Ja, eg skal ærleg innrømme at eg flyttar på møblar og skiftar uttrykk i heile huset i løpet av året. Men så er der ting som IKKJE blir tatt bort også. For akkurat to år sidan bygde eg denne skåpa til dusjrommet av nokre gamle kasser. Inventaret i henne skiftar med årstidene og humøret mitt, men ho vert verande på det minste badet. Kjekt med slike vellukka prosjekt. Eg skal også innrømme at det er ikkje alltid "gode idèar" fungerer i praksis!
Når eg no er i gang med å innrømme ting, kan eg vel også seie at eg har vore mest liggjande sidan onsdag. Eit trasig tilbakesteg, etter å stadig ha blitt bedre i ryggen. Har så mange ting eg vil gjere og lage, men det stoppar veldig greit opp av seg sjølv. Takk og pris for blogg og fine kommentarar! Takk!
Drøymer meg bort til betre tider her inne. Eit nytt bloggbekjentskap for meg,
Live a lot, hadde eit flott ordtak på eit innlegg denne helga,
On the other side of fear, lies freedom...
Tok til meg desse orda! Skal prøve å tenkje positivt, og ikkje gi opp! Vi kan alle klare det vi vil, berre vi er positive og har god tru...
Kjempekjekt at så mange vil vere med i trekninga om gåvekortet frå Jotun! :) Du kan framleis melde deg på! Eg trekkjer ikkje vinnaren før ut i neste veke! Trykk HER viss du vil vere med!
Elin