...

Viser innlegg med etiketten Tips og råd. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tips og råd. Vis alle innlegg

torsdag 27. september 2012

Mester med skinn!

 
 
 
Eg møtte ei fasinerande dame i dag. Ei dame med tæl! Agnes Lande driv firmaet Lærmakerne. Ho held tidlegare til i Oslo og dernest Risør, men flytta heim til barndomsbygda si i vår. Agnes lagar alt mogeleg i skinn og lær. Eg var innom for å få tatt hol i lærreimene mine frå TineK. Eg fann fort ut at Agnes kunne lage kva som helst slags reimar til meg! (og det til ein veldig fin pris) Ho lagar bl.a. vestar til motorsyklistar, lommebøker, vesker, puter osv. I dag jobba ho på eit kunstverk som skal sitje på motorsykkelsetet til Marcel Lelienhof. Utrulege detaljar?
Trur denne dama kan lage nesten kva som helst?
 
 
 
 
Besøk websida hennar HER, eller gå inn og lik på FB HER!
 
Som eg sa til henne; sjølvsagt spreier eg den glade bodskapen om jenter som er
dyktige, kreative og sprudlande, og det ute på landsbygda!
 
You rock Agnes!
 
 
Elin
 
 


fredag 21. september 2012

Lekkert!

 
  
Sjølv om eg berre bur ein liten time frå Ålesund, og er veldig heldig med masse flotte butikkar i nærområdet, er det kjekt å handle på nettet. Postmannen har som tidlegare nevnt opplevd meg med stjerner i augene meir enn ein gong. I dag har eg hatt ein vond dag, og vart veldig oppmuntra når han ringte på døra. (han fekk ein klem,ja) Har fått pakke frå hviit, og ellos siste to dagane. Likevel manglar den gjevaste. Pakken frå Ølen Møbel. Denne butikken skulle eg GJERNE ha besøkt!  Men når det ikkje er gjort i ei handvending, hjelper det svært godt på å få så fantastisk sørvis og hjelp frå Anita og medarbeidarane hennar. Eg oppdaga Ølen møbel på grunn av at dei reklamerte med eit godt utvalg av TineK varer, og mi forundring var stor når det viste seg at dei hadde alt mogeleg inne på lager som eg var ute etter. Dette er vel eitt år sidan.
 
 
 
 
Eg vil med dette uttrykkje sosial misunnelse til alle som bur så nær, at dei faktisk kan stikke innom denne flotte butikken, eg reknar med at den er minst like fin i røynda som på alle dei flotte bilda eg har sett. Men som sagt; eg skal få pakke med postmannen - kanskje i morgen? Han lovde å kome SNART igjen! :)
 
For masse fin inspirasjon, besøk bloggen til Anita HER!
Dersom du som meg ikkje bur nær nok for eit besøk,
kik innom HER!
 
Du kan ta kontakt med butikken dersom du
ser noko du har lyst på! 
 
 
Elin


mandag 10. september 2012

Lillebror sitt rom, og litt om korleis ta gode bilder

 
 
 
 

 
Bilder frå lillebror sitt rom. In progress. Rydda og klart for litt nytt innhald. Men enkelte ting skal få vere som før; f.eks. Herr Kanin... Det er store greier å byrje i andre klasse. Ikkje lenger vere minst på skulen, og kanskje ha eit behov for å markere dette. No har det seg slik at mammaen IKKJE har eit behov for at lillebror skal bli fort stor, og sidan storesøster har fått lov å bli litt større i år, så får lillebror vente litt til ;) Temaet på rommet blir difor bilar og dyr. Det kjem nok fleire bilder etter kvart.
 
Så over til ein kommentar som tikka inn før i dag, fekk ikkje til å kopiere den inn her, men den var frå Lisa som lurte på om hemmeligheita bak gode bilder var dyre kamera og photoshopping? 
 
Kjære Lisa! Og alle andre som har sendt mail med spørsmål om dette:
Photoshopping er FANTASTISK! :) Eg ville lyge viss eg sa noko anna. Men det å presentere gode bilder handlar om så mykje meir enn det. Eg føler meg alltid ukomfortabel når eg skal skrive om slikt, for eg har ikkje nok kunnskap til å gi proffe svar. Eg hadde eit Canon EOS 1000D før, og eg merkar god forskjell med det kameraet eg har no, EOS7D. Men sjølvsagt kan ein ta gode bilder med rimelegare kamera! Men med tanke på at du har eit speilrefleks; her er nokre tips!
 
Slike program er f.eks. PhotoScape og PicMonkey.
 


 
Som de ser, er Herr Kanin sliten både med og uten redigering, så det er begrensa kva du kan få til med Photoshop... Viss eg hadde vore skikkeleg god, så kan det vel hende eg hadde fått han litt kvikkare? :) Det som er fint med redigering, er at du kan gjere bilda dine lysare eller mørkare, velge om du vil ha varm farge i bilda dine, eller kjølege. Her har eg tatt bilda med ein kjøleg blåtone, men enkelt fått fram det varme med å dra litt i div.spakar i PhotoShop. Eg har gått eit PS-kurs for å lære om dette, synes det var veldig vanskeleg å lære på eiga hand. Det å kunne skarpe opp bilder, og få bedre kontrast er også ein fin måte å gjere bilder bedre.
 
Men når det kjem til stykket, trur eg at ein skal lære litt om alt, for å få bilder gode. Mitt mål no, er å ta bilder som treng minst mogeleg redigering, det er då eg blir verkeleg fornøgd. Og det kjem eg til å fortsetje å ha som mål. Eg håper på at ryggen min er enig i at eg og han skal på fotokurs igjen i oktober. Det ser litt mørkt ut akkurat no. Dei som kjenner meg veit, at viss det er veldig tett mellom blogginnlegga, så har eg ein dårleg periode helsemessig. Ei veninne spurde i helga, om kvifor i all verda eg brukar så masse energi på å blogge, når eg framstår som elendig med blå ringar under augene. Svaret er enkelt. Det hjelper meg å drøyme meg bort, akkurat som det har gjort i snart tre år. Og når eg les alle fine kommentarar, gløymer eg at dagen har vore tung. Så når eg vaknar neste dag, var dagen før fin og givande. Ikkje ein dag der eg hadde lyst til å gi opp. Denne gleda over å kunne klare å ta bilder, og inspirere andre, trur eg også er avgjerande når eg lagar eit blogginnlegg. Det å føle at ein kan gjere ein forskjell for andre også.
 
Merkar at dette ikkje var eit revolusjonerande godt svar,
men det var eit forsøk på eitt i alle fall!

 
 
I kveld skal eg setje meg ned og lage lister for trekninga av GiveAwayen, og eg håper å kunne presentere ein kjempeheldig vinnar i morgen!
 
 
Tusen takk for at du les bloggen min!
 
 
 
Elin
 
 
 


tirsdag 21. august 2012

Nytt frå Jotun/Lady




LADY Pure Color 10341 Kalk
Diskret komfort og feminin eleganse i temaet SIMPLE LIVING. Veggene her er malt i LADY Pure Color 10341 Kalk. Hyllen på veggen har fått et par strøk av fargen LADY Supreme Finish Superblank 9918 Klassisk Hvit.




LADY Pure Color 10341 Kalk og 10429 Diskret
Farget listverk er nytt og spennende og kan skape en helt ny innramming. Her er listene malt i vår nye farge LADY Supreme Finish Silkematt 10429 Diskret. Veggen har fargen LADY Pure Color 10341 Kalk.

Bilder og tekst er lånt frå Lady Inspirasjonsblogg som du finn HER!
Eg veit snart ikkje opp og ned på meg sjølv, og sidan eg står og prøver å måle litt kvar dag, var det kjekt å sjå slike spennande nyheiter frå Jotun! Ellers må eg få takke for fine tilbakemeldingar; veldig kjekt at folk har tid til å skrive nokre ord :) Eg er i interiørmodus, og det gjeld å skrive ned gode idèar sjølv om eg veit at dei ikkje er gjennomførbare akkurat no. Har også vore heldig å få lov å vere med i nokre prosessar der andre treng interiørhjelp. Veldig kjekt, og absolutt noko eg kunne tenkje meg å jobbe meir med i framtida.

Det kjem bilder frå mine 1000 prosjekt når eg landar...
viss eg landar.


Elin



lørdag 14. juli 2012

Om inspirasjon, og tips til deg som er ny bloggar







Eg er på inspirasjonsjakt. Høgt og lavt. Saumfèr nettet, kjøper blad som ser lovande ut. Men til sjuande og sist er det andre ting som gir meg nye idèar. Slik som ein fin dag saman med dei eg er glade i. Det handlar om positiv energi. Berre slik får eg vingane for å flyge, dei eg treng for å skape.

Nokre svar i kveld, på spørsmål som eg har fått i innboksen i det siste :

Bilda i dag har eg tatt med min htc mobil, og redigert alt på den, unntatt signaturen, så til deg som sende mail om kva kamera ein bør ha for å blogge, er svaret at eg ikkje stiller så høge krav :) Det viktigaste er å kome i gang, så ser ein kvar ferda fører ein. Eg har eit Canon eos 7D. Er veldig fornøgd. Men starta med eit Canon 1000D. Brukar ofte eit Sigma objektiv, 18-200mm, eller eit Canon, 50mm. Av redigeringsprogram brukar eg PhotoShop og PhotoScape. Det siste finn du gratis på nettet. Div.skrifttypar kan du søkje etter på nettet og laste ned (kallas fonts). Likeeins rammer og andre duppedittar. Eg er ikkje så god på slikt, så eg klarer sjelden å gjengi kva eg har gjort, når eg klarer noko nytt...

Angåande dette med kvalitet på bilda på blogger, har det blitt ein hard kamp om lesarane siste åra. Synes det finns utruleg mange flinke folk der ute, som er gode både på fotografering og layout. Dei fleste startar opp på null ein stad, og deretter lærer underveis. Somme er gode frå starten, andre treng litt tid på å varme opp. Mitt råd må vere å "hang in there". Blogginga skal først og fremst vere ei kjekk sosial greie, der ein skaper nye band og kanskje venskap til folk ein elles ikkje hadde blitt kjend med. Og ein må gi i stort monn i starten, for å få fotfeste. Slik er det berre. Det finns få snarvegar. Ikkje be folk om å leggje deg til, vèr heller oppmerksom og skryt av dei bloggane du likar. Det er slik ein blir oppdaga av andre. Og tør å gjere dine eigne ting! Det å kopiere andre sine idèar er enkelt, eg gjer det sjølv stadig vekk, men prøv også å kome opp med din eigen interiørvri. Det setter i alle fall eg som lesar stor pris på! Og link til bilde og inspirasjonkilder! Viktig! 


Ynskjer alle ei fortsatt fin fin helg!



Elin

onsdag 18. april 2012

Prosjekt soverom og eit nytt gratis red.program du berre MÅ prøve!








Håper du fekk ein liten boost frå bilda, både av inspirasjon og energi!
Eg prøver forsiktig å trø i gang prosjekta mine på loftet. Eg klarer ikkje så mykje sjølv,
så det blir mest kommandering ;) Men alle er innstilt på at vi skal få ferdig alt før
sommaren er her. Då er det nok å styre med ute. Eg fekk pakke i posten i går,
med nokre skjønne lampar som har stått på ynskjelista i mange år. Igjen har
eg gått til investering av kopiar; eg har slett ikkje råd til originalane...
Viss du heller ikkje boblar over av kæssj, kan du gå inn her og kike.
Veldig rask levering! Og ein får pakken på døra.
  
Eg vil også tipse alle medbloggarar om eit nytt redigeringsprogram, som har tatt plassen til Picnik, som stengjer i morgen. Kom over det i går ved ei tilfeldigheit. Det heiter PicMonkey, og overraska meg positivt! Du ser likheitene med Picnik i inndeling av funksjonar, men har i tillegg mange morsomme ting du lett kan tilføre bilda dine. Stikk innom og prøv! Var ikkje nødvendig å registrere seg heller. Gi meg gjerne tilbakemelding om korleis du synes programmet fungerer! Og den einaste måten å lære på er å leike seg, prøve og feile.

Heilt til slutt; eg finn det vanskeleg å halde bloggen i gang i periodar der eg er sjuk. Slik har det vore heilt sidan eg starta hausten 2009. Men det skjer alltid hyggjelege ting innimellom, som gjer at eg får ny giv. Ein mail for eit par dagar sidan, løfta meg eit hakk høgare. Eg har takka nei til å bli med i reportasjer tidlegare, men den siste henvendelsen er veldig fristende å takke ja til. Spørs om vi ikkje hiv oss rundt og takkar ja? ;) For dette er ei sak alle i familien får uttale seg om. Det einaste som kan treffe oss i hovudet er vel Jantelova, og den er vi ikkje så opptatt av frå før... ;)


Takk for så fine tilbakemeldingar på siste innlegga!

You`re the best!



Elin

mandag 19. mars 2012

Kvistar i huset



¨

Har du lyst på kvistar til pynt i huset? Sånne uten lauv på?
Det er like før alt mogeleg av tre og grønt sprett ut! På tide å klippe deg nokre dersom du har planar om å pynte opp med slike! Tips; hvis du har lyst på kransar av kvist, er det den beste årstida å lage slike på. Sevja er på veg ut frå treet, og dei tynne greinene er svært bøyelege. Eg skal prøve å lage nokre som skal pynte opp når hausten er her igjen, eller kanskje før? Eg fekk eit kjempegodt tips om å leggje slike ytterst på krukkene mine ute, med blomster inni, når eg laga ei hagereportasje i fjor haust. Bjørk og lerk høyrer med til mine favorittar. 

Kanskje du også vil bruke idèen? 


Elin



Nespresso anyone? Og nokre spørsmål og svar







Tusen takk for fine tilbakemeldingar på innlegget i går! 

Eg får av og til spørsmål om korleis eg redigerar bilda mine, slik at dei blir så lyse.
Eg har aldri følt for å forklare så veldig om fotografering, til det er eg for utrygg på eigen kompetanse. Men etter at eg kjøpte meg nytt kamera, Canon EOS 7D, og lært litt om å bruke det (ikkje minst), klarer eg å ta bilder som er så lyse uten å redigere dei. Det eg gjer, er å skarpe opp kontrasten, og regulere fargane. Det er ofte lett at bilda blir veldig blåe, men det er lett at dei får eit rosaskjær også. 

Eg har endeleg kjøpt meg PhotoShop, og tok eit kurs sist haust. Men eg synes det er vanskeleg å få taket på funksjonane der. Eg brukar ikkje filter for å skape looken i bilda mine. Eg trur at mange setter pris på at ein blogg har "lik" redigering på bilda frå innlegg til innlegg. Skaper kanskje ei slags heilheit? Det beste rådet eg kan gi, er at du finn deg ein type bilder som du likar, og så prøver å gjenskape dette uttrykket i dine egne. Eg ser at mange av dei store bloggarane deler velvilleg ut tips og råd om sine triks for gode bilder. Ein ser nok ikkje på dette som "kopiering", for det er jo ingen som har einerett på slikt?


Mitt råd : Finn din stil, og stol på at det er bra nok!

Bilda mine i dag er frå kjøkkenbenken. Eg drikk ikkje kaffe, men får veldig lyst til det med nye, lekre krus frå Åhlèns. Og forresten; eg forstår godt at folk trur eg er sponsa, men det er eg altså ikkje. Det er berre at eg finn butikkar som inspirerar meg, og då fortel eg om det her på bloggen. Blide folk bak disken og god sørvis hjelper også på! Eg kan oppleve å få prosentar, fordi butikkane veit at eg skriv om dei, men då er det eit valg dei gjer. Dei krev ingen ting tilbake. Det hadde kanskje vore annaleis viss eg budde ein annan stad? Det er ikkje vanleg å samarbeide med butikkar her på Sunnmøre. Eg skulle gjerne ha tent pengar på bloggen min, men eg likar å ha denne friheita til å velge kva eg vil blogge om, og kven eg handlar hos. Får sjå om eg åpnar opp for reklamering i framtida. 


Vi hadde snøvstorm i går kveld, ganske sjokkarta at våren plutseleg reiste sin veg.
Vi planta og ordna til påskeliljer og stemorsblomster på terrassen laurdag, men dei ser nokså fornærma ut i dag...  Dei klarer seg nok, og eg kryssar fingrane for at dette vèret går fort over.

Nyt veka!

Elin
  

torsdag 9. februar 2012

Korleis skape eit spesielt interiør med din eigen stil? How to create your own style?




Elskar fløyelsbandet, TineK kreamikken og den heimestrikka svarte puta mamsen var snill å lage til meg!


Mine beste råd til dei som lurer på korleis dei skal skape eit spesielt interiør. Eg trur det handlar om å finne det som tiltalar deg max, og så prøve å gjenskape denne følelsen i huset ditt. Det første du må ha, er ein plan over kva du vil oppnå. Ein fin måte å finne ut dette på, er å lage deg ei inspirasjonsmappe, der du samlar saman bilder og utklipp, stoff- og målingsprøvar osv. Du må sjølvsagt leite og gjere ein stor innsats i forkant, dette er ein tidkrevjande prosess. I mitt hovud, er det gjerne små ting som setter i gang store prosessar. La dei modne før du setter i gang! Eg vil påstå at keramikken til TineK sette i gang noko slikt i meg, første gongen eg såg kolleksjonen. Og det er lenge sidan.

Det behøver ikkje vere dyrt å gjere om litt på stilen i huset ditt. Det kan vere nok å plukke vekk nokre pyntegjenstandar, og så sette fram andre ting som har fått kvile seg i skuffer og skap. Ein boks med fin måling, kan også gjere underverk med eksisterande eigendelar. Det å ta ned gardiner den lyse årstida, kan vere nok til at du forandrar eit rom dramatisk. LYS er viktig, ikkje berre når du tek bilder!

Stikkordet her på Draumesidene er GJENBRUK. Veldig ofte er det ting eg bruker på nytt, forandrar. Eg oppfordrar alle til å leite i kjellarar og på loft, besøkje bruktbutikkar og loppemarked. Skattane ligg der og ventar. Bruk fantasien, ikkje ver redd for å tenkje nye bruksområder! Det er gjerne det uventa som skapar den spesielle tvisten du legg merke til i eit hus.

Og : det er betre med ein skikkeleg, litt dyr ting, enn mange små, like dyre, som forsvinn i mengda. Viss du skal investere i interiør, kan det nok vere smart å kjøpe kvalitet. Men husk; dette er MI meining.  

Og til slutt : TØR å vere deg sjølv! Men; det er lov å adoptere gode idèar frå andre!
Det er alltid nokon som må vere den første til å gjere noko på ein ny måte, og viss det fungerar, er det jo naturleg at andre ynskjer å gjere det same?


Håper dette var til hjelp for nokon der ute?
Eg får litt prestasjonsangst når eg skal prøve å gi råd til andre.



Elin




Blacks and whites











Nytt plastikkteppe frå Pappelina, Åhlens. Det kunne godt ha vore litt lenger, men eg trur det får bli slik. Lett å lufte, og superpraktisk fordi ein kan tørke av evt. merker som skulle kome. Eg skal til å lage nytt konsollbord til gangen. Dvs; eg tenkjer... Treng nok litt til tid før eg er klar for snekring. Men eg har mange gode idèar. Og då er det vel berre å la kreativiteten strøyme på? Eg har måla ein dørstokk i dag. Og klarte å stige på den før den var tørka, the story of my life ;) Har som mål å måle ein ny for kvar dag framover. Time will show.

Får stadig mail og kommentarar om kameraet mitt, og ellers spørsmål om fotografering.
Eg føler meg absolutt ikkje kompetent til å svare på slike tekniske spørsmål. Det overlater eg til ekspertane. Tidlegare hadde eg eit Canon EOS 1000D, dei siste dagane er bilda mine tatt med mitt nye kamera, som er eit Canon EOS 7D. Eg brukar ikkje stativ til interiørbilda mine, rett og slett for at eg ikkje har eit slikt feste på toppen for å kunne setje kameraet på høgda. Det nye kameraet er så tungt, at eg leiter stadig etter eit kraftigare og betre stativ. 


Mine råd for gode bilder:

MEST MOGELEG LYS!
Unngå blitz, i alle fall den dingsen som er integrert i kameraet...

REDIGER BILDA,
bruk litt tid på å gjere bilda dine enno betre


OM DU KAN, TA EIT FOTOKURS!
Det er vel verd pengane, dersom du er interessert i å ta
gode bilder! Og så gjer det fotograferinga morsommare :)




Elin



mandag 6. februar 2012

Gorgeous - gorgeous - gorgeous!!!



Påverka av reklame? Eg? Nja, tja... Det hjalp i alle fall godt på at Elin Anita også skrytte av denne målinga. Med god sørvis på Fargerike i Spjelkavik, vart eg den heldige eigar av 3 liter av vidunderet i fargen Dempet sort. Og eg er imponert av denne målinga. Den reklamerer med å gi eit supermatt resultat, og det har den faktisk også. Eg er ingen fan av den grove stria på stoveveggen, men strukturen vart "svakare".

Eg har også tatt ned hesjestauren som hang over sengegavlen vår. Trudde eg var nyskapande i den prosessen, men ubevisst, likevel heilt sikkert med inspirasjon frå ulike bloggar rundt omkring? Må seie eg LOVE it, og så er det alltid kjekt med ting som får ein ny plass og liksom blir "ny". Med den svarte veggen bak, kom den mykje meir til sin rett.





Så får eg berre rope GORGEOUS, GORGEOUS, GORGEOUS!

Som dama på reklama ;)



Elin


mandag 30. januar 2012

Min besettelse for TineK, og Draumesidene på Facebook




Aller først; keramikken på bilda frå i går er frå TineK, og fløyelsbandet er kjøpt hos Herlighet. Keramikken er frå nettbutikken Blackballoon i Sverige. Dersom du handlar frå utenlandske nettbutikkar, må du sjekke om det er toll på varene du er interessert i. Porselen er f.eks. tollfritt. Du kan gå inn HER for å sjå lista til tollvesenet. Det er moms på alle bestillingar over 200kr.

I løpet av dei vekene eg ikkje blogga, fekk eg ein del henvendelsar, der folk lurte på når neste innlegg kom. Eg ser jo problemet når ein ikkje har blogg sjølv, at ein må innom for å sjekke. Men Draumesidene har faktisk ei side på Facebook også. Eg har aldri bedt folk om å "like" bloggen min der, fordi eg har eit avslappa forhald til slike ting. Men det hadde sjølvsagt vore veldig stas om fleire kom til i gruppa der inne. Ser at eg kan kommunisere veldig enkelt med lesarane mine, og at det er mange fordelar med dette. Spørsmål og svar bl.a. Og ikkje minst kan du lett få vite om eg har lagt ut eit nytt innlegg :)

Eg prøver stadig å svare på spm. frå kommentarfelta under innlegga, men ver så snill å sende meg ein mail på draumetausa@mail.com viss eg ikkje har svart. Dei siste mnd.har vore kaotiske, og eg har null kontroll på om eg har gløymt av nokon? Eg har sånn "vårreingjeringsfølelse" for Draumesidene, treng å ta ting til neste nivå. Det er godt med positiv framgang!

Så dersom du har lyst til å følgje med meg og bloggen på facebook,
kjem du dit ved å trykkje på ikonet under :)

Elin

fredag 13. januar 2012

Header på hjerna...


Her går dagane av og til seint... Og då dukkar det opp problemstillingar som ellers ikkje er på dagsorden... Nytt år og ny header... Eg skifter ofte header, rett og slett fordi eg synes det er kjekt å eksperimentere med redigering. Og no har eg tid til det. Rikeleg tid... Det som irriterar meg mest, er at det er fort gjort å plagiere andre sine idèar, ufriviljug! Det vere seg teksttype, fargar, symbol osv.osv... Eg har alltid prøvd å ha originale idèar. Men det er jammen ikkje lett, for her er mange i systemet som tenkjer likt? Og så kan ein bli inspirert ubevisst trur eg? Min største inspirasjon på seinhausten var fargen lyseblå. Og dette vedvarer. Håper å få sydd, eller kjøpt nokre tekstilar i denne kuløren mot vår. Enn så lenge får eg leike meg med litt lyseblått her inne.


Headeren min er laga i Photoscape. Eg får stadig mailar om dette redigeringsprogrammet. Eg anbefaler at dei som er nysgjerrige lastar det ned, og prøver seg fram. Det er veldig forståeleg. Det er også dei tilbakemeldingane eg har fått frå dei som har prøvd det for første gang. Det er berre å leike seg, prøve og feile. Ein lærer litt etter kvart. Tolmod er nok eit stikkord.






Eg konkluderer med at min header ikkje kan innehalde for mykje tekst og bilder, det er akkurat som om det er greit at den ikkje tek for mykje merksemd frå sjølve bloggen. Eg ser at somme bloggarar spør lesarane sine om hjelp til å velgje header. Kanskje det er lurt? Har headeren mykje å seie for deg? Eg tenkjer mest over korleis den er første gangen eg er innom ein ny blogg. Når eg tenkjer meg om, har min header mest å seie for meg, at eg likar å sjå den når eg loggar meg på. Det er vel det som er viktigast?


Gleder meg til dagar, der eg har det for travelt til å
filosofere over headeren min... ;)


 
Håper at helga di blir god!



Elin
(som klarer å gå ute uten krykker...)


 

onsdag 4. januar 2012

Still winter...






 



TIPS: lag dine eigne merkelappar av stivt papp,
og skriv på med DYMO!

 
Har eit mål om å like vinteren neste månedane... Blir alltid så hysterisk for at våren skal komme FORT, men det har ikkje slått til siste åra. Difor får ski og skinn vere her vidare. Det er januar. Her er det kuling, sludd og regn i dag, best å vere inne. Lyset glimrar med sitt fråvèr, men fekk tatt nokre bilder eit lyst kvarter likevel.

Tungsinnet frå i går har gått delvis over, og eg innser at dersom eg skal blogge, får eg gjere det på min måte. Skal prøve å finne styrke til å halde på den tanken. Det er berre ikkje så lett å halde på positiviteten heile tida. Sjølvtilliten sviktar fullstendig når kroppen kranglar slik som no.

Har fått ein del spørsmål om Photoshop siste dagane, men eg har funne ut at eg klarer meg lenge med Photoscape, det går an å bruke rammer og brushes som ein lastar ned også i dette redigeringsprogrammet. Photoscape er gratis, og mykje enklare å lære enn Photoshop. (men Photoshop er uten tvil eit betre verkty...) Har du lyst å leike deg litt med redigering, kan nok Photoscape vere morsomt. Eg oppfordrer alle som er interessert i temaet om å lese BEATE`S innlegg, som eg også linka til ein dag før. Ho har tips og råd til kvar du finn rammer og brushes også.

Eg skulle gjerne ha skrevet meir om emnet, men så var det denne nakken og ryggen... Sorry!

Beklager også viss eg ikkje har svart på andre spørsmål siste vekene, ver snill å sende ein mail viss nokon lurer på noko! Der prøver eg å svare etter kvart. Veit at nokon spurde om kvar eg hadde kjøpt skåpa i dagens innlegg? Den fann eg i eit hus i haust. Ganske øydelagd, men eg har fixa den og måla med svart, blank måling. Mitt råd må vere å ha augene meir enn godt åpne, og sjå mogelegheiter i ting andre ser på som ubrukeleg! Eg har fått masse slike ting, men det krever sjølvsagt ein stor makeover. I alle fall ofte.


 
Elin

mandag 2. januar 2012

Nye rammer og snusing på PhotoShop


Etter å ha lest eit flott innlegg hos Beate, fekk eg nok sjølvtillit til å kjøpe nokre rammer og brushes til bildebehandling på nettet i går kveld. Veldig usikker, og litt sveitt i panna underveis, men no ser det ut til at eg har knekt nokre av kodane. Eg vil verkeleg anbefale andre å ta sjansen! :) Eg tok eit PhotoShop kurs i haust, men har ikkje vore flink å øve. Når eg likevel ligg her, er det ingen unnskyldningar for å utsetje det lenger... Eg har laaangt igjen før eg klarer å utnytte PS, men litt er vel bedre enn ingenting? Stikk innom Beate via linken øverst her, viss du vil lese og lære meir!


Og så har Beate ein HÆRLEG blogg ;)





Elin


tirsdag 15. november 2011

Problemer med kommentering? Eg trur eg har funne ei løysing?



Via omtenksomme MissMette, fekk eg eit flott tips tidlegare i dag. Eg slit veldig med å få lagt igjen kommentarar hos ein del medbloggarar. Dette synes eg er trasig, for eg prøver å skrive minst mogeleg, for å avlaste nakken min. Når eg skal poste, og det forsvinn på mystisk vis, blir eg både sint og lei meg.

Nøstemor, ein blogg som er ny for meg, hadde lagt ut ei oppskrift som forandrar på innstillingane til maskina di. Eg har prøvd å forklare, og håper at fleire enn meg kan få hjelp! Eg har testa etterpå, og kommentarane har blitt posta på første forsøk, og eg er veldig glad! :)




Trykk på VERKTØY oppe til høgre på skjermen.
Velg ALTERNATIVER FOR INTERNETT, som kjem fram lengst nede på lista.




Trykk på PERSONVERN



Trykk på OMRÅDER



Skriv inn adressa www.blogger.com der pil nr1 er.
Trykk tillat der pil nr 2 er.
Trykk til slutt OK ved pil nr 3.


VOLILA!


Viss dette viser seg å vare, burde eg sende
blomster til både Miss Mette,
og Nøstemor :)


TUSEN TAKK, for at dokke hjalp meg!


ELIN


Oppdatering tirsdag kveld: Har fått problemer med maskina mi, fryktar at eg har åpna opp for virus ved å gjere endringane over??? Usikker, for eg har også lasta inn eit printerprogram i kveld frå cd, og det var etter dette maskina låste seg. Køyrer no i Sikkermodus. Skal prøve å finne ut om denne løysinga kanskje ikkje er så bra likevel?

Ny oppdatering : Det skal IKKJE ha noko med innstillingane eg tipsa om før i dag å gjere, at pc`en min klikka. Held på å få hjelp til å fixe problema no. Programvare som har slått seg på vranga...



mandag 29. august 2011

Bygging av skåp, eit forsøk på å forklare...





Energien er IKKJE på topp etter siste vekes krafttak, men eg tek dagen til hjelp. Håper å kunne ta bilder etter kvart som prosessen skrid fram ;) Og viss her ikkje kjem fleire innlegg i dag, har eg rett og slett kapitulert. Det er det som er så fint med slike prosjekt; dei stikk ikkje av!


Elin 


tirsdag 24. august 2010

Litt tips om fotografering à la Elin :)



Jaha. Eit nytt kapittel i Elin sitt liv. "Korleis villede ein haug med bloggedamer." ;) Dokke som les tipsa mine, får huske på at eg slett ikkje har lært noko av det nokon stad. Dette er mine beste tips, lært av meg sjølv. Sjølvsagt fanga opp gjennom enorme mengder interiørblad, og etter kvart andre bloggar. Det er ikkje eg som har funne opp råda. Berre sånn at det er sagt. Eg fekk ei fotobok av mannen min i helga, og skulle sjølvsagt ha lest denne før eg begav meg ut på dette her?

Eg har teke utgangspunkt i innlegget frå i går kveld, og ein del av bilda eg har frå turen til den gamle låven. Litt om det å lage eit innlegg. Det første eg set pris på er ein idè. Då går alt så lett. Nesten av seg sjølv. Men i går sleit eg litt. Sola kom fram, det passa å reise til låven, og eg hadde halvannan time på meg. Frankrike. Eit oliventre, ei vannkanne i zink, to bøtter. Ein duk med blondar. To visna roser. Så reiste eg. 

Plassen eg var på er nydeleg, så allereie etter nokre minutt der, hadde eg fleire idèar. Når eg så fekk låne ein høygaffel, to mjelkespann og fann verdas finaste terrakottakrukker, kom alt i hop oppe i hovudet.

Så: ikkje planlegg alt så nøye, stol litt på feelingen i magen.


Ja, som sagt, det er lurt å ta både fjern, og nærbilder. På bildet over kom sola så fint inn på oliventreet. Skaftet på høygaffelen skaper balanse i bildet.


Zooming er kult! Leik deg med kameraet ditt, dette er sjølvsagt mest aktuelt med eit kamera med gode funksjonar. Mi linse er veldig anvendeleg, 18-200mm. Men eg har også stor glede av den som følgde kameraet. (Canon EOS 1000D)

 

Dei som les bloggen min, veit at eg til tider kan gå så tett på i eit heilt innlegg, at ein knapt ser kva som er rundt det eg fotograferer. Eg er veldig fasinert av detaljar. Sjå dei vakre beslaga som hankane er festa på over her! Og fargane! Nydeleg...


For lys og kontrastar skaper ofte dei beste bilda. Eg elskar å overraske med det tøffe og florlette i kombinasjon. Slitne overflater og blondar gjer meg glad! Rust og blankt stål saman like så. Har ein besettelse for tyll for tida. Starta med sengehimmelen på soverommet, men det har utarta seg... Det skal kome eit godt eksempel på dette seinare i veka...


Og med det meiner eg at det er lov til å gjere ting ein ikkje har sett nokon stad før. Det er ikkje lett å finne opp krutet kvart blogginnlegg, men det blir lett kjedeleg for lesarane viss ein føler at bilda liknar på ting ein har sett hos andre. Men når eg får inspirasjon, er det jo ofte av noko eg ser i eit blad, eller hos andre? Dei bloggarane eg set størst pris på, er dei som tør å vere seg sjølv. Ein kjem langt med originalitet. Eg slit veldig med dette innimellom, men så kjem kanskje inspirasjonen, og eg kan klare å skape noko unikt, det vere seg eit møbel, eit stilleben, ei stemning... Men eg meiner at ein må ha lov til å vise bilder frå same stadane i huset, eller av yndlingsting ein likar å ta bilder av. Dette får vere opp til kvar enkelt. Når anonyme lesarar legg att halvsure kommentarar til folk, tenkjer eg alltid : kvifor les dei denne bloggen, viss dei har så mykje i mot eigaren, og måten han/ho bloggar på?

Eg redigerar bilda mine, og no i det siste har eg brukt PhotoScape og Picnik. Dette er gratisprogram, som dokke kan laste ned på nettet. Eg har veldig lyst å lære meg meir PhotoShop, men treng hjelp. Det går så lang tid med "prøv og lær"-metoden.

Og viss du lurer, så tok det 60 min. å lage dette innlegget, inkludert redigering av bilder.


Dette var nokre råd om fotografering à la Elin.
Håper du ikkje er meir forvirra no,
enn før du starta å
lese! :) 


Ha ein flott tirsdag no då!

Klem
Elin




mandag 23. august 2010

Lavendelkrans og bloggeråd



Eg laga ein lavendelkrans i går, etter inspirasjon og oppskrift frå Hulda. Det var ikkje vanskeleg, og dersom du har lyst å prøve deg på ein slik, anbefalar eg eit besøk innom Husfruas Memoarer. Bloggen til Hulda er full av flott inspirasjon, og gode idèar til hus og hage. Hulda var mi første kontakt her inne i bloggverda. Ho gav meg gode råd i oppstarten. 






Eg har oppdaga mange, flotte, nye bloggar i det siste. Som regel gjennom at damene bak bloggane har lagt att ei helsing her inne hos meg. Då prøver eg å gjere eit gjenbesøk. Sånn trur eg det er for andre også. Dagens oppfordring er til alle dokke nye der ute:

1. Legg att kommentarar! Det er slik andre lett kan finne bloggen din!  

2. Legg gadgeten med Følgjarar høgt oppe, slik at det er lett å leggje til bloggen din for andre

3. Ikkje ver redd for å spørje, viss det er noko de står fast med. Bloggedamer er veldig kjekke og hjelpsomme!

4. Viss du er oppteken av kor mange som verkeleg er innom bloggen din, velg ein teljar som tel UNIKE treff. Det vil seie ein teljar som berre tel ein person ein gong i døgnet. Fleire teljarar registrerer også dine egne treff. Eg bytta til SUSNET etter ei tid, og er veldig fornøgd med deira tenester. I går hadde eg f.eks. over  dobbelt så mange treff som unike treff. Det er fordi somme går innom bloggen fleire gongar.

5. Det er foranderleg her inne. Vi finn kvarandre etter kvart, og dersom du bloggar med hjertet ditt, vil du etter ei tid finne andre som du har kjemi med. Mi erfaring er i alle fall slik. Ikkje alltid vi har same smaken heller ;) Sånn som i samfunnet ellers.

Det var måndagens tips og råd ;) Eg har også fått spørsmål om fotografering, og som eg har svart før, føler eg ikkje at eg er den rette til å svare på slikt. Men eg tenkte å forklare litt korleis eg tenkjer under ein "fotosession" (no høyrdes eg proff ut?) ;)))  Fotostund er kanskje meir eit ord som passar for meg?

Vi skal ha 5 + 10 + 40 års lag på torsdag. Veka mi blir nok prega av dette. Litt ekstra husvask og pynting. Men eg prøver å blogge som vanleg. Tusen tusen takk igjen for at dokke der ute stadig veks i omfang. For min del gir dette ein ekstra giv til å fortsetje!


Grip måndagen,
tenk at denne dagen
finns berre i dag...

Klem
Elin