Får av og til mailar ang. peisen vår. Den er frå RAIS, og vi har teikna og bygd ramma rundt sjølv. Ein snekker hjalp til med monteringa av dei brannsikre platene, og ein faglært mann kobla den til pipa. Resten klarte vi sjølv. Peisinnsatsen står på lecasteinar inne i "boksen". Ristene oppe og nede, har eg fått laga hos ein mekanisk verkstad. Effekten av ovnen er veldig god, og vi tok vekk ei skyvedør mellom kjøkken og stove pluss litt vegg for å få bedre varmesirkulasjon i første etg. Noko vi er veldig glade for!





Nokre oransje appelsiner lyser opp på drivvedsbordet. Har ikkje plukka ned kanelhjerta frå den svarte tavla. Trur dei også skal få henge litt lenger? Eg har klart å plukke av juletreet i dag, og vi fekk det ut på terrassen. Men som eg har sagt før, eg har ein del vinterpynt, som kom inn i november, som skal få vere her lenger. Det er jo ikkje vår sånn med det same? Eg har imidlertid eit ynskje om å få i hus tulipanar eller ranunklar... Eg er heilt avhengig av skårne blomster i januar og februar. Skulle hatt det på blå resept, fordi eg føler at synet av dei gjer meg gladare og friskare.
Vil takke dei som tek seg tid til å leggje att kommentarar til meg! Det gir energi til å fortsetje med blogginga. Eg er ikkje så flink til å kommunisere med lesarane mine lenger, men det er ikkje noko eg har valgt frivilleg... Eg prøver å skrive litt rundt omkring, men dokke får beklage at det då manglar store bokstavar og slikt. Eg ligg når eg held på med pc`en, og det er ganske travelt å skrive. Nakken min er jo det største problemet til vanleg, og den er slett ikkje glad for all denne ligginga. Men det er ein overgang. Eg blir bedre for kvar dag. Men det kjem ikkje av seg sjølv. Det er vanskeleg å motivere seg til trening når det gjer vondt å bevege på seg. Men eg kjenner at det held på å bli bedre, eg klarer stadig meir. Tusen takk for alle som tenkjer på meg, og ynskjer meg god bedring!
Elin