...

Viser innlegg med etiketten GiveAway. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten GiveAway. Vis alle innlegg

tirsdag 2. oktober 2012

Giveaway med 6 flotte premiar!

 
 
Eg håper mange vil vere med!
 
Denne gongen er det eitt lodd pr. kommentar
 
Vil du likevel bli følgjar av A
bloggen eller Draumesidene på facebook er det veldig hyggjeleg! Setter også pris på linking og deling av bodskapen på blogg/fb og andre sosiale medier! :)
 
Og dei flotte premiane er som følgjer :
 
 
 Landcharm er kjent for dei
gamle/brukte møblene som dei
pussar opp, og gjer unike. Butikken
lagar også krakkar og hyller sjølv,
etter mål for kundar. Elles finn 
du mykje fine merker i butikken!
Ta deg ein tur innom HER!  

 
 Nyblom Kollèn forbinder eg med jul!
Men eg ser jo at der er masse flott
for heilårsbruk også! Eg er så heldig å
få gi bort noko fint til ein heldig
vinnar! Gå inn på nettsida HER,
og finn ut kva du ynskjer deg!
 
 
 
Eg har tidlegare skrevet om at
eg fann Pure&Original måling hos
Karisma i Ålesund. Dette er ein fin
interiørbutikk med mange fine
leverandørar. Bl.a. RM og Gant.
HER kjem du inn på facebooksida
til butikken! Lyst å vinne denne
flotte Gant puta? 
 
 
 
 
Nok ein gang er Herlighet gavmilde!
Ein av mine favorittar for tida er
Nicolas Vahè! Eg misunner stort
vinnaren av desse produkta!
Trykk HER for meir
produktinformasjon
og bilder frå Herlighet!
 
Det er ei stor glede at også Åhlens
er med på GiveAway denne gongen!
Og det med eit valgfritt sengesett
som eg synes er så fint! Gå inn HER
på Åhlens sine produktsider, 
og finn din favoritt!
 
 
 
Til slutt ein flott premie frå
Emmas Verden! Der finn du både
interiør og klede. Butikken spanderer
lekker pute til ein heldig vinnar!
Du finn fb-sida med meir 
fine ting HER!
 
 
 
 
 
Eg er alldeles overvelda over dei
flotte premiane, og håper at flest
mogeleg tek seg tid til å skrive
ei lita helsing og bli
med i trekninga!
 
 
 
DERSOM DU IKKJE HAR BLOGG:
 
TRYKK PÅ KOMMENTARAR, DERETTER SKRIV
DU EI HELSING, TRYKK PÅ ANONYM
OG PUBLISER.
 
HUSK Å LEGGJE ATT SÅ MYKJE INFORMASJON,
AT EG KAN KONTAKTE DEG VISS DU VINN!
 
 

 
 
TIDSFRISTEN FOR Å DELTA ER UTE!
 
 


mandag 10. september 2012

Og den heldige vinnaren er ...

 
 
 


 
 
 
 
Lodd nr.32!
 
 
 
 
Og tusen takk til alle som vart med!
Har skrevet side opp og side ned med navn og nummer.
Alle lodd kom med i trekninga.
 
 
Elin
 
 
 


søndag 2. september 2012

Soverommet vårt, og GiveAway med sengetøy frå BeachHouseCompany

 











 
Sengeklede frå BeachHouseCompany, sengeteppe frå Himla, butikk Herlighet, pynteputer Home og tepper frå By Nord, butikk At Home. Glitterputa laga eg av ein topp frå BikBok, nedsatt til 39 kr ;) 
 
 
Eg får av og til mailar frå produsentar som vil at eg skal prøve produkta deira og reklamere for desse. Det er svært sjelden eg takkar ja. Men sidan eg allereie hadde fått eit godt inntrykk av svenske  BeachHouseCompany via Kjerstis lykke, var dette tilbodet litt for freistande. Eg har sjølv fått tilsendt eit sengesett i Plain White og ein nattkjole i kvitt, og føler verkeleg at eg kan anbefale produkta vidare! Der er mange fargar å velge i forøvrig. Selskapet ynskjer å kome inn på den norske marknaden i nær framtid.
 
Nattkjolen er av svært mjuk kvalitet, og er veldig god å liggje i. No skulle eg sjølvsagt ha vist fram herlegheita på meg, men p.g.a litt for mykje celulittar i kneområda mine, trur eg ikkje så mange hadde blitt imponert av akkurat det. Men Kjersti såg smashing ut i sin, du kan sjå bilda hennar HER. Kjersti er forresten dama bak ein av mine yndlingsbloggar!

Sengekleda var uvante, veldig mykje stretch i dei. Ikkje slike med "stivelse"i,  som eg er mest van med. Men det skulle vise seg at ein av og til bør prøve nye produkt! Veldig fornøgd :)
 
Det finaste med heile opplegget, er at eg får lov å gi bort eit sett til ein heldig lesar av Draumesidene! Det er ei stor glede å invitere til GiveAway igjen! Den blir trekt allereie neste søndag, så meld deg på snarast mogeleg :) 
 
Det er to kriterier for å bli med:
 
1. Du må gå inn på BeachHouseCompany sine sider og finne ut kvar dei hentar inspirasjonen sin frå?
 
og
 
2. Du må fortelje meg kva som er din favoritt interiørbutikk!
 
Ganske enkelt?
 
Svar på spørsmål 1. og 2. i ein kommentar under her.


 

 
 
1 lodd - kommentar
1 lodd - følger
1 lodd - dele/linke på blogg eller facebook,

bruk gjerne bildet over her :)
 
 
 Bli gjerne med, sjølv om du ikkje har blogg sjølv eller gmail konto, men husk å skrive ei adresse som eg kan nå deg på!
 

Ver snill å skrive kor mange lodd du tek
nederst i kommentaren din!



Lyst å bla i katalogen? Trykk HER  
 
 
 
Fristen er ute!
 
 
Elin





mandag 16. juli 2012

Er gult kult? Og får eg meg betongvegg?





Som mange av dokke sikkert har fått med seg, har eg takka ja til ei reportasje her i heimen i september. Det var leeenge til september når eg sa ja, men kva er det som skjer med kalenderen??? Det er jo snart september??? Eg har ei ynskjeliste. Og viss eg var rik, kunne eg nok fått til det meste i løpet av neste månedane. Men tenk; eg er ikkje rik. Ikkje litt eingong. Det er då ein må vri hjerna for å finne rimelege løysingar. -du har det meir enn bra nok, seier mamsen min. Så for å forklare henne kva eg føler rundt dette, sa eg at det blir det samme som at ho setter fram ei av sine fantastiske kaker, halvsteikt... eller halvpynta... Det behøv nemleg ikkje vere dyrt å få eit hus til å sjå gjennomført ut. Ein gjer mykje med litt rydding, vasking og styling. Grin du på nasen no? Vel, eg er av den formeining at orden har mykje å seie. Og orden over alt er her sjelden. Det går i rykk og napp, men akkurat denne eine dagen i september vil eg at her skal vere ship shape. Sånn er det med den saken.Og så er det dette med å bruke ting på nye måtar. Å kunne vise fram ting som ikkje alle andre har. Eller kanskje har, men ikkje heilt veit korleis dei skal bruke?

Mitt neste prosjekt er ein betongvegg på soverommet, i alle fall ein lookalike... Mannen har høyrt om dette i fleire månedar, og sidan eg er ganske hjelpelaus m.t.p. fysisk arbeid for tida, treng eg hans hjelp. Og han ser ut til å vere klar? Gleder meg! Ellers har lillebror stilt store spørsmålsteikn ved den store interessa rundt storesøster sitt rom. Han vil også gjerne fornye seg... Ja, ja. Kva med knall gule detaljar skal tru?

Viss du har lyst til å vinne ein knall gul, blå eller lilla Muuto lampe (som vist i collagen) eller andre fine premiar, rekk du å melde deg på GiveAwayen min før helga. Trykk HER for meir informasjon!

Det er ein spesiell dag her på Draumesidene. Følgjar nr.700 har nettopp lagt seg til. Noko eg er så forferdelig glad for! Tusen takk til alle som er innom her, eg kan visst ikkje få sagt dette ofte nok! I dag har eg også fått mange besøk via facebooksida til Tips & Inspirasjon Til Hjemmet, der dei har lagt ut bilder og link hit til bloggen min. Anbefaler deg å LIKE sida deira, der er MASSE flott inspirasjon heile tida! Det å bli linka til er veldig kjekt, og det er slik stas å bli oppdaga av nye interiørglade menneske. Gir eit solid løft i bloggekvardagen :)



Elin


søndag 8. juli 2012

Tivoli PAL+






Søtaste DAB radioen er blitt min! Ikkje verst å ha bursdag? Eg ynskte meg høgtalar til mobil/data, og så fekk vi tips om at denne radioen var fin fin til slikt bruk. Svært god batterikapasitet (på ca.6t?) gjer at du kan ta denne søtnosen med på tur. Vi hadde musikk i naustet i går via Spotify/mobil og denne. Akkurat no har eg kobla den til pc`en, og kosar meg ENORMT med yndlingsmusikken min. Eg har massevis av musikk eg er glad i, akkurat i dag har det gått i bl.a. Eva Cassidy, synes ho var/er fenomenal... Ladar batteria etter bursdagsdøgnet mitt, ein ubeskriveleg fin dag, kveld og delvis natt. I morgen har eg ei voldsom utfordring, og skal slappe av resten av dagen. Ser ut som om eg kan dele med lesarane mine også? Blir i alle fall VELDIG spennande! ;)

Eg har halde på med denne GiveAwayen min siste veka,
og som vanleg har det kome til ting eg ikkje visste om når eg starta. Forstår om det kan vere litt forvirrande, så her kjem eit oppsamlingsheat med bilder og informasjon :

Møbler og miljø gir bort ein Muuto taklampe, GUL, BLÅ eller LILLA




Herlighet gir bort 4 kjøkkenhandkle
frå by nord






hviit spanderer ein goodiebag
til ein verdi av 500 kr

Bildecollagen er samansett av nokre av mine
haustfavorittar hos hviit, kva som er i goodiebagen er ein overraskelse!

For at eg skal sleppe å telje saman kommentarar og lodd fleire stadar, har eg prøvd å sluse alle som vil vere med til


Reglane er :

Kommentar - eitt lodd
Følgjar - eitt lodd
Dele giveawayen på blogg eller facebook - eitt lodd

Viss du har lyst å melde deg på trykk


Eg trekkjer dei heldige vinnarane 20.juli!

Tusen takk til butikkane som har sponsa premiane!


Fin, ny veke til alle!



Elin

torsdag 5. juli 2012

Goodiebag frå hviit i GiveAwayen!


Det kjem til fleire premiar i GiveAwayen min. Denne gongen er det hviit som er gavmilde. Dei vil gi bort ein goodiebag til ein verdi av 500 kroner til ein heldig vinnar Hurra! Sidan hviit er ein av mine favoritt nettbutikkar, var det ikkje vanskeleg å takke ja til dette! Eg har handla ein del via nettet siste åra, det er ikkje alltid eg finn yndlingsmerka her i området. hviit har imponert med eit flott utvalg, kjempefin sørvis, og ikkje minst rask levering via posten.

 

Du finn hviit sin blogg HER, nettbutikken HER, og facebooksida deira HER!
Og giveawayen min kan du melde deg på HER!
Vèr snill å gå til dette innlegget for å melde deg på via ein kommentar, så har eg alle samla på ein stad :)


Elin 

tirsdag 3. juli 2012

Jubileumsbilder av kjøkkenet hos Draumesidene!




 


 


 

 
Tusen takk til alle som har meldt seg på Giveawayen min!
Reknar med at teljaren passerer 300.000 unike treff i løpet av neste døgnet. Heilt utruleg, i min målestokk. Som eg har sagt før, er ikkje dette så voldsomt å skryte av i forhald til andre bloggar som har drevet på like lenge, men eg hadde no ALDRI trudd at Draumesidene skulle få så mange følgjarar og lesarar!? Kjenner at eg har frykteleg lyst å oppnå endå høgare tal, ein halv million hadde vel vore supert! :) He-he, høyr på henne som ville slutte å blogge for nokre månedar sidan ;)

Som dokke ser, har eg valgt å blogge om kjøkkenet i dag. Rett og slett for at det er dette rommet flest lesarar setter pris på. I det siste har dette jevna seg ut litt, og det setter EG pris på! Litt kjedeleg å alltid fokusere på kjøkkenet. Har litt nye småting der, bilder av augestikkarar på kjøkkenvifta, lemonade, skjønne skåler i kvitt og sommarleg turkis, serviettar, lyslykt og sist, men ikkje minst, koppehandduk med fjør på. Alt frå Herlighet. Husk at du også kan vinne ein slik frå ByNord i giveawayen under her!

Vil ynskje velkommen til alle nye følgjarar som stadig dukkar opp i gadgeten på venstre side. Dei fyrste Draumesidene enda sine dagar våren 2010. 150 fjes som vart borte. Huskar eg lurte på om eg klarte å få så mange på dei nye Draumesidene mine? Overveldande at talet nærmar seg 700. Eg er både audmjuk og glad for dette! Også kjekt med alle som følgjer inne på Facebook, legg gjerne igjen spørsmål til meg der, viss det er noko de lurer på! Prøver også å svare på mailane som dukkar opp, berre hyggjeleg! Har ikkje vore så flink å fange opp spørsmål i kommentarfeltet, rett og slett fordi helsa har skranta siste halvåret. Eg lovar å skjerpe meg til hausten! :)


Akkurat no sitt eg i hagestova og ser utover ein djupt blå fjord. Sola skin frå nesten skyfri himmel, og eg kjenner ei lettheit og ei glede innvendig. Ryggen er vond i dag, men det prøver eg å ignorere. Ein får gjere det beste ut av det ein har. Og halde humøret oppe.


Tusen takk for at akkurat du les bloggen min!


God klem frå Elin!


mandag 2. juli 2012

Herlighet så FLOTT!



Det er ikkje berre Møbler og miljø som vil vere med å feire jubilèet til Draumesidene. Herlighet, ein butikk eg har eit nært og kjærleg forhald til, gir bort

4 herlege tørkehanddukar frå ByNord!






Eg måtte ha meg ein med fjør på...
Fann du ein favoritt?

Eg trur eg deler dei opp til 4 premiar? Så er lampen frå Muuto førstepremie, og så trekkjer eg ByNord produkta til 4 andre som blir med på GiveAwayen :) Lyst å bli med du også?

Elin