...

Viser innlegg med etiketten Inspirasjonsbilder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Inspirasjonsbilder. Vis alle innlegg

lørdag 24. november 2012

Going to look for a new table in the forest...

 
 
 
 
 
 
olssonjensen


Mitt nye bord kunne gjerne sett slik ut?
Men du skal ha eit ganske stort tre til disposisjon!
Eg trur jula i år vil, som før, ha mange element av natur i seg.
Og det beste med det, er at julepynten min blir ganske billeg ;)





Du kan også kjøpe same type pynt, lekker kolleksjon hos OiSoiOi



Vi har eit fantastisk vèr her på morgenkvisten,
og eg skal garantert ut og leite etter inspirasjon. Fjella er kvite av snøv,
og gyldne av morgensol. Akkurat slik som eg vil ha det!



Nyt dagen!



Elin



onsdag 21. november 2012

Julestemning hos Ylva Skarp

 
 
 






 
 

 
via 79 ideas, via Magdalena Bjørnsdotter/ Lantliv


Min fasinasjon for Ylva Skarp, vart ikkje akkurat mindre etter å ha sett bilder
frå huset hennar. Rein nytelse, og herleg juleinspirasjon!

NYT!


Elin




Christmas inspiration

 
 
 

 
 
Fekk spørsmål i eit intervju i går om eg hadde planane klare for julepynting? Eg kan med handa på hjertet seie at her er INGEN planar! Med fjoråret ferskt i minne (ny prolaps 18.des), skal eg vere meir enn fornøgd viss eg klarer å gå på beina mine og dusje sjølv heile neste måned! Eg skal ikkje sutre eller klage over andre ting! Jula kjem uansett, det har eg fått erfare fleire gongar.
 
Men eg elskar å sitje på nettet og finne inspirasjon!
Så får eg sjå kva eg orkar å gjere av
kreative sprell ;)
 
Mi oppfordring må bli å stresse ned,
og nyte vekene som kjem!
 
Eg blir borte frå bloggen i dag,
skal oppdatere fotokunnskapen, har venta
på det i eitt år!!! Gleder meg :)
 
 
 
Elin
 
 


tirsdag 20. november 2012

Lovely inspiration from Germany

 
 






 
 
pictures by Wohnlust
 
 
Thank you so much for kind words Bianca!
I just love your blog!
 
Kanskje fleire finn  supre idèar til juleprosjekt hos denne dama?
Det er alltid noko på gang inne hos Bianca!
Eg er inne i ein straum av framsnakking.
Synes det er flott å kunne vise fram
andre bloggar! :)
 
Og så er eg så velsigna med
at andre snakkar godt om
meg også!
 
TUUUSEN TAKK alle der ute!
 
 
 
Elin
 
 
 


søndag 18. november 2012

Lovely...

 
 
 


 
all pictures via
 
 

 
 
 
Thank`s to Krissy for finding these pictures!
She has a blog with lot`s of Elin-inspiration!
One of this pictures has been on my livingroomwall since spring,
I cut it out of a magazine ;)
 
I just love black and white inspiration!
But I also try to put some colours in my interior.
Not always for a long time ... ;)
 
 
Elin
 
 


torsdag 13. september 2012

Glitter & gold

 
 
 
 
 
 

 
 
Eg har som sagt før blitt veldig forelska i trenden med gyldne innslag i interiøret. I dag presenterer Helle Tjaberg med bloggen eget rom, flotte bilder av ein designklassiker,  Doo-Wop. Lampen finns i fem fargar, i tillegg til messing.
 
Bloggen til Helle er vel verd eit besøk!
 
 
Eg skal ikkje slutte å vise eigne bilder, eg har berre hatt nokre fine dagar med arbeidslyst ;) 
 
 
Takk for fine kommentarar!
 
 
 
Elin
 
 
 


onsdag 12. september 2012

The magic of Line Klein

 
 
 
 
Via ein bloggfavoritt, Daniella Witte, kom eg over desse bilda i dag. Eg er SÅ glad for å ha funne vegen inn i verda til Line Klein! Snakka om det å bli inspirert i går, og det vart eg i stort monn inne på bloggen til denne flinke fotografen. Vart sitjande lenge og berre nyte bilder og komposisjonar. Eg har fått lov av Line å dele nokre bilder her på Draumesidene.
 
 










 
 
Fasinasjonen for mørkare bilder har vore på gang i meg sidan i vår og sommar. Trur det har mykje med TineK sine publikasjonar å gjere? Likar det litt mørke, mystiske uttrykket i slike bilder. Eg trur nok ikkje eg hadde klart å skape slik stemning i mine bilder, i alle fall ikkje no. Men det hindrar meg ikkje i å nyte magien andre klarer å skape i sine bilder!
 
 
 
Elin 
 
 
 


torsdag 9. august 2012

På leiting...










Inspirasjonsbilder lånte frå bloggen til TineK

Befinn meg stadig langt inne i draumeverda mi med vakre bilder og roleg musikk.
Venner meg sakte til at hausten nærmar seg. Og det kjennes godt å gjere huset lunare. Lampane er i bruk igjen på kveldstid, putene blir brukt meir inne enn på hagestova, og telysboksen er heldigvis full etter besøk på IKEA i sommar. Vi vil gjerne ha meir sommar, ikkje misforstå, men det er så godt å kjenne at eg godtar at det går mot mørkare tider. Men den varme sommaren; den kom liksom aldri i år heller? Kanskje neste år...

 
Elin

 


fredag 8. juni 2012

Inspirasjon som varer og varer










Vi var nokre dagar i Trondheim i fjor sommar. Ein dag var vi på Pirbadet, der eg valgte å sitje tørt og lese interiørblad. Begge blada eg kjøpte var VELDIG inspirerande! Eg har plukka fram begge to med jevne mellomrom, både i fjor haust, vinter og no seinast sist veke. I Elle Decoration juni 2011, er nokre bilder eg berre elskar. Glad vart eg då, når Greige viste desse bilda i eit innlegg! Huset tilhøyrer ekteparet bak interiørhuset Day Birger og Mikkelsen, og ligg på St.Barts.

Eg hadde slett ikkje hatt noko imot ein ferie der...

Ha ei fin helg,
her er det strålande sol,
og dårleg med
blogging!


Elin