...

fredag 29. november 2013

F I R S T P R I C E !

 
 
  
 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
Det nederste bildet vann i går novemberutfordinga hos NIB
"Vinterstemning"
 
Eg er no den heldige eigaren av eit gåvekort frå Verket Interiør på 3000 kr
 
Eg vinn aldri noko som helst, så eg fekk nesten sjokk når eg fekk meldig om dette i går kveld. Eg må få takke ALLE som har vore innom og stemt på meg! Med alle dei andre flotte bidraga som kom til finalen, såg eg på det som heilt umogeleg å nå opp til toppen?
 
Vinterbordet mitt inneheld litt forskjelleg. Det meste er kjøpt hos Herlighet, ein interiørbutikk som ligg i Spjelkavik/Ålesund. Dei kvite tallerkenane og skålene er frå Ahlens.
 
Eg har hatt ei spennande veke. Det skjer veldig mykje rundt bloggen, uten at eg føler eg fortener det så veldig. Helsemessig slit eg no, desse mørkaste månedane fører alltid til meir smerter, som igjen fører til mindre energi. Eg klarer ikkje å få gjort alt som eg tenkjer eg har lyst til å gjere. Men eg ser mest på at det trass alt er framgang i situasjonen rundt helsa mi, litt etter litt. Eg må smøre meg med tolmod -igjen. Eg håper at tilboda frå menneske der ute også er der, når eg forhåpentlegvis blir enno friskare og klarer å jobbe meir!
 
På søndag skal Draumesidene omtalast på ein tysk web-tv kanal. Skal leggje ut link seinare.
Som sagt; det kjem veldig mange henvendelsar av ulik art. Veldig kjekt og inspirerande!
 
 
Thank you all for voting!
My Picture got the first price!
 
 
Ynskjer alle ei vakker
og fin adventshelg!
 
 
Elin
 
 
 


5 kommentarer:

  1. Gratulerer, det var et kjempeflott bidrag!

    SvarSlett
  2. Congratulations...it looks super..
    Love Chris

    SvarSlett
  3. Gratulerer så mye, så velfortjent:) bloggen din og hjemmet ditt er jo helt etter min smak. Det er flere her som har sagt til meg at mitt hjem ligner litt på din stil, eller minner om. Du inspirere meg jo også:) Jeg har alltid elsker svart/ hvit sammen med det rustikke og brune. Den stilen har alltid følgt meg:) Ønsker deg en fin juleforberedelse og lykke til med bruk av gavekort:)Flinke deg:))) God helg! Klem Ann Elin

    SvarSlett
  4. Stort tillykke herfra :-) Det var fortjent!!
    Kram Jeanette

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!