Frykteleg lyst på ny lampefot, eller kanskje fleire? Det hadde eg også...
Og draumen var denne :
TineK sin lekre, men akk så dyre variant...
Kva gjer ein då? Jau, då lagar ein seg ein fot som liknar vel? ;)
Fann desse lysestakane på Kremmerhuset for litt sidan, til under 200-lappen pr.stk.
Hadde først tenkt å måle dei, men det blir ikkje noko av.
Berre ELSKAR den sletne trefargen!
Etter litt shopping på Clas Ohlson, av ferdigpakke med ledning og pæresokkel,
måtte eg ha hjelp. Min SNILLE snikkarven Kristoffer klarte å borre eit 7mm hol ned gjennom
lysestakane. Eg hadde på førehand skrudd opp alle skøytar, og limt med kontaktlim, for å styrkje dei. For å gjere stakane litt høgre, sagde eg av to trebitar (av hesjestaur, men her kan ein bruke nesten kva som helst) og limte på toppen. Desse bora eg gjennom sjølv med same type bor. Deretter brukte eg verkty eg ikkje kan navnet på, og hola ut litt ekstra for å senke pæresokkelen ned i trebiten. Eg klipte av dei originale kontaktene, og tredde så ledninga ned gjennom alle delane, deretter limte eg fast trebiten og sokkelen med kontaktlim.
Det vanskelegaste var å få ledninga til på undersida. Eg bora inn i sida på staken nesten heilt nede, og halla på boret, slik at eg kom ut gjennom botnen på skrå. Så laga eg ein "gang" som ledninga kunne ligge oppi under staken. Sjå på bildet eg legg ved; dette vart litt vanskeleg å forklare. Men det gjekk alldeles strålande, er nesten overraska sjølv?
Har enno nokre utfordringar m.t.p. å få laga til fester til lampeskjermane som skal på, dei skal ikkje ned over pærene. Men det skal eg vel få til?
Så no ventar eg spent på ting eg har bestilt til huset. Bl.a. nye lampeskjermar. Eg tenkjer at eg har spart så mykje på lampeføtene, at eg kan ha litt dyrare skjermar?
Eg er i alle fall veldig fornøgd med resultatet! :)
Og du kan lage lampeføter av mykje rart?
Kanskje du fekk ein idè? På Clas Ohlson har dei i alle fall alt du treng!
Eg skulle gjerne hatt bilder av prosessen undervegs, men eg orka ikkje å ta bilder i tillegg til alt det andre eg måtte gjere... Skal heller passe på å gjere dette neste gong eg ordner nye lampar ;)
NB! Ein skal ha hjelp av elekriker for å koble kontakter på nytt...
Inspirert?
Prøv, dette var eit av dei kjekkaste
prosjekta eg har hatt på lenge!
Elin