...

Viser innlegg med etiketten Detaljar baderom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Detaljar baderom. Vis alle innlegg

onsdag 20. juli 2011

Sommarturnèen i huset forstsetter :) I dag : badet med ein touch av beach...


No er eg jammen i gang igjen med blogging kvar dag ;) Kven skulle tru det? Passar bra, for eg ryddar rom for rom, og då er det litt drivkraft i det å skulle lage eit innlegg etterpå. Anbefalast på det sterkaste! I dag har turen kome til badet i første etasje. Ferdig nedvaska, og med litt anna innhald enn i dag tidleg... Borna reiste ned til sjøen for å finne skattar til meg. Kjekt for dei, og så herleg for meg! Det var fort gjort å lage ei uro av drivved, glasbrot og skjell. Ein fin måte å understreke sommarstemninga på badet. Ei drivvedsgrein har funksjon som handklehaldar. Og så er tolixen på plass! Tusen takk til ZanZ for flott premie! Skammelen blir verande her på badet!













Nevner IKKJE vèret meir. Kanskje sola kjem,
viss eg sluttar å mase...
Ha det underbart alle der ute!

Elin

mandag 19. april 2010

Rosa glimt i snøvkaos...

Vi har vinter igjen. Snøven har minka, men ligg kvit over alt ute. Det var glatt når eg og lillebror køyrde på tannlegen i dag. -når kan eg ta på shorts, mamma? Hmmm... Kva svarer ein på slikt? -først må snøven reise? Lillebror var heldigvis enig. Sola skein frå skyfri himmel, og eg kunne godt tenkt meg å få sitje ute på terrassen og berre nyte våren. Men med alt dette kvite, var det sjølvslutta. Eg som til og med måka plenen for nokre veker sidan,... dette er ganske deprimerande. MEN, depping hjelper aldri. Eg tok heller med fotoapparatet, og foreviga noko som alltid får meg i godt humør :)



*SMILER*

Og velkommen tilbake som følgjarar til Draumesidene alle saman!
Så kjekt å sjå så mange kjende fjes! :)))

God klem frå meg!
Elin