...

søndag 18. september 2011

Hauststemning på hagestova



Eg ser at denne NIB utfordringa med haustfølelsen som tema, kom kanskje litt tidleg for min del ;) Held på å finn fram kosemoduset på hagestova i dag. Fyrte i peisen i formiddag, der var så kaldt. Men så kom sola for fullt, og vi enda opp med å ha alle glasdørene åpne på vid veg. 






Hübsch har bl.a. fantastiske boksar med strikka "pølser" utanpå.
Laga ein av eit herleg putetrekk som eg fekk av den flinke dama med bloggen Sol og bolig. Passar ikkje heilt, så eg hadde mamma her på rekognisering i ettermiddag, og lurte på om ho kunne å strikke sånt flettemønster ;) Eg strikkar nemleg minst mogeleg... Inni har eg ein stor tulipanvase, og eg synes dette er veldig dekorativt. Du finn liknande på inspirasjonssidene til Hübsch HER.

I morgen skal eg etter planen på besøk
til ulike butikkar i nærområdet. Kameraet blir med,
og eg skal på leit etter haustfavorittane til dei
som jobbar der. Spennende! :)

Ha ei vakker, ny veke!

Elin



Litt om forskjelleg i huset



Har fått nokre spørsmål i det siste om ymse i huset. Håper det er greit å ta dei alle i eitt innlegg?
Fargekodane på dei ulike romma her, bl.a. Ganske enkelt. Vi har EGGEKVITE veggar, golv og lister dei fleste stader. Men gangen oppe og nede er måla i fargen SAND frå Jotun, kode S2005-Y30R. Det står 1140 bak der igjen. Vi har brukt Lady 80 oljemåling på tak og lister då vi bygde, men det trur eg ikkje finns lenger?

På hagestova er det også brukt eggekvit måling på MDF plater. Dei andre veggane og dragaren i taket er kledd med uhøvla plank, og behandla med beis frå Jotun, farge DRIVVED.

Vi flytta inn i huset vårt i juni 1999, så nei det er absolutt ikkje nytt ;)

Den gamle skåpa eg pussa opp, måla eg med bengalac. Det er lurt å pusse lett over slike gamle ting, og deretter vaske med eit sterkt salmiakkvatn. Bruk hanskar! Eg grunna ikkje, og det var nok med to strøk måling denne gongen. Det varierer.





Og så eit bilde av frambygget på kjøkkenet, til henne som gjerne ville sjå dette. Eg veit ikkje kvifor eg ikkje viser huset frå alle vinklar? Det blir vel til at ein vel ut nokre motiv, og så går desse igjen? Men slik ser det altså ut innanfor dørene og vindua eg viste i eit innlegg før i veka :)



Trur eg huska på alt no? Eg prøver å få med meg når nokon spør om ting. Men viss du ikkje får svar, er det rett og slett fordi eg er ganske gløymsk til tider. Så minn meg gjerne på om det er noko du lurer på!

Stolen på bildet har forresten stått der i ti år, men har vore lite bloggifisert :)
Verdens beste Le Corbusier, når ryggen slår seg vrang!
(ja, det er ein god kopi...)



GOD SØNDAG!

Elin



lørdag 17. september 2011

Lovely in the kitchen...


Må innrømme at eg tok igjen augene, og lot som om det var juni...
Den store haustdugnaden i hagen er over, og når alt det visne vart borte,
oppdaga eg disse skjønnheitene i enden av eine bedet mitt. Og eg kom på kor glad eg blir kvar gong eg ser dei første prestekragane... DET er sommar det! Plukka med meg ein liten flokk inn igjen, og dei får stå og lyse på kjøkkenbordet i den gamle vasen eg har fått av mamma. Sola strålar også frå blå himmel. Hadde nesten gløymt kor vakkert her er i fjorden slike dagar? 





Makes me SMILE!



Elin



fredag 16. september 2011

Fredag på kjøkkenet :)



Det er ubeskriveleg herleg å vakne etter ei god natts søvn. Spesielt når ein ikkje har gjort det på ei stund. Feberen er borte, verken i kroppen er over. Nesten som eit under? Og så fekk eg arbeidslyst, eller d.v.s. eg tvang den vel kanskje fram i dag formiddag? For i dag er det fredag, og her har vore rotete i ei veke. Eg skal selge den gamle framskåpa mi, og i den anledning måtte eg tømme herlegheita. DU VERDEN kor mykje den romma??? Men no er alt rydda vekk, og bord og kjøkkenbenkar er atter tomme. Skåp prosjektet frå i går har fått plass på stova, og medan eg var i siget, skrudde eg opp veggskåpa som eg viste før bilder av HER. Ho er nesten ferdig. I alle fall nok ferdig til å hengje på veggen i helga. Ikkje nok med det; SOLA held på å strever seg fram!
 O lukke :)







Pizzalaging next. Og så ser eg VELDIG fram til å
sekkje ned i godstolen med gullrekka seinare i kveld...


GOD HELG!

Elin




torsdag 15. september 2011

Skåp av arva bord og fruktkasse


 
Eg har kjøpt det aller meste av gamle ting i huset. Men bordet eg viser her, har vore farmor sitt. Det var kanskje ikkje så fint for nokre tiår sidan, men eg elskar designet :) Akkurat passeleg Elin-stil. Blir veldig smigra når folk seier at dei ser at det er min stil. Trudde faktisk ikkje at eg hadde det? Det er ikkje måte på kor mange flotte kommentarar eg har funne i det siste. TUSEN takk! Bloggelysta aukar av slikt. Og til alle dokke nye; sjekk mine første innlegg HER og HER! :D

Sidan forma er laber, har det meste stoppa opp av prosjekt. Eg har likevel klart å setje ei gammal fruktkasse på toppen av farmor sitt bord, og eg trur kanskje det er ein stayer? Må vurdere det til i morgen. Har plukka inn ting frå hagestova også. Det er berre å innsjå at sesongen er på hell. Der er delvis isolert, og ein kan få opp varmen med stormfyring og varmevifte på full guffe. Viss straumprisane blir så lave, skal eg jammen benytte meg meir av hagestova framover ;) No ventar vi på sola. Ho skal kome i morgen. Og det er lova opphaldsvèr heilt til måndag... Og eg er sjuk... Dårleg timing... Uansett; eg har tenkt å kooose meg!








Ha ein underbar
torsdagskveld, kanskje er det fleire
enn meg som er varm i panna og blank i blikket?


Elin



Gangen, eller hallen om du vil



Det er eit rom eg bloggar om sjelden? Men tenkte å vise mi kvite loftstrapp i dag. Har fått ein del spørsmål om desse kvite golva våre. Korleis KAN ein med vetet i behald, velge å ha kvite golv??? Ja, det er eit godt spørsmål... Sikkert litt bedre å velge lysegrå måling? Vi moppar og støvsugar. Såpass kan eg seie :) Men som ei veninne av meg sa; rusket var det før også, men vi såg det ikkje så godt? Eg synes det går bra. Men det kan nok hende at eg riv meg i håret seinare? No er eg berre så glad over at her er lyst og lett, sjølv om det er grått ute. Og tett inni hovudet mitt. Forkjølinga stramma grepet i går kveld, etter ein dag på farta med lillebror. Vi måtte på sjukehuset ein tur, og eg kjende at det ikkje var det luraste eg har gjort. Men c`est la vie. I dag skal eg vere inne og bli bedre! Viss nokon ser solstrålar på bilda, er nok det ein trykkfeil? Men jammen kom sola ein tur innom. Fint å sjå at ho finns? Det er nemleg nysnøv på dei høgaste fjelltoppane på Sunnmøre i dag.









Elin


onsdag 14. september 2011

Kjøkken og stove klar for haust og vinter





Ny vedkorg kjøpt på Kremmerhuset er på plass ved peisen. Pledd og lykter er komne inn frå hagestova. Og fleire lysestakar prydar bord og kommodar... Det er midten av september. Ute høljar regnet ned, mildt sagt... Men vi har det veldig bra inne! Blir visst aldri ferdig å rydde etter den store omflyttinga sist helg. Prøver å ta litt kvar dag. Og då skal ein vel bli ferdig til slutt?

Eg har snart to års jubileum med Draumesidene. Tenk det... Føles faktisk som om eg har blogga lengre enn det? Bloggen har overlevd ein del store nedturar, og eg kjenner for å feire at eg og Draumesidene enno er online! Ser at teljaren også nærmar seg 200.000 unike treff. Flinke Kjersti, som har blogga like lenge som meg, har runda 700.000 unike treff. Slikt setter ting i perspektiv ;) Likevel trudde eg nok aldri at eg skulle få så mange besøkjande her inne. Følgjarskaren aukar for kvar dag. Nærmer seg 450. Dette er veldig stas! Takksam til kvar og ein som legg seg til i lista. For å feire dette, vil eg lage til ein GiveAway. Lenge sidan sist? Og denne gongen er eg så kjempeheldig at butikkar i området vil gje vekk ting til dokke som er innom :) Er veldig spent på kva som dukkar opp av premiar? Håper sjølvsagt at flest mogeleg vil bli med i trekninga! Kjem tilbake med eit innlegg om dette neste veke.


Nyt kvelden, regnvèr eller ikkje!

Elin


tirsdag 13. september 2011

Ein ny favoritt!



 




Fantastisk inspirasjon spør du meg :) Alle bilda er lånte frå danske Hübsch.
Eg har ein tendens til å falle for danske merker?


Elin

Vil du bli med ut på terrassen min? :)



I dag vakna eg med hovudverk, sår hals og rennande nase... Har kjent at det har vore i anmarsj. Det er haust, og den første forkjølelsen har tatt plass i kroppen. Eg HATAR når slikt skjer. Verken i kroppen og følelsen av å ikkje orke noko som helst... Det er då eg må mobilisere positivitet! Og kva er vel bedre enn å tenne lys og ha det koseleg rundt seg? Men aller først måtte eg lufte ut hovedetasjen. Veldig nødvendig etter helgas målingsmaraton. Så medan alle vindu og dører var oppe, kosa eg meg på terrassen med ein kopp te. Eg vil påstå at dette gjorde underverk. I alle fall med humøret mitt... Det er absolutt mogeleg å kose seg ute, sjølv om sommaren er over. Varme tepper og gode puter + strikkaraggar gjorde opplevinga himmelsk :)














No har eg flytta meg inn i godstolen, fyrt opp i peisen, og alt kjennes
mykje bedre :)


Berre å akseptere at ein vil gå for halv maskin nokre dagar.
Fint du ville bli med ut ein tur!


Tusen takk for alle fine kommentarar!


Elin



mandag 12. september 2011

Kjøkkenbilder



Godt val av tittel på innlegget i dag? ;) Ikkje alltid eg er så oppfinnsom...
Eg har vore og stemt, og hatt behandling på nakken min. Det er alltid spennande å sjå kva som skjer utover dagen, etter å ha blitt strekt og trykt på den staden eg helst ikkje vil at nokon tøtsjar i det heile... Men for å kome vidare, må ein av og til sjå sine største redslar i kvitauget. Slik er det i alle fall for meg. Eg held på å få igjen bevegelsen og finmotorikken i området der den største prolapsen min sitt. Etter tre og eit halvt år med smerter. Forstår at folk flest ikkje kan forstå at eg går sjukmeld, men eg prøver så godt eg kan å bli så bra at eg kan arbeide meir igjen. Eg er berre SÅ glad for alt eg klarer, og at overskuddet aukar sakte men sikkert. Eg likar å kunne blogge meir, og skrive reportasjer innimellom. Fekk tilbod om meir skrivearbeid i dag, og det vart eg veldig glad for. Slikt varmar; at folk har trua på ein, sjølv om ein kanskje ikkje synes at ein er god nok sjølv. Eg må likevel skunde meg sakte, slik som eg har gjort siste månedane. Ikkje alltid like lett, når ein er van med å jobbe store delar av døgnet, og ha energi til alt ein ville i fortida.






Og så nokre bilder av kjøkkenet ved komfyren.
Eg brukar stativ når eg tek bilder, meir og meir. Det er ganske tungt å
halde kameraet. Eg har også blitt hekta på å formidle alt lyset vi har i huset.
Med lang lukkartid, er det vanskeleg å få bilda skarpe. Eg brukar framleis PhotoScape og Picnik når
eg redigerer bilda mine. Gratis på nettet begge to. Men snart skal eg på PhotoShop kurs,
og gleder meg som ein liten unge! Håper å lære masse i løpet av kurskveldane!

Tusen takk for alle fine kommentarar! Trur eg var innom alle som var
innom meg i går? Finn stadig nye bloggar på denne måten. La
spesielt merke til Sommerjenta sin blogg, masse flott
inspirasjon! :) Legg gjerne att nokre ord, for eg
prøver å gjere gjenbesøk. Forklaringa på
lite kommentering, finn du øverst i
dette innlegget ;)


Oppfordrar alle til å bruke
STEMMERETTEN sin i dag!
Godt valg!


Elin


søndag 11. september 2011

Kveld på "nytt" kjøkken







Eit lite glimt etter nokre timars rydding...
Det er heilt utruleg kor stor forandring nokre liter golvmaling
kan gjere ei helg i september...


Ha ei flott, ny veke!


Elin

Tomt kjøkken, spennende å skulle møblere igjen!








Pute frå Emmas Verden, Hjerte frå HOME


Eg held på å psyker meg opp til å flytte ting inn på kjøkkenet igjen.
Ikkje så lett å kome i gang. Har lyst å vere SÅ nyskapande og kreativ, at eg kjenner
at eg har fått prestasjonsangst... ;) Neida, det skal nok gå. Men det er spennande! Veldig!
Alt er kvitt, og eg føler det akkurat som om eg skal måle eit bilde. Skape symmetri, velge ut fargar...
Men aller først var eg på ein lang fjelltur. Fann inspirasjon i naturen, og ikkje minst ro etter ei hektisk helg.
Får besøk av ei som les bloggen min seinare. Ho vil så gjerne kjøpe nokre gamle ting av meg? Mannen i huset er SÅ klar for akkurat dette... Eg har ein tendens til å knyte meg emosjonelt til tinga eg
ordnar og pusser opp? Men eg prøver å tenkje at eg kanskje kan kjøpe noko nytt, for eg
har ei veldig lang ynskjeliste liggande...



Elin


lørdag 10. september 2011

Svar på spørsmål om mitt lyseblåe locker :)








Fekk ein del spørsmål om skåpa mi etter innlegget i går. Slikt er berre koseleg!
Har handla meg nye, kvite hjerter hos HOME i Ålesund i dag :) Fall pladask, og måtte ha to til å ha på dørene. Dei to gråe som hang der i går, har andre faste plassar i andre etasjen. Dei er forresten frå Walter & co. Trur nokon spurde om det også? Desse eg har kjøpt i dag, er frå BC. Har fått kvitt skinn av ei snill dame, og skal sy skinnreimar til å åpne dørene med. Har sett dette på kjøpeferdige lockers, og synes det er tøft. Er vel lov å kopiere litt eller? ;)


Velkommen til alle nye følgjarar, ser at fleire har funne veien hit via NIB, bildet frå hagestova kom med i inspirasjonsgalleriet. Eg setter enormt stor pris på at bloggen blir lest, for som Keiserane i Tr.Heim skreiv i eit innlegg, klart ein bloggar for sin eigen del. Men du verden så stusseleg det hadde vore viss folk ikkje ville sjå bilder og lese tekst? Då kunne ein jo like godt halde alt for seg sjølv?


Håper du har ein fin fin laurdagskveld!


Elin