...

Viser innlegg med etiketten RED SHOE design. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten RED SHOE design. Vis alle innlegg

søndag 10. oktober 2010

Eg har møtt ein liten engel i dag, og ein talentfull designer :)



Og det er ikkje ofte ein får oppleve! Eg blir alltid imponert over menneske som vågar å tenkje annaleis, og som tør å setje draumane sine ut i livet. Gry Annette har tatt eit skritt vidare, og vil satse på eige design, og sal av barneklede. I ei lita kommune med 1000 innbyggjarar, vekkjer slikt oppsikt. Eg vil kalle det norsk fjord-design, med gjenbruks touch! Og då er ho Elin ekstra interessert... ;) For Gry syr klede av av f.eks. gamle dukar og brikker. Ho teiknar alt ho lagar sjølv, og er svært oppteken av at tinga ho designer og lagar skal kunne fortelje ei historie. Ho har til no laga klede til små jenter.

Gry likar veldig sterke fargar, og bur i eit funkishus. Ho vil likevel ta imot bestillingar på alle slags klesstilar, og ser ikkje bort frå nokre blondekjolar dersom interessa skulle vere der. Eg må innrømme at eg hadde litt sommerfuglar (i 70-tals fargar) i magen når eg køyrde for å møte Gry og vesle Alva før i dag. For Alva sa veldig mykje nei til meg når eg møtte ho før i veka. Men med ein boks Hello Kitty drops, tenkte eg at vi kanskje kunne bli litt bedre vener etter kvart? Og det vart vi. Alva var ein draum å jobbe med! Og eg vart enno meir klar for litt barnefotografering før jul. 

Alva har på seg ein kjole, sydd av mormor sin syttitalsduk... ;)
Og i ryggen sitt oldemor sine gamle knappar!


Kleda Gry lagar, er meint å skulle tole kvardagsbruk!

Her har vesla tatt på seg ein kjole/førkle. Desse er laga med to bruks-sider,
med anna farge og uttrykk på den andre sida.

Her er det ei gamal brikke som er brukt som dekor. Funnen på hytta til farmor.
Alva tek seg uendeleg godt ut i gamle dukar? Er du ikkje enig :)

Her er kjolen/førkleet til Alva pynta med ein hekla duk som oldemor har laga for lenge sidan...
Gry fortel at ho har mange slike, og det er difor greit å bruke nokre til slike prosjekt.
For henne betyr det litt ekstra, å kunne bruke noko hennar eiga bestemor har laga.

Kan vel leggje til at ei lita prinsesse stal hjertet mitt under fotoøkta...

Mamma Gry har skapt sin eigen logo, og merke; Red Shoe.


Gry Annette tek på seg ulike syoppdrag. Har du noko du vil ha sydd om? Forevige, og gjere om til noko anna? Eg for min del har store planar om ein ny kjole til veslemor, sjølvsagt litt
utanom det vanlege ein kan finne i butikkane... ;) Det kan også
vere lurt å planlegge no, dersom ein er ute etter
noko spesielle klede til
julekortet 2010?

For kontakt med Gry: mob. 41326597
Bostad, Stordal, Sunnmøre.

Du kan finne eit utval av kleda hennar på butikken Bella Rosa i Stordal. 


Eg vil takke Alva og Gry Annette for ein strålande time i nydelege
omgivelsar! Og så må eg leggje til at mine eigne draumar
vart sterkare, etter å ha møtt ei dame
som er tøff nok til å satse
på sine! 


Ha ein nydeleg søndag,
og så håper eg at neste veke blir fin!

Klem frå Elin
10.10.10