I dag har heile hurven vore på fjelltur. Lillebror har aldri syns at det er så veldig stas, medan storsøster har sprunge fjellsider sidan ho kunne å gå. Det er difor ei utfordring å få ein slik tur til å bli fin. Men til slutt kom vi no fram til vatnet, og fekk fyr på eit lite bål, og ete opp alle pølsene. Litt bading blei det også. Etterpå var vi opp til ei forfallen hytte, og mor fekk style litt og tatt interiørbilder... Heilt heime eg med ein gong :) Skulle ynskje at hytta vart tatt vare på. Alltid vemodig å sjå vakre, gamle byggverk i ferd med å måtte gje tapt for vèr og vind... Men vi kosa oss der, og håper på ein ny tur til området før neste veke er omme!
Den spisse fjelltoppen i bakgrunnen, er Lauparen. Pyramideforma, og erobra for nokre veker sidan :)
Bæææ! Tele2 sauen har ferie, og vart observert lett henslengt på setrestølen :)
Vakre, gamle ting som mor danderte. Norsk ukeblad frå 1961. Og ikkje minst vakker myrull og vannliljer i knopp.
Vi avslutta turen her heime med osteomelett og tomatsuppe, og jordbær med vaniljesaus til dessert. Det er mogeleg å ha feriefølelsen, sjølv om pappaen har byrja å arbeide igjen!
Ynskjer alle lukke til med å skape for seg og sine
ei fantastisk veke mot august!
God klem!
Elin
♥ ♥ ♥