...

Viser innlegg med etiketten Inngangsparti. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Inngangsparti. Vis alle innlegg

torsdag 10. november 2011

Vinterpynta på terrassen





Pledd frå Anouska, Herlighet



Kopp frå Indiska


Lykt frå Kremmerhuset, hjort og naturkransar frå Herlighet.





Heldige meg fekk nyte ein kopp te, og lese Alt i Hemmet nr.13 i novembersola på terrassen. Veldig fint blad! 
I fjor var det kaldt og snøv på denne tida. Eg må innrømme at eg setter VELDIG stor pris på at vi har draumedagar her i Nordvest, med sol og mildvèr kvar dag. Godt for kropp og sinn!

Har investert i to reinsdyrskinn, fantastisk varme og fine!
Håper du også kan få oppleve slike dagar, sjølv om mørketida inntek landet
vårt dag for dag. Forresten: eg elskar å sitje ute stjerneklare
 kveldar også! Det gjeld å sjå det vakre i alle årstider...

Elin

tirsdag 3. mai 2011

Inngangspartiet i vårskrud :)



Eg har utfordra meg sjølv til å blogge om stadar og ting som ikkje blir vist så ofte her inne. Så difor blir det bilder frå inngangspartiet vårt i kveld. Eg har planta sommerfugllavendel og oliventre her. Dei kosar seg i kujord; noko eg godt kunne fått i gåve, og blitt kjempeglad :) Eg er veldig happy når eg får vere ute og grave i hagen. Desverre har det blitt lite av slike aktivitetar siste åra. Men eg har funne ut at viss eg er flink å ikkje halde på så lenge, så går det greit med ryggen. Men så var det dette med å begrense seg sjølv...





Eg berre ELSKAR lavendel!
Eg gleder meg veldig til å kunne plante enno meir i krukker og spann!


NYT kvelden!



torsdag 15. juli 2010

Gamalt fransk gatenummer, i lita sunnmørsk bygd ;)



Når ein bur i ei bygd med ca.hundre innbyggjarar, er nummer på husa ganske fjernt... Men når ho Elin har forelska seg i gamle, franske skilt... Det blei nummer 37... Eg er fødd 07.07., og er glad i talet mitt... Så av tre skilt, vart det dette :) Butikken er ZanZ. Og eg er fornøgd. Synes det passa flott saman med alle zinktinga som står i inngangspartiet? Så gjenstår det å sjå om det kjem protestar på mitt sjølvvalde nummer? ;) Her har akkurat vore ei ettermiddagsbyge, etter 28 varme grader i ettermiddag. Utan sol... Merkeleg vèr denne sommaren? Bilda i går, var frå Alnes ute i havgapet. Der var kald vind, for den som lurte på påkledninga av borna! Der var forresten to andre ungar som bada... Men i dag kom sommaren igjen... I morgen ber det avgarde på topptur. Vi skal tidleg opp, og eg er fast bestemt på å slepe med meg kameraet! Så det blir nok litt fjelltur på deg også, dersom du stikk innom ein annan dag ;)






Takk for alle gode ord, og fine helsingar!
Love U all! :)


Elin

♥ ♥ ♥