg håper å kunne presentere ein kjempeheldig vinnar i morgen!
 
 
Tusen takk for at du les bloggen min!
 
 
 
Elin
 
 
 


torsdag 5. januar 2012

Lillebroren sitt rom




 


 






Ikkje store forandringar siste året, men i alle fall eit nytt teppe frå Pappelina :) Kjøpt på Åhlens. Hadde tenkt å ha det på badet nede, men så bad lillebror om å få det framfor senga si... Han er glad i stjerner, og dette fall visst heilt i smak. Ellers er sengesettet også snart eitt år gamalt, frå ByNord, og framleis like fint! Det har fått kvile seg ein periode, Cars og fotball-sengesetta har vore i bruk. Men det var stor gjensynsglede når lillebror kom på at "ulven" låg i skuffa :) Han har også fått opp dyra frå ByNord på veggen sin. Ei drivvedsgrein gjer nytta som oppheng. Vi held også på å skrive dyrenavn på ein label eg lagde av kvit kartong, men så vart Dymoen vår tom... Knaggrekka har eg laga sjølv av gamle fjøler, og oppkutta drivvedspinnar. Ekornkoppen til lillebror er av merket Mugtail, kjøpt hos hviit.no  

Lillebror har hatt vannkoppar siste halvanna veka. I morgen er han klar for skule igjen.
Så spørs det om han trives i dongeri, etter å ha slumra rundt i koseklede så lenge? ;) Eg kjem i alle fall til å sakne den hjelpsomme vesle fyren veldig!


 
Elin

 

fredag 5. august 2011

ABC for lillebror :)


Hadde ein serie innlegg på gang for nokre veker sidan, med tema "sommar i huset". Tenkte å vise nokre bilder frå rommet til lillebror i dag. Der er ikkje så mange forandringar, men han fekk seg ei ny pute ei tid tilbake. Eg synes den var kjempefin, men eg hadde også andre baktankar for kjøpet. Lillebror skal byrje på skulen, og øver seg friviljug på tal og bokstavar dagleg. Han har lært seg å lese, og er flink å regne. Puta, som skal minne om ei slik synstest-tavle, blir flittig brukt for å repetere alfabetet :) Ingen ting er bedre enn at vakre ting, også viser seg å vere veldig praktiske!




Pute frå Kremmerhuset, søtt stoffhjerte med trykk frå Emmas Verden.

Og så vil eg seie eit spesielt Tusen Takk til dei som tek
seg tid til å leggje att kommentarar!

 Det er faktisk desse som held i gang bloggen min no. Dei som driv med blogging, veit at det i periodar kan vere vanskeleg å halde piffen oppe. For min del har det vore eit skal/skal ikkje heile våren og sommaren. Somme dagar er eg overbevist om at eg ikkje har meir å dele. Andre kan eg ha ei kjensle av at eg faktisk gjer ein forskjell for nokon der ute. Gjerne gjennom ein kommentar eller ein mail. Eg ser likevel at eg sjølv ikkje klarer å gje så mykje tilbake. Når bloggen var fersk, gjekk det med mest tid til å kommentere og hente inspirasjon hos andre. Eg har ikkje nubbetjangs til dette no. Fekk ein mail om dette, og føler berre for å beklage at eg ikkje strekk til med gjenbesøk til dei som er innom. Til det har dei siste månedane vore litt for krevande i livet ellers. Veit at dette er noko fleire bloggarar kjenner på, og eg har skrevet om det tidlegare. Men sidan her er stadig nye lesarar, kjende eg for å  lufte temaet igjen.

Trur dei aller fleste av oss brukar bloggen som ein fristad. Det er få eller ingen som er heilt ærlege om sin eigen situasjon. Det er som eg bruker å seie; kjem eg skikkeleg sminka og ordna på butikken ein vanleg kvardag; ja, då har eg ofte ein dårleg dag. Det hjelper meg i alle fall, å prøve å gjere det beste ut av ting som ikkje er så bra. Så sjølv om ein stråler gjennom eit blogginnlegg, er det ikkje sikkert at det verklege livet er like strålande.

Vel, nok om det. Eg stikk nok innom igjen ganske snart. Litt vemodig å gi opp Draumesidene også, fordi dei har gitt meg så utruleg mange fine opplevingar, oppdrag og ikkje minst nye vener :) 


Ha ei fin helg!

Elin 

torsdag 17. februar 2011

Meir nytt på lillebror sitt rom








Og i ettermiddag fekk eg ein supergod idè! Ein Elin-idè.
Ganske utradisjonell, og så hadde eg alt eg behøvde til å gjennomføre
genistreken i næraste omegn. Ja, eg brukar å vere hemmelighetsfull. Det er fordi
at eg har erfart at ein slik idè blir best, dersom eg rotar han rundt inni mitt eige hovud, før
eg deler han med andre. Men eg vil SJØLVSAGT vise fram det ferdige resultatet her inne på bloggen!


Stikkord: FARGERIKT!