...

Viser innlegg med etiketten Oppussing av møbler. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oppussing av møbler. Vis alle innlegg

lørdag 10. september 2011

Svar på spørsmål om mitt lyseblåe locker :)








Fekk ein del spørsmål om skåpa mi etter innlegget i går. Slikt er berre koseleg!
Har handla meg nye, kvite hjerter hos HOME i Ålesund i dag :) Fall pladask, og måtte ha to til å ha på dørene. Dei to gråe som hang der i går, har andre faste plassar i andre etasjen. Dei er forresten frå Walter & co. Trur nokon spurde om det også? Desse eg har kjøpt i dag, er frå BC. Har fått kvitt skinn av ei snill dame, og skal sy skinnreimar til å åpne dørene med. Har sett dette på kjøpeferdige lockers, og synes det er tøft. Er vel lov å kopiere litt eller? ;)


Velkommen til alle nye følgjarar, ser at fleire har funne veien hit via NIB, bildet frå hagestova kom med i inspirasjonsgalleriet. Eg setter enormt stor pris på at bloggen blir lest, for som Keiserane i Tr.Heim skreiv i eit innlegg, klart ein bloggar for sin eigen del. Men du verden så stusseleg det hadde vore viss folk ikkje ville sjå bilder og lese tekst? Då kunne ein jo like godt halde alt for seg sjølv?


Håper du har ein fin fin laurdagskveld!


Elin


fredag 9. september 2011

Lyseblått locker






Dette var ein ny vri, sjølv for meg? Og det tar litt tid å venne seg til fargen? Men heimen her treng meir fargar. Uten tvil. Blei så inspirert av eit bilde i Lantliv, bortsett frå at skåpa som stod der, var gammal. Veit ikkje om geviret skal vere over herlegheita, men prøver meg litt fram. Synes stova er vanskeleg å møblere. Og skåpa er ikkje heilt ferdig, skal på jakt igjen etterpå ;)

Før-bilder av skåpa finn du HER!

FORRESTEN: har dokke problemer med å kommentere på Blogger? Eg har hatt ein runde med besøk på morgenkvisten, og 80% av kommentarane eg skreiv kom aldri til syne???  Hva sjer`a? Ser at eg ikkje har fått mail på g-mail kontoen heller på tre veker? Veldig glad for svar! (viss det går an å kommentere her inne?) 


Ha ein fin dag mot helg!


Elin

 

torsdag 8. september 2011

mandag 5. september 2011

Skåp med potensiale?











Eg trur denne skal få vere på stova vår? Mannen er såvidt overbevist om at eg skal skape gull av gråstein... Ei oppmorkna papp plate på baksida er allereie fjerna. Eg har aldri vore flink å vise ting før eg ordner dei. Det skal eg prøve å gjere noko med. Eg har lovd meg sjølv å blogge litt meir i tida som kjem også. Så får vi sjå. Startar i alle fall friskt denne måndags morgonen :)

Nyt dagen!


Elin

Fekk nokre spm. i går om bilda mine, korleis eg får dei så lyse. Det har vel samanheng med at eg KUN brukar manuell innstilling på kameraet med masse lys inn, og at eg har så flotte kvite golv å leike meg med :) I går brukte eg stativ for å få bilda heilt skarpe. I dag har eg slurva... Handhalde kamera med litt uskarpheit...