...

Viser innlegg med etiketten Herlighet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Herlighet. Vis alle innlegg

fredag 17. mai 2013

Hagestovekos på 17.mai!

 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
Diverse leverandørar, Herlighet
 
 
Gratulerer med dagen Norge!
 
 
Eg er så strålande lukkeleg over å få bo i eit så flott land!
Akkurat no befinn eg meg i Geiranger, og noko meir norsk kan ein vel knapt finne?
 
Pinsa står for døra, den eine kjekke begivenheita etter den andre!
Eg mumla visst om tapas sist eg var innom bloggen, men eg valde å lage ein liten vri i går. Ungane åt opp alt før eg rakk å snu meg rundt, så eg trur det var vellukka? Det er ein sann nytelse å lage mat i hagestova igjen. SÅ mykje kjekkare enn å stå inne ved kjøkkenbenken. Og når temperaturen er stigande, og vèrvarsla fantastiske, så er det berre å belage seg på å bo her ute :) Og det skal eg. No er det sommar! Og den skal nytast!
 
Har du lyst å prøve deg på ein nydeleg
Philadelphiarull à la Elin?
 
Smør ei tacolefse med philadelphiaost og Red Pepper & Aubergine pesto frå Nicolas Vahè.
Legg skiver av chorizopølse med grøn pepper utover lefsa. Dekk over med salatblad og tynne skiver med snackpaprika og vårløk. Rull saman lefsa, fest med tannpirker så den held seg saman før servering.
 
 
Så er det berre å nyte smaken av sommar!
Ha ein flott dag alle der ute! 
 
 
Elin
 
 
 


onsdag 1. mai 2013

M A I

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 
Pumpkin Seed Oil frå Nicolas Vahè / HERLIGHET
 
 
Har mange favorittar på kjøkkenbenken frå Nicolas Vahè. Alt frå oljer til krydder og bruksgjenstandar. Det er ingen bakdel at designet på tinga er vakkert i tillegg. Pizzadeiga blir ekstra god med pumpkin seed oil og hakka, tørka tomatar. Nøttene står framme i skåler heile tida, eg brukar dei som mellommåltid. Sunt og godt! Har ete veldig mykje frukt og nøtter siste halvåret.
 
Er i søndagsmodus, er spent på kva dag eg trur det er
når eg vaknar i morgen?
 
 
Ynskjer alle ein flott M A I månad!
 
 
 
Elin
 
 


fredag 26. april 2013

Spafølelse på eit lite bad

 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 

 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
Herleg serie frå L:A bruket, og sjølv om dette er eit sponsa innlegg, ELSKAR eg berre produkta! Du finn eit godt utvalg hos Herlighet!
 
 
Nyvaska bad, og fredag. I hyllene har eg sett opp spa og velværeprodukt frå L:A Bruket. Sjølv om eg tek inn sponsa reklame på bloggen min, er det alltid produkt og ting som eg ville valgt til huset uansett. Det er ein del av avtalen min. Eg klarer ikkje å anbefale og blogge om ting eg ikkje likar. Denne serien frå Bruket har eg blitt heilt forelska i. Vi har brukt såpa sidan i fjor haust, og både små og store sakna henne stort når vi måtte vente på ny forsending for ein måned sidan. Har investert i duftlys i dag, og veit eg kjem til å kjøpe meg ein skrubbkrem med appelsin... 
 
Luksusfølelse på eit lite bad. For det er veldig lite :) Som eg sa ein dag før; det er mykje trixing for å få tatt bilder til bloggbruk. I dag har eg ikkje kutta bilda, slik at ein ser at eg faktisk sitt oppå doen for å få med skåpa i hjørnet. He-he :) veldig romantisk!
 
 
Ynskjer alle ei flott helg!
 
 
 
Elin
 
 


tirsdag 23. april 2013

Soverom | Bedroom

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 




 
Bildeserie tatt for HERLIGHET, diverse leverandørar
 
 
Hadde nokre fine timar i går, der eg fekk ta bilder på soverommet mitt for Herlighet. Bilda skal brukast som reklamemateriell for butikken, og eg kjende prestasjonsangsten dunke i kroppen. Blir liksom noko anna enn å ta bilder til eige bloggbruk? Hovedfokuset skulle vere på sengetøyet i sateng som er av merket Drøm, og er til halv pris i butikken. Soverommet er ganske lite, og det er ei utfordring å klare å få til gode bilder. Stod inne i kleskottet for å få med heile senga med 50mm objektivet :) Eg skal innrømme at ein lærer seg nokre knep etter over tre og eit halvt år med interiørblogging ;)
 
 
Bloggen sin teljar passerte 500.000 unike treff for
ei veke sidan. Har planar om ein giveaway for å feire dette? Men først og fremst må eg få takke alle som er innom. Det totale antal treff har passert 1.000.000
 
 
Thank You all for Visiting DRAUMESIDENE!
 
 
 
 
Elin
 
 
 


onsdag 10. april 2013

Kontor med farge | Office with colour

 
 
 
 
 
 

 
 




 
 

Korg, pute, boxar og oppbevaringsskuff frå Herlighet
 
 
Det gjorde seg verkeleg med litt farge i kontorhjørnet!
Storesøster har allereie bestilt det same til leksepulten sin. Ho likte så
godt blåfargen. Eg for min del vart like glad for nokre nøttebrune drypp på stova.
Ikkje så mykje som skal til for å forandre interiøruttrykk?
 
 
Allereie midtveis i veka...
Kvar i all verda blir dagane av?
 
 
 
Elin
 
 


søndag 7. april 2013

Litt garderobe....

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 




 
Genser, topp og veske (by Dixie) frå Herlighet
 
 
Sånn på nippet til å bli "dagens outfit"-dame :) Men berre nesten...
Eg skal glatt innrømme at eg handlar heller klede til meg sjølv, enn puter til huset for tida. Når også Herlighet har eit stort utvalg av herligheiter som ein kan putte på kroppen, er det ikkje lett å motstå fristelsar... Toppen med ulvemotiv er frå Barfota, og blir ein del av sommergarderoba mi. Den strikka genseren med Skappel-look, er frå Alpaca Society. Ein draum å ha på...
 
Det er ganske uvant å få spørsmål om kvar eg handlar klede. Men eg går ellers innom kjedebutikkar som Hennes & M, Bik Bok (på slep etter tenåringen vår), B Young og Vero Moda. Det er få veldig dyre plagg i skåpa mi. Eg har vel same oppfatning om dette som interiør; det er greit å ha nokre dyrare innslag, og så heller velge rimelege alternativ til det meste anna. Du får vel som regel det du betalar for viss du brukar fornuften?
 
Siste bildet i dag er tatt av jenta mi, ho snik rundt når mamma tek bilder. Ho har blitt flink med kameraet, og eg håper ho har lyst til å lære meir i åra som kjem. Og eg prøver stadig å jobbe med angsten for å havne på minnebrikka ;) Håper fleire der ute har tatt tak i dette problemet sidan sist eg skreiv om det! Eg kjenner det kjem seg etter kvart som eg tillet andre å ta bilder av meg.
 
 
 
Ynskjer alle ei herleg, ny aprilveke!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


lørdag 6. april 2013

Hoppar i det!

 
 
 
 
 
 
 
For meg er dette å få klargjort hagestova for herlege opplevingar frå vår til
seint på hausten. Grunnen til at vi investerte tid og pengar i dette tilbygget, var akkurat å forlenge utesesongen kraftig. Vi ELSKAR å vere ute, og hagestova gir ei kjensle av dette. Med glasveggen mot fjord og fjell er vi liksom ute, sjølv om vi er inne. Eg kan sitje der og høyre på fin musikk og berre meditere... Og som sagt i går, er det populært å lage middag i peisen, ete kveldsmat der eller f.eks. steike vafler. Alt smakar bedre i hagestova ;)
 
 
 
Elin
 
 
 


fredag 5. april 2013

Rosa på hagestova

 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 

 
 

 
 

 
 

 
 

 
Diverse rosa flasker/vasar, puter, fuglehus og Nicolas Vahè produkt frå HERLIGHET
 
 
Wunderbar! Viss, eg seier viss... eg blir i dårleg humør, skal eg gå ut på hagestova og få eit kick av dei rosa detaljane som minner om vår! Eg har i år, som i fjor, eit voldsomt knall-rosabehov! Får meg til å bli kreativ! Matlaginga er igjen i ferd med å flytte frå kjøkkenet og inn i hagestova ved sidan av. Merkeleg kor mykje bedre maten smakar der ute?
 
 
Det er tid for helg!
 
 
Elin