...

Viser innlegg med etiketten Detaljar kjøkken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Detaljar kjøkken. Vis alle innlegg

lørdag 19. mai 2012

På kjøkkenbenken




Herleg laurdag igjen! Her skal kjellaren ferdigryddast, og så skal terrassen fyllast opp med krukker og hagemøblar. Langtidsvarslet er kjempefint, med lovnader om temperaturar rundt 20 grader. Og gjett om vi skal vere klare til å NYTE flotte dagar ute! Det kjem fleire bilder frå kjøkkenet i morgen trur eg? Viss då ikkje alle er drittlei heile kjøkkenet... Då skal eg la vere! :)

Tusen takk for alle fine ord om bilda til boka!
Ha ein fin fin dag der ute!


Elin



torsdag 17. mai 2012

17.mai hos oss, og vinnarar av GiveAway`s!




Vel overstått nasjonaldagsfeiring i heimen her!
Jordbærkaka var VELDIG god! Takk til mamsen! Vi
fekk gått i to tog før regnet kom. Så då må vel alle vere fornøgde?
No plaskar det ned ute, så det er berre å kose seg innendørs
resten av kvelden :)

Kom plutseleg på at eg skulle trekkje to giveaway`s i kveld!

Vinnaren av gåvekort hos Whiteaway blei :

To lattèkoppar frå Stranda blomster gjekk til:


Gratulerer!

Send meg adresser på


Elin

mandag 14. mai 2012

Monday & Green tea




Green Harmony Tea, By Nord / Herlighet

Måndag, igjen. Eg har fordjupa meg i kvitøk, TineK keramikk
og grøn te... Enkelt, kvitt og svart. Vakkert.


Skal på butikken og handle kosteskaft...
Fekk ein idè i går kveld ;)


Elin

søndag 22. april 2012

Lovely Sunday in my Kitchen!







 



Takk for alle fine ord under innlegget i går. Eg trudde ikkje så mange kom innom, når temaet ikkje var interiør. Dette er først og fremst ein interiørblogg, men med innslag av meir personleg karakter innimellom. Når eg skriv slike innlegg,  kjenner eg meg veldig sårbar og ærleg. Eg setter difor veldig stor pris på at så mange brukte litt av tida si til ein kommentar akkurat i går.

I dag har eg derimot kosa meg med kameraet på kjøkkenet. Og kanskje kjem det fleire bilder til kvelden? Viss det ikkje gjer det, valgte eg å bruke resten av dagen ute i sola ;)

Ha ein fin søndag!


Elin


fredag 20. april 2012

Stripes





Litt striper på ein fredag. Snart helg. Eg har mykje eg ynskjer å få gjort,
men eg ser vel for meg at han som må gjere det, kanskje ikkje er så klar? ;)
TTT. Ingen tvil. Og det viktigaste er faktisk å vere ute i sola!

Ha fine timar mot helg!


Elin


onsdag 11. april 2012

Kitchen with a view...









Ja, eg veit vi er heldige. Det er få som har eit slikt måleri utanfor vindua sine. Og viss vi i tillegg får litt vår framover igjen, skal eg smile frå øyre til øyre! Eames-kopiane er supre, gjestane i påska valgte den med armlener, og sjølv eg med min problemrygg, sitt godt i nykomarane. Dei søte fuglane er kjøpt hos Indiska. Små fargeklattar.

Takk for så fine kommentarar i går,
dei kom på akkurat
rette tidspunkt.



Elin


søndag 8. april 2012

Roleg morgen på kjøkkenet | Slow morning in the kitchen










Påskemorgen... Eg har hatt ein roleg start på dagen. Treng det også. Har vondt i ryggen min, og kan ikkje bli med på skiturar og andre aktivitetar i Påska. Dei andre er på fjellet. Eg kjende plutseleg for å lage eit blogginnlegg. Tok si tid ser eg... ;) Seinare i dag blir det besøk frå familie, og kaffe og kaker. Eg har fått ei ny oppskrift, og den var så enkel at eg vurderer å lage eit innlegg? Det er sjelden eg matbloggar...




Elin

mandag 19. mars 2012

Nespresso anyone? Og nokre spørsmål og svar







Tusen takk for fine tilbakemeldingar på innlegget i går! 

Eg får av og til spørsmål om korleis eg redigerar bilda mine, slik at dei blir så lyse.
Eg har aldri følt for å forklare så veldig om fotografering, til det er eg for utrygg på eigen kompetanse. Men etter at eg kjøpte meg nytt kamera, Canon EOS 7D, og lært litt om å bruke det (ikkje minst), klarer eg å ta bilder som er så lyse uten å redigere dei. Det eg gjer, er å skarpe opp kontrasten, og regulere fargane. Det er ofte lett at bilda blir veldig blåe, men det er lett at dei får eit rosaskjær også. 

Eg har endeleg kjøpt meg PhotoShop, og tok eit kurs sist haust. Men eg synes det er vanskeleg å få taket på funksjonane der. Eg brukar ikkje filter for å skape looken i bilda mine. Eg trur at mange setter pris på at ein blogg har "lik" redigering på bilda frå innlegg til innlegg. Skaper kanskje ei slags heilheit? Det beste rådet eg kan gi, er at du finn deg ein type bilder som du likar, og så prøver å gjenskape dette uttrykket i dine egne. Eg ser at mange av dei store bloggarane deler velvilleg ut tips og råd om sine triks for gode bilder. Ein ser nok ikkje på dette som "kopiering", for det er jo ingen som har einerett på slikt?


Mitt råd : Finn din stil, og stol på at det er bra nok!

Bilda mine i dag er frå kjøkkenbenken. Eg drikk ikkje kaffe, men får veldig lyst til det med nye, lekre krus frå Åhlèns. Og forresten; eg forstår godt at folk trur eg er sponsa, men det er eg altså ikkje. Det er berre at eg finn butikkar som inspirerar meg, og då fortel eg om det her på bloggen. Blide folk bak disken og god sørvis hjelper også på! Eg kan oppleve å få prosentar, fordi butikkane veit at eg skriv om dei, men då er det eit valg dei gjer. Dei krev ingen ting tilbake. Det hadde kanskje vore annaleis viss eg budde ein annan stad? Det er ikkje vanleg å samarbeide med butikkar her på Sunnmøre. Eg skulle gjerne ha tent pengar på bloggen min, men eg likar å ha denne friheita til å velge kva eg vil blogge om, og kven eg handlar hos. Får sjå om eg åpnar opp for reklamering i framtida. 


Vi hadde snøvstorm i går kveld, ganske sjokkarta at våren plutseleg reiste sin veg.
Vi planta og ordna til påskeliljer og stemorsblomster på terrassen laurdag, men dei ser nokså fornærma ut i dag...  Dei klarer seg nok, og eg kryssar fingrane for at dette vèret går fort over.

Nyt veka!

Elin
  

tirsdag 13. mars 2012

Black & white






Skåler frå Herlighet


Black & White... 

Det regnar og er trist vèr hos meg, men vart i 
bedre humør av desse bilda ;) Putestabelen i
bakgrunnen lengtar etter å kome ut på terrassen! 

Det gjer eg også...



Elin



onsdag 7. mars 2012

Kjøkken - Kitchen










Enkle, kvite gardinkapper, nye møblar på vei inn i rommet, kvite ranunklar på det gamle bordet... Grunn både til å kjenne vårstemning, og STOR forventning til investeringane eg har gjort i det siste. Kjenner at blodet pumpar litt fortare i årane av spenning :) Og det kan jo trengast etter dei siste månedane. Håper postpakkane mine er her SNART!

*

Eg har fått eit nytt favorittblad; KK Living. Har lest og bladd i det fleire gongar. Noko som eg ikkje får til med andre interiørmagasin for tida. Det er ikkje det at der var så mykje som akkurat er i mi interiørgate, men der var så mykje som fekk meg til å tenkje nytt. Vi var på besøk hos Irina i sommar, og ho meinar at eg treng meir fargar rundt meg. Det kan godt hende? Men til opplysning er jenterommet i huset i ferd med å få ein makeover, og der blir det nok ein del Irina-fargar ;) 

Sånn ellers har eg funne ut at mine "fargar" er nok musikken som alltid strøymer ut i dei romma eg oppheld meg i? Eg er avhengig. Må ha fin musikk når eg skal kose meg, slappe av, trene eller vere kreativ. 

*

Eg har kome i gang med ny behandling i dag, og etter kvart skal eg i gang med eit nytt treningsopplegg for ryggen min. Eg har klart meg uten krykker siste veka, og kjenner at det var mykje kjekkare å lage blogginnlegg i dag, med ein nakke som er veldig takknemleg for å sleppe belastninga ved krykkebruk. Kanskje innlegga blir litt hyppigare? 



Ha det fint!


Elin



søndag 12. februar 2012

Jubileum på kjøkkenet




















Feirer mine 250.000 besøkende med bilder frå kjøkkenet. Ein vakker dag i
februar 2012. Det snøvar lett ute, og det nydelege lyset fyller heile huset. Ei fryd
å fotografere! Tenk at det går så raskt mot vår!


Velkommen til alle nye følgjarar,
og IGJEN takk til dei som tek seg tid til å leggje att
nokre ord til meg! 


Elin


fredag 10. februar 2012

Purple in the kitchen









Ynskjer alle som er innom ei herleg helg!
Wish you all a wonderful weekend!


Elin



lørdag 22. oktober 2011

Kjøkkendetaljar











Vinteren som var innom trekkjer seg tilbake, vèrvarsla er fantastiske...
Den grøne basilikumen gjev kjensle av sommar... I alle fall
haust lenge enno... og til deg som lurte, finn ingen
merke på boksane om kven som er
leverandør? Skal sjekke.
Dei små metallskålene
er frå Madam
Stoltz.

Fann det ut : boksane er også frå Madam Stoltz :)


Laurdagen blir travel, familiemiddag
med 11 rundt kjøkkenbordet.
Men aller først ein lang
tur til fjellet...


Nyt din dag!

Elin