...

lørdag 30. juni 2012

Heimelaga kulesmykker, hagestovebilder, og ein heldig vinnar!







Har forelska meg i stråhattar og treperlesmykker i sommar. Og det er slett ikkje eg som har funne ut at dette er fint på veggen. Har sett det rundt omkring hos mange andre bloggarar. Eg såg på eit slikt smykke i Bergen, som kosta sekshundre raske. Det var finsk design, men ikkje heilt etter mi lommebok. I dag kjøpte eg treperler på hobbybutikk, og laga smykker sjølv.

Og slik vart det på veggen i hagestova. Årane fann eg i fjøra etter orkanen. Hadde tenkt å måle dei, men likar så godt den sletne looken dei har. Dei får henge slik for no. Den andre rariteten som heng på venstre side, er eit gamalt bringetre; eit slikt som vart brukt for å hente vatn og andre tunge ting. Buen skal liggje rundt nakken, og så festa dei på ei bøtte på kvar side. Smart!


Så kan det vel passe med ein trommehvirvel?

Den heldige vinnaren av eit flott TineK
teppe frå Ølen møbel er:



Eg valgte å trekkje, sidan eg ikkje klarte å bestemme meg for kven som skulle vinne!
Tusen takk til alle som var med, eg veit ikkje om Draumesidene er skapt for å utfordre folk, men det gav meirsmak! Den neste trekninga her inne blir imidlertid ein GiveAway som startar ganske snart.  Må feire rundt tal på teljaren min ;)


Ha ei fortsatt FIN helg!


Elin

fredag 29. juni 2012

Svart og kvit sommarstove







Halloen! Eg er akkurat tilbake frå ei strålande veke i Bergen by. Vi har kosa oss veldig, ete masse is og hatt det herleg i sola! Eg fekk med meg Home & Cottage (litt skuffande...) og eit aldri så lite stopp på IKEA. Men mest av alt har vi fire i familien vore saman. Ikkje heilt ukomplisert å vere på roadtrip med dårleg rygg, men turen hit igjen gjekk veldig bra. Så gløymer eg fort det som ikkje var like bra. Takksam for å ha vore på så fin tur! :)

Har fått nokre spørsmål om utfordringa eg har på gang, med nydeleg teppe frå TineK og Ølen møbel som blir trekt i morgen. Eg utsatte fristen til 30.juni, men gløymde å forandre fristen på inlinkz. Har du eit bidrag, gi meg eit hint i kommentarfeltet under her. Skal ta med dei som har sagt frå lenger nede her også.

Får kritikk innimellom fordi eg ikkje brukar meir fargar i interiøret. Det er greit. Smaken er forskjelleg oss menneske imellom, og eg har ein kjærleik for svart og kvitt. Mange av møblane måla eg svarte når lillebroren var liten, han blir sju år til hausten. Det er ikkje no eg har blitt hekta. Ikkje den heilt store interiørhandelen i Bergen, men to gigantputer frå IKEA blei med heim. Og eit pledd.


Håper alle fine der ute får ei flotte helg!


Elin


søndag 24. juni 2012

Litt meir hagestove, og litt meir sommar!


 

 




 

Litt meir bilder frå hagestova, eg får stadig litt meir på plass.Vi har hatt ei flott midtsommarshelg, med herleg sol og varme. Har til og med tatt bilder i bryllup, ei venneteneste som sat langt inne. Men det viste seg å vere veldig kjekt! Ikkje det at eg lengtar etter fleire bryllup med det første, men eg er ei fin erfaring rikare.

Blomsterbuketten på bordet er plukka frå eigen hage, det er så vakkert i naturen no! Kan stå i lange periodar og berre nyte synet av alt som blomstrar. Lukte, late att augene og berre vere. Leve. Eg elskar sommar. Elskar varme, fine dagar der kroppen er snill, og opplevingane mange. Sånt som ein blir takksam av.

Eg er også takksam for alle som besøkjer Draumesidene. Tenk; snart passerar teljaren 300.000 unike treff... Kven skulle trudd det for 3 år sidan? Eg oppretta første bloggen min i juni 2009. Men vart ikkje aktiv med innlegg før i oktober same året. Eg vil sjølvsagt feire dette, og har nokre hemmelegheiter på lur ut i juli. Eg har bursdag 07.07, så det kunne nok vere ein passande dag å vere gavmild på? ;)


Elin

 

fredag 22. juni 2012

Mirakel skjer, og godbitar frå Blackballoon :)




Det kan skje mirakel i 2012 også. Tenk at behandleren min fekk skikk på rygg og fot...
Eg kan nesten ikkje tru at det går an... Blei så lei meg når krykkene måtte fram. Er van med at det då går ei stund før ting ordner seg. Men beste Leif tok imot meg i ferien sin på kveldstid, og fekk skikk på musklar som stod i spenn. Fantastisk å ha slike medmenneske!

Tusen - tusen takk for alle fine helsingar! Dei betyr
ekstra mykje når dagane er tunge!

Hadde ein fin dag i går nede ved sjøen saman med ungane, med forbereiingar til Jonsok. P.g.a. vèrvarsla blei feiringa lagt til i kveld. Bålet er i ferd med å ta form, ungane i bygda skal få hjelpe til seinare i dag å fylle på under "tipien" av store stokkar dei vaksne sette opp i går kveld. Jonsok er altså St.Hans ;) No har meterologane for sikkerheits skuld meldt finevèr til i morgen også. Så då feirer vi sjølvsagt to gongar! :)

Det er ikkje så ofte eg bloggar om personlege opplevingar, men eg har lyst å vise dokke nokre bilder av paradiset vårt nede ved fjorden. Det er der eg ladar batteria, og finn uendeleg med inspirasjon. Så kanskje dukkar det opp eit innlegg i løpet av neste dagane?

Fin feiring til alle der ute!


Elin

onsdag 20. juni 2012




Vart plutseleg hjelpelaus igjen, krykkene måtte fram.
Fotoapparatet får kvile seg. Saknar å blogge. Fekk til å ta litt bilder
på kjøkkenet. Kanskje skuffande for dei som er innom? Eitt bilde?
Men ein seier for meg.

No er det kjempeviktig å ha fokus på dei rette tinga.
At livet kan vere godt. At det blir det igjen. At ting berre tek tid.
Eg skal nok kome tilbake snart?


Elin

mandag 18. juni 2012

Moods, tistlar, kjøkken og stove ein sommardag







Tistlane er ein av mine
sommarfavorittar...
Det er også svensk musikk.  

Moods of Norway likevel.
Storesøster har handla seg ny genser.
Den flotte papirposen med gulltrykk
friskar opp på kjøkkenveggen.
Er ikkje gull det store til hausten?
Dette får vere ein liten forsmak...

Tusen takk for alle besøk og fine ord i går,
smiler når eg tenkjer på at eg var tett på å slutte
å blogge i vår. Tenk å ha gått glipp av alle nye
bekjentskap, og alle fine kommentarar?
Galskap...

 
Elin

søndag 17. juni 2012

Kveld på terrassen og i hagestova

 
 
 





Det blir visst ein del utebilder, dersom vèret held seg ;) Ser imidlertid dystert ut for komande veke... Desse bilda er frå seint i går kveld. Mørket er borte for no, eg NYT det! Å kunne sitje i hagestova med masse levande lys, fjorden så vakker, og fjella bada i raud kveldssol. Kunne takla eit slikt syn kvar dag! (men då hadde det kanskje ikkje vore så intenst og vakkert?) Eg har også fått planta litt i helga. Eit nytt oliventre, og ei heil korg med lavendel. Eg ELSKAR lavendel! Forøvrig har eg også lagt min elsk på støypte krukker, saman med fletta korger. Synes kontrasten er veldig sjarmerande.

Har også fått lest litt i helga, og kan absolutt anbefale Ellen Jahr`s bok Drømmekraft.
Fann den via Anette Willemine, og er så glad for det! Eg treng på mange måtar å finne igjen meg sjølv etter mykje motgang. Denne boka gav meining. Er halvvegs, gleder meg til å lese resten! Du finn facebooksida til Ellen HER!

Synes ikkje det er lenge sidan sist gong eg skreiv,
ha ei fin ny veke? Men eg seier det igjen +
NYT sommaren, uansett vèr!

Elin


fredag 15. juni 2012

Flott premie frå Ølen Møbel til ein heldig som er med på utfordringa mi :)






Har den store gleda å meddele at ein heldig deltakar i utfordringa mi får eit NYDELEG TineK teppe, frå Ølen Møbel. (som vist på øverste bildet, airystripe 140x200) Teppet er vakkert i sofaen eller i ein stol, men kan også brukast som teppe på seng. Det er kvit og svartstripa, just how I like it ;) Kanskje eg skal velge meg sjølv som vinnar? Eg laga jo eit innlegg, for å teste inlinkz? ;) Freistande... Men det blir som sagt ein av dokke flinke der ute. Eg har flytta fristen for å vere med til 30.juni, slik at fleire kan rekke å vere med. Grusomt som eg maser?
Vis meg mønster eller TineK! Trykk HER for å bli med!

Fann nokre TineK bilder som eg ikkje har sett før, viss du vil sjå fleire trykk HER!
Artig at der var ei åre på siste bildet, eg hang opp to årer før i veka. Fann dei i fjøra etter orkanen. No har dei blitt veggpryd i heimen her. Skal ta bilder av dei ein annan dag. Eg er ikkje i storform, og det viser att på bloggen. Men kanskje neste veke blir bedre?

Ynskjer alle ei FLOTT helg!


Elin

torsdag 14. juni 2012

Endeleg kvite golv på loftet!









Mannen måla gangen og loftstova sist helg, og det vart berre lekkert!
Lillebror har venta og venta for å få tilbake "rommet sitt", men er så glad for at der ikkje er noko å rydde før helga ;) Aldri så gale... I dag har vi vore i Geiranger, der storesøster har vore med på eit hesjestaurprosjekt. Passar jo godt, sidan mora også er hekta! Det var ein fin tur, turistane er på plass, kaoset har starta på veiane her. Men det er slik sommaren skal vere. Utstillinga av staur er ved  Fjordsenteret, anbefalar alle eit besøk til den vakre fjordbygda, og det flotte opplevelsessenteret!


Elin

søndag 10. juni 2012

Bilderas frå hagestova


 








Lite blogging siste dagane, grunna vakkert vèr. Eg held på å klargjer hagestova for ein ny herleg sommar. Det fine er at glasdørene skaper sommar inne, uansett vèret ute. Det kan jammen vere ok, når ein bur på Nordvestlandet ;) Ein kan sjølvsagt drøyme om masse nye ting når ein skrur opp heimelaga hyller, men eg prøver å gjenbruke. Det er ei utfordring i seg sjølv. Å sjå nye måtar å bruke gamle ting på. Borda i huset har fått flytte på seg, mannen har slept rundt på dei i helga. Han har også måla ferdig golva i loftstova og gangen i andre etasjen. Fortener vel skryt for det? Det vart så mykje lysare! Det turkise bordet er på vei opp dit, medan kassebordet mitt frå loftstova har funne seg ein ny plass på hagestova. Veldig praktisk, sidan eg klarer å trille det rundt på eiga hand. Dessutan er det mykje bedre plass til stolar for besøkande :) Og det håper eg det blir rikeleg av på fine dagar og i lyse kveldar i månadane som kjem!

Ha ei ny, fin veke! Eg dukkar nok opp
igjen om ikkje alt for lenge?


Elin

 

fredag 8. juni 2012

Inspirasjon som varer og varer










Vi var nokre dagar i Trondheim i fjor sommar. Ein dag var vi på Pirbadet, der eg valgte å sitje tørt og lese interiørblad. Begge blada eg kjøpte var VELDIG inspirerande! Eg har plukka fram begge to med jevne mellomrom, både i fjor haust, vinter og no seinast sist veke. I Elle Decoration juni 2011, er nokre bilder eg berre elskar. Glad vart eg då, når Greige viste desse bilda i eit innlegg! Huset tilhøyrer ekteparet bak interiørhuset Day Birger og Mikkelsen, og ligg på St.Barts.

Eg hadde slett ikkje hatt noko imot ein ferie der...

Ha ei fin helg,
her er det strålande sol,
og dårleg med
blogging!


Elin