...

Viser innlegg med etiketten DIY. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DIY. Vis alle innlegg

mandag 14. oktober 2013

Drivvedhus på kjøkkenbordet | Driftwoodhouses on the kitchentable

 
 
 
 
 

 
 







 
 




 
 
 
Har hatt planar om å lage nokre små trehus av drivved, med "piper" av svarte, tynne lys. I dag var dagen. Nydeleg, kaldt vèr ute, men eg er sliten etter ei innhaldsrik helg. Godt å vere inne, fyre i ovenen og vere litt kreativ. Ellers ryddar eg puter... Og leiter etter dei eg tok bort når våren kom... Som eg faktisk ikkje synes er så lenge sidan? Og ballongane... dei er på golvet enno.
 
 
 
Elin
 
 
 


søndag 11. november 2012

DIY lysestake og Ylva Skarp

 
 
 
 

 
Lysestaken på bilda i forrige innlegg, er ei gammal, brun mjølkeflaske eg fann i naustet til mamma. Eg har tatt rundt folie nederst på lyset, slik at det passa nedi der. På flaska har eg limt eit fotopapir med tekst frå Ylva Skarp. Eg har hatt så lyst på produkt med print frå denne flinke dama i heile haust, og i kveld har eg bestilt nokre frå hviit. Eg storgleder meg til å få pakke i posten!
 
Du kan lese meir om Ylva Skarp HER!
 
 
 
Elin
 
 


tirsdag 6. november 2012

DIY under oppseiling - kjøkkenbord fullt av drivved

 
 


 
Ja, eg forstår det kan vere frustrerande å bo saman med meg... Eg kommanderte familien ned i fjøresteinane på søndag, for å finne drivved til meg. Før gjorde eg alt sjølv, men å balansere på steinar er liksom ikkje førstepri hos meg for tida. Eg har eit spennande prosjekt på gang, som eg lova å gjere ferdig i dag. Men så vakna eg med tidenes hauverk i dag tidleg, og kom meg ikkje ut på badet eingong. No har ibux og nokre extra timar med søvn gjort underverk! (skulle ikkje bruke pc, men, men...) Håper på stigande form, og prosjektstart utover ettermiddagen. Kan du gjette kva eg skal lage? Det er 2-3m langt, og det har noko med desember å gjere.
 
 
Tusen takk for alle fine
kommentarar på babybilda!
 
 
Elin
 
 


søndag 4. november 2012

Tre tips til ting du kan lage sjølv før jul!

 
 
 
 
 
 
 
Her er tre DIY (do it yourself) som eg laga sist november.
Eg er i gang med eit nytt prosjekt, der idèane blir tatt vidare. Bilder kjem
seinare! Ser liknande DIY`ar over alt for tida. Eg vart inspirert av bl.a. OiSoiOi i fjor.
 
Det å lage stjerner av greiner er i alle fall enkelt.
Lag to trekantar, og fest dei over kvarandre. Du kan bruke både streng og
hyssing. Du kan bruke greiner frå tre, eller drivved. Berre fantasien som setjer grenser!
 
Lykke til!
 
 
Elin
 
 


søndag 19. august 2012

Nye hyller med "betonglook" på hagestova







 




Kjekt å få til noko med enkle midlar sjølv! Viser til forrige innlegg om korleis eg laga til hyllene. Innser likevel at det sikkert er eit vanskeleg prosjekt, viss du ikkje har styra med sparkel, saging og tilpassing før. Ein må ha ei viss mengde tolmod, det er ikkje som å skru saman eit ferdigmøbel. Sjølve møbelet har eg hatt i hovudet heile sommaren, og beina vart saga i rekveddungen i juni. Ein endå enklare måte å få slike røffe hyller på, er å bruke vanlege hyller, og måle med Pure&Original kalkmåling. Eller sparkle trehyller? Det kan hende det også går bra? Hyllene er super-upraktiske med tanke på støvtørking, vannsøl osv.osv. Men WHO CARES? Så lenge eg er lukkeleg akkurat no?

Eg boblar over av tilsynelatande gode interiøridèar om dagen, men eg har desverre ikkje forma inne til å realisere alle. Men litt sysling kvar dag. Det er målet.

Ha ei fin, kreativ ny veke der ute!


Elin




Nye betonghyller / Concrete shelves


 


For nokre dagar sidan fekk eg ein idè om korleis eg kunne lage betonghyller til hagestova. Og det var såpass enkelt at eg kunne klare det sjølv. Når vi sette opp peisen vår på kjøkkenet, brukte vi spesialplater, som dernest vart sparkla og måla. Vi har hatt nokre rester av desse platene i kjellaren sidan (svindyre), og eg fann til mi store lukke at der var nok til prosjektet mitt. Eg har tatt bilder på morgenkvisten, og skal få tid å lage til eit større innlegg i kveld eller i morgen. Eg kan seie såpass at eg er storfornøgd!

 
Nyt søndagen!


Elin

 


tirsdag 15. mai 2012

Bygging av klesstativ til jenterommet






Då var det på høg tid med eit prosjekt, der eg ikkje anar kva eg driv på med. Frustrerande, men spennande :) Eg har brukt 5 kosteskaft, som er måla. I dag har eg prøvd å få festa dei saman, slik at tausa i huset får seg eit klesstativ. Det skulle vise seg å vere vanskeleg å stive av stativet nede. Har brukt bambuspinnar (man tager hva man haver...) og bora/limt inn nederst. Så får eg sjå kva som skjer når limen har herda... Ellers har skuffene under senga fått nye fargar, det går i svart og lyseblått. I tillegg skal det inn ein knallfarge, og eg ser av bladet som ligg der, at det meste passar ;) Held ein knapp på skarp rosa?

Skal ta FINE bilder når alt er ferdig,
håper at klesstativet er i bruk allereie i morgen?
Optimist er eg i alle fall!

Takk for alle besøk og kommentarar!



Husk på GIVEAWAYS HER og HER!
Frist 17.mai!


Elin

tirsdag 8. mai 2012

DIY : nye bein med hjul på rammemadrass




Kanskje dette er så enkelt, at ein ikkje skal forklare det? Det første vi gjorde, var å forsterke hjørna under madrassa, slik at stolpane fekk feste under seg. Stolpane som fungerer som bein vart skrudd fast i fjølene, før dei blei skrudd fast i treverket under senga. Men sidan hjula (kjøpt på claes ohlson) var litt for stor plate på, måtte mannen i huset sage ut nokre plankebitar med stikksag. Desse skulle vise seg å bli ganske enkelt perfekte. Til slutt har eg måla med restane av målinga vi brukte på stoveveggen, Lady pure color, dempet sort, for å få ein matt og rå finish.




Vurderer å leggje ei fjøl på langs rundt heile senga, må tenkje litt
til på det først... Det var dette med å bestemme seg ;)



Elin

mandag 30. april 2012

Drivved jakt




Eit mobilbilde frå dagens tur til drivvedsparadiset, ein liten tur nedanfor huset vårt.
Nokre superflinke folk er i gang med å rydde i alt rotet, og innimellom finns det mange skattar for lettare gale folk, slike som meg f.eks. No er det ikkje slik at mannen min automatisk ropar hurra når eg foreslår slikt, men han veit nok at eg blir veldig glad når han hjelper meg. Bevæpna med brekkjern og hammar, vart fangsten flott. Det skal bli både ny sengegavl og sofabord - trur eg. Time will show.

Eg har fått forespørslar om møblane eg har laga, og eg skulle gjerne laga meir. Men slik som eg har hatt det no med denne ryggen min, er det ikkje slikt eg kan drive med, desverre! Men eg kan tipse om denne nettsida : drivved.no. Masse flott inspirasjon, og kanskje får du lyst til å kjøpe noko der?


Så då vil fortsettelsen kome etter kvart. Sidan eg må ha hjelp til alt, veit eg ikkje kor fort det vil gå. Men vi er i alle fall i gang, både med "bygging" av seng og sengegavl ;)


God måndag!


Elin



onsdag 25. april 2012

Vår i DIY hyller



 



Duppedittar i hyllene frå Kremmerhuset

Er det ikkje herleg med vår vel? :) Eg NYT å sjå alt som spirer og gror ute! Lillebror har plukka kvitveis til meg i dag, i tillegg fann vi to andre ville blomstersortar i hagen. LUKKE!

Takk for fin respons på all skrivinga mi lengre nede, kjekt å høyre at det ikkje berre er eg som er svak i bloggetrua innimellom. Eg er svært takksam for at så mange er innom her, og tydeligvis finn inspirasjon og glede. Eg krev ikkje meir enn det. Audmjuk. Eg veit eg er heldig. Som eg har sagt før; det hadde vore temmeleg tungt å blogge, uten lesarar.

Så takk for at akkurat du er innom!

My blogging would not made so much sense, without my lovely readers. I`m humble... Thank you so much for visiting Draumesidene!


Elin


torsdag 15. mars 2012

DIY lampar på plass over kjøkkenbordet










Lampane har kome opp over bordet.
Lette, kvite med lyseblå saumar, som er akkurat passeleg skeive
og sjarmerande...



Elin



søndag 26. februar 2012

DIY, nye hyller på stova







Boksar frå Walther & co. Mine kjøpt hos HERLIGHET





Hyllene er ikkje ferdige. Hadde planar om å bruke gamle fjøler, men dei eg har på lager er for smale... Det blir nok til at eg setter på hobbyhyller, beisa i Drivved frå Jotun, slik som hylleknektane (Clas Ohlson) Eg vil også ha ei fjerde nederst. 

Eg har hatt ei trasig veke, og håper på betre dagar i den nye som ventar. Kjenner meg så levande kvar gong eg klarer å fullføre eit lite prosjekt. Eg drøymer meg vekk på nettet, og let meg inspirere av alle flinke folk der ute. Pinterest har gitt meg ei ny fantasiverd :) Eg har bestemt meg for å kjøpe noko til huset, rett og slett for å muntre opp meg sjølv. Andre ville kanskje kjøpt sko, klede, bestilt seg SPAbehandling... Eg veit at toppen av overfladisk lukke for meg, er å friske opp interiøret mitt :) Så får  eg sjå kva valget fell på. Stolar og lampeskjermar står høgast på ynskjelista. 


Tusen takk for fine kommentarar på innlegga under. Eg har ikkje overskot til å vere flink å kommentere hos andre slik eg har det no. Har vel ikkje vore flink på veldig, veldig lenge. Men det er ikkje vondt meint. Eg er berre tom og lei. Det tek på å ha desse smertene... Eg fokuserer framover, og håper at våren kjem tidleg i år! 


Ha ei fin, ny veke du også!


Elin



torsdag 17. november 2011

Rudolf har flytta inn på kjøkkenet. Ein DIY som vart litt komplisert?



Trudde eg skulle lage ei oppskrift på din eigen DrivvedsRudolf til veggpynt, men innsåg raskt at dette kanskje vart i vanskelegaste laget? Uansett, dersom du er tolmodig og har ein dunge med drivvedspinnar, kan du jo gjere eit forsøk? Eg fann inspirasjon i Vakre Hjem & Interiør, der Shishi hadde ei annonse. Eit dyrehovud av kvist til 975 kr. Dette må då vi kunne gjere billegare sjølv? Du kan sjølvsagt bruke pinnar du finn i naturen ellers også. Det gjeld også stjernene eg har vist før.







Eg brukte ein tynn bor og laga hol der pinnane skulle festast saman.
Så putta eg inn tynne stiftar, og i tillegg brukte eg limpistol på
desse punkta. Tolmodigheitstest!!!


Viss du vil prøve deg, så lag fasongen på hovudet først. Deretter
festar du på "sidegreiner" til horna. Til slutt festa eg dei små
pinnane som dannar fjeset.

Ikkje freistande å prøve eingong?
Dersom du MÅ HA, finns framleis Shishi sin versjon ;)


Litt spent på om følgjar nr.500 legg seg til i dag,
i så fall hjerteleg velkomen til Draumesidene!

If you join me today, you will
be member 500 on Draumesidene :)
Welcome!



Elin




mandag 14. november 2011

Lyseblått locker med X-MAS glam









Papirpynt og trefuglar frå Indiska, kvite perlehjerter, Herlighet.


Det er snart midten av november, og sidan eg er ei slik dame som hiv ut jula første januar, er det på tide å byrje å tenkje på korleis eg vil pynte til jul i år. Eg synes det er kjekt å utfordre seg sjølv til å tenkje nytt. Eg har ikkje mykje glam og glitter i heimen til vanleg, difor skal det svært lite til for at her lyser opp. Eit papirhjerte med gullstrø er kanskje alt som skal til? Tavla på forrige innlegg har eg laga sjølv. Laga ei ramme av lekter, og spikra på ei tynn treplate. Deretter er ho grunna, og måla med to strøk tavlemåling. Siste året har ho vore brukt til dekor med fransk tekst på. Men eg fekk eit innfall på laurdag, etter å ha pakka ut serviettane frå Hviit. Dei er kvite, med svarte stjerner på. Eg klipte ut 4 slike stjerner, og limte dei opp på tavla med tape. Saman med pappfigurar frå Indiska. Til slutt tok eg to kanelhjerter og festa på med tegnestiftar. Voila! Eit veldig stemningsskapande innslag på stova. Desse produkta som du får kjøpt av kanelbark luktar heilt himmelsk! Veit at Herlighet held på å pakke ut slike sist eg var innom. Er usikker på kva leverandør som har dei? Mine er frå Hviit


Eg trekkjer vinnaren av drivvedstjerna i kveld, er du følgjar på Draumesidene,
og har lyst å vere med? Meld deg på HER!


Elin