Gratulerer med dagen Norge!
Eg er så strålande lukkeleg over å få bo i eit så flott land!
Akkurat no befinn eg meg i Geiranger, og noko meir norsk kan ein vel knapt finne?
Pinsa står for døra, den eine kjekke begivenheita etter den andre!
Eg mumla visst om tapas sist eg var innom bloggen, men eg valde å lage ein liten vri i går. Ungane åt opp alt før eg rakk å snu meg rundt, så eg trur det var vellukka? Det er ein sann nytelse å lage mat i hagestova igjen. SÅ mykje kjekkare enn å stå inne ved kjøkkenbenken. Og når temperaturen er stigande, og vèrvarsla fantastiske, så er det berre å belage seg på å bo her ute :) Og det skal eg. No er det sommar! Og den skal nytast!
Har du lyst å prøve deg på ein nydeleg
Philadelphiarull à la Elin?
Smør ei tacolefse med philadelphiaost og Red Pepper & Aubergine pesto frå Nicolas Vahè.
Legg skiver av chorizopølse med grøn pepper utover lefsa. Dekk over med salatblad og tynne skiver med snackpaprika og vårløk. Rull saman lefsa, fest med tannpirker så den held seg saman før servering.
Så er det berre å nyte smaken av sommar!
Ha ein flott dag alle der ute!
Elin