...

tirsdag 20. mars 2012

Kontorbilder










Eg kosar meg i hjørnet av stova, hjalp på kreativiteten å få ein eigen plass til PC, fotoutstyr og andre duppedittar. Eg manglar framleis bilda eg skal få på plass av ungane, men håper på 
printerhjelp very soon! Mi nye rosa pute lyser opp heile første etasjen. 
Det ser ut til at denne fargen er
komen for å bli :)

Eg ynskjer alle saman ei flott tid framover,
ingenting er som VÅR!
Take care!



Elin




My office, frozen moment









Skal lage eit innlegg med mange bilder frå 
kontoret. Eg ELSKAR min nye
arbeidsplass. Og så er eg blir så glad
av å klare å putte på
fargar i huset!


Elin


A lovely one...





Håper nokon blir glad for å få ein tulipan på netthinna...

Eg held på å lagar eit nytt innlegg,
som skal vere med på utfordringa til Øyeblikk.net.
Du kan levere ditt bidrag før klokka 23.59 i morgen.

Er du med?
Temaet er stilleben,
og det er sjølvaste NIB jentene som er
dommarar denne gongen.¨

http://bloggurat.net/minblogg/registrere/b762fd88a7a499777bc580b76e8ef5d9e557212f



Elin



mandag 19. mars 2012

Kvistar i huset



¨

Har du lyst på kvistar til pynt i huset? Sånne uten lauv på?
Det er like før alt mogeleg av tre og grønt sprett ut! På tide å klippe deg nokre dersom du har planar om å pynte opp med slike! Tips; hvis du har lyst på kransar av kvist, er det den beste årstida å lage slike på. Sevja er på veg ut frå treet, og dei tynne greinene er svært bøyelege. Eg skal prøve å lage nokre som skal pynte opp når hausten er her igjen, eller kanskje før? Eg fekk eit kjempegodt tips om å leggje slike ytterst på krukkene mine ute, med blomster inni, når eg laga ei hagereportasje i fjor haust. Bjørk og lerk høyrer med til mine favorittar. 

Kanskje du også vil bruke idèen? 


Elin



Nespresso anyone? Og nokre spørsmål og svar







Tusen takk for fine tilbakemeldingar på innlegget i går! 

Eg får av og til spørsmål om korleis eg redigerar bilda mine, slik at dei blir så lyse.
Eg har aldri følt for å forklare så veldig om fotografering, til det er eg for utrygg på eigen kompetanse. Men etter at eg kjøpte meg nytt kamera, Canon EOS 7D, og lært litt om å bruke det (ikkje minst), klarer eg å ta bilder som er så lyse uten å redigere dei. Det eg gjer, er å skarpe opp kontrasten, og regulere fargane. Det er ofte lett at bilda blir veldig blåe, men det er lett at dei får eit rosaskjær også. 

Eg har endeleg kjøpt meg PhotoShop, og tok eit kurs sist haust. Men eg synes det er vanskeleg å få taket på funksjonane der. Eg brukar ikkje filter for å skape looken i bilda mine. Eg trur at mange setter pris på at ein blogg har "lik" redigering på bilda frå innlegg til innlegg. Skaper kanskje ei slags heilheit? Det beste rådet eg kan gi, er at du finn deg ein type bilder som du likar, og så prøver å gjenskape dette uttrykket i dine egne. Eg ser at mange av dei store bloggarane deler velvilleg ut tips og råd om sine triks for gode bilder. Ein ser nok ikkje på dette som "kopiering", for det er jo ingen som har einerett på slikt?


Mitt råd : Finn din stil, og stol på at det er bra nok!

Bilda mine i dag er frå kjøkkenbenken. Eg drikk ikkje kaffe, men får veldig lyst til det med nye, lekre krus frå Åhlèns. Og forresten; eg forstår godt at folk trur eg er sponsa, men det er eg altså ikkje. Det er berre at eg finn butikkar som inspirerar meg, og då fortel eg om det her på bloggen. Blide folk bak disken og god sørvis hjelper også på! Eg kan oppleve å få prosentar, fordi butikkane veit at eg skriv om dei, men då er det eit valg dei gjer. Dei krev ingen ting tilbake. Det hadde kanskje vore annaleis viss eg budde ein annan stad? Det er ikkje vanleg å samarbeide med butikkar her på Sunnmøre. Eg skulle gjerne ha tent pengar på bloggen min, men eg likar å ha denne friheita til å velge kva eg vil blogge om, og kven eg handlar hos. Får sjå om eg åpnar opp for reklamering i framtida. 


Vi hadde snøvstorm i går kveld, ganske sjokkarta at våren plutseleg reiste sin veg.
Vi planta og ordna til påskeliljer og stemorsblomster på terrassen laurdag, men dei ser nokså fornærma ut i dag...  Dei klarer seg nok, og eg kryssar fingrane for at dette vèret går fort over.

Nyt veka!

Elin
  

søndag 18. mars 2012

My dream about Eames... Kjøkkenbilder etter våropprydding og ommøblering :)









Stolar frå www.cultfurniture.com
Mønster i filt på lampane, klipt ut av ei spisebrikke
kjøpt på Åhlèns.


Eg har erfart at det kan lønne seg å drøyme om nye interiørting lenge, for ein blir så veldig glad når ein får på plass det ein har drøymt om? Og eg blir veldig kreativ i denne lykkerusen! Fekk plutseleg mange nye idèar :) Så viss fysikken gjev meg ei OK veke, skal eg prøve å få gjennomført og ikkje minst avslutta prosjekt som er på gang. Eg prøver å sleppe til fargar i huset, og første forsøk ut er ei knallrosa pute frå Åhlens. I tillegg har tavla på stova fått fargerike utklipp på seg. Eg må innrømme at eg likar det! 


Håper du har ein fin fin søndag!
Og velkommen til nye følgjarar! Gjevt å ha passert 600!
Eg er evig takknemleg for alle som er innom! 

Siste månedane har vore kjempetøffe, men eg føler meg sakte bedre. 
Er uten krykker, og klarer å gå litt lengre for kvar dag. 

Dokke held meg oppe! Hadde gitt opp bloggen 
for lenge sidan viss ikkje!


TAKK!



Elin



torsdag 15. mars 2012

DIY lampar på plass over kjøkkenbordet










Lampane har kome opp over bordet.
Lette, kvite med lyseblå saumar, som er akkurat passeleg skeive
og sjarmerande...



Elin



onsdag 14. mars 2012

Lampeskjermar - nytt prosjekt, DIY, whatever du vil kalle det :)










Eg kunne sjølvsagt ha laga ein kopi av den uberkule lampen øverst; til den nette pris av 3895,-  designet av Marc Eden Scholey for Ay Illuminate. Bildet huskar eg desverre ikkje kvar eg fann? Men eg synes den vart litt for rå etter stilen i huset pr.d.d. Difor vart det ein forenkla versjon. Såg ein liknande i ein butikk, men då hadde eg allereie kjøpt inn stoff og teikna lampen. For denne er designa av meg. Produsert av verdas flinkaste mannfolk på JancoMek på Gausneset, Ørskog. Eg trur dei bør droppe traktorhengarreparasjonar, bjelkekonstruksjonar og anna sveising, for lampeskjermskjeletta vart supre! Og rimelege. Eg har ein mistanke om at eg får ein spesiell timepris? Heilt ubetaleleg å ha slike folk i "teamet mitt", når det gjeld å få utløp for kreative idèar! Stoffet er frå ei lingardin, Åhlens. Pærehaldar med ledning frå Clas Ohlson. 

Og no er eg hekta... Må nok lage fleire lampar?

Desse to har kome opp over kjøkkenbordet, og er ikkje heilt ferdige enno.
Må tenkje litt før eg får til siste finishen. 


Og sjølvsagt kjem det fleire bilder ;)

NB! Viss du er plaga av pengar som brenn i lommene, og kjøpetrang, kan du stikke innom FB sida til Ølen møbler, for dei har lampen på det øverste bildet inne i butikken no!


Elin



tirsdag 13. mars 2012

Black & white






Skåler frå Herlighet


Black & White... 

Det regnar og er trist vèr hos meg, men vart i 
bedre humør av desse bilda ;) Putestabelen i
bakgrunnen lengtar etter å kome ut på terrassen! 

Det gjer eg også...



Elin



mandag 12. mars 2012

Draumesidene med i bok :)



Fekk ein fin mail på slutten av året i fjor, frå Franciska Munck-Johansen, om eg ville bli med på hennar nye bok, Sanselig Jul. Eg var faktisk i tvil med det same, for eg har aldri publisert bilda mine via andre. Og som den pessimisten eg har vore siste åra, var eg usikker på om eg hadde noko å bidra med? Men gode Franciska fekk meg til å senke skuldrane, og ho har gitt meg all tida eg har trengt til å få ferdig bilda mine. Det har ikkje vore så lett med denne ryggen, for eg har problemer med å sitje enno. Men i dag fekk eg sendt over dei siste. Tilfeldigvis på den dagen forfattaren har lagt ut liste over alle som skal delta. Eg kjenner meg glad og stolt over å få lov å vere med i dette selskapet av flinke bloggarar!



Eg vil takke for mogelegheita til å bli med i mi første bok!

Du kan gå inn HER viss du vil sjå den fullstendige lista over dei som er med.


Angåande innlegget frå før i dag, vil eg takke samtlege som tok seg tid til å gje meg tilbakemeldingar! Eg skal ta med meg alt i blogginga mi vidare! Fekk ein mail av ei dame som hadde trudd at det var eit bilde frå eit interiørblad eg viste i går, så ho gjekk ikkje inn av den grunn... He-he :) Ja, ja. 


Eg skal prøve å finne overskot og sjølvtillit til å vere tru mot den eg er, og stole på at det er godt nok. For det er nok det som er viktigast. Tross alt.



Elin




Eit uinteressant interiørbilde? Det er jo mitt?




Hadde ei litt merkeleg oppleving i går kveld, etter å ha lagt ut bilder frå mitt nye heimekontor. Halvert antal lesarar, og eg sitt igjen med ein følelse av at det er ikkje slikt eg kan vise på Draumesidene i framtida? I alle fall ikkje viss eg skal lytte til lesarane mine? 




Eg skulle ynskje at nokon la igjen kommentar i dag, med råd for kva blogglesarar anno mars 2012 har lyst til å sjå og lese om her inne på bloggen? Eg veit at halvparten av lesarane mine er innom uansett, men eg lurer veldig på kva den andre halvparten krev for å vere nysgjerrige nok til å stikke innom? Bilder frå kjøkkenet? Eg ser at dei innlegga har flest lesarar. 

No har det seg slik at eg bloggar jo om det eg vil og føler for,
men litt tips og råd skadar sjelden.


Og jada; eg veit at det er min blogg, der eg kan gjere kva eg vil.
Men som sagt; eg lyttar sjølvsagt til lesarane mine!



På førehand TAKK!


Elin

NB! Dette gjeld ikkje kommentarar! Eg viser til lesartala mine! Eg er meir enn fornøgd med alle flotte kommentarer!!!
(eg sjølv er ikkje i stand til å skrive hos andre, så då forventar eg ikkje at nokon skal gjere det her inne heller!)


søndag 11. mars 2012

Nokre bilder frå mitt nye kontorhjørne - My new home office




Nokre bilder frå eit halvferdig prosjekt...







Arbeidsbord med bukkar frå IKEA, rammer, liftgardin, pute på stolen og 
oppbevaringsboksar frå Åhlens. Bildet på veggen med naturmotiv, er ein koppehanduk frå Hviit

Det tek så smått form, kontorhjørnet mitt på stova. 
Arbeider stadig med å få rammene slik eg ynskjer, så får bilda kome på plass
inni dei etterpå ;) Berre eitt som er ferdig; med serviett frå TineK i kvitt og blått, Ølen møbler 

Hovedetasjen har ein del lyseblå detaljar, her er ikkje berre kvitt og svart. Synes dette er ein herleg farge no mot vår. Kjøkkenet er også omsnudd, vinteren er på hell, og eg har behov for å rydde bort nokre ting. Og så er eg nok blitt hekta på lampelaging, har eit nytt prosjekt på gang ;) Det kjem nok fleire bilder i løpet av neste veke.


Takk for alle fine kommentarar! 
Og spesiell takk til Eli for IPod i posten, 
eg var så heldig å vinne den inne på bloggen hennar! :) 


Elin


fredag 9. mars 2012

Endeleg kom TineK - pakken min :) Nytelse!










Fantastisk pakke i posten i dag frå Ølen Møbler! Og til alle som sikkert lengtar etter ein butikk med TineK på LAGER, kan dei gå inn HER på Facebooksida deira og lese meir, eller kose seg med den hyggjelege og flotte bloggen til Anita HER. Anita driv Ølen Møbler saman med mannen sin, og eg er rett og slett imponert over sørvis og hjelp! Dei har ikkje nettbutikk, men prøver å hjelpe kunder via postsendingar viss dei har kapasitet til det. Det bør også vere litt volum på det du ynskjer å kjøpe. 

Tusen takk til dei for å ha lyst opp kvardagen min!

Endeleg vart min heimelaga lampe fullstendig! Du kan sjå korleis eg laga
lampefoten HER. Lampeskjermane har vore ein draum sidan eg såg dei fyrste gongen, og det må vel vere nokre år sidan? Ellers har eg kjøpt meir keramikk, bl.a. dei kvite skålene med sølvkant. Det blir fleire bilder seinare av det eg pakka opp i dag :) Blei nesten julaften...


Eg gleder meg over at det er fredag og helg,
håper at helga også blir fin for alle der ute!



Elin



onsdag 7. mars 2012

Kjøkken - Kitchen










Enkle, kvite gardinkapper, nye møblar på vei inn i rommet, kvite ranunklar på det gamle bordet... Grunn både til å kjenne vårstemning, og STOR forventning til investeringane eg har gjort i det siste. Kjenner at blodet pumpar litt fortare i årane av spenning :) Og det kan jo trengast etter dei siste månedane. Håper postpakkane mine er her SNART!

*

Eg har fått eit nytt favorittblad; KK Living. Har lest og bladd i det fleire gongar. Noko som eg ikkje får til med andre interiørmagasin for tida. Det er ikkje det at der var så mykje som akkurat er i mi interiørgate, men der var så mykje som fekk meg til å tenkje nytt. Vi var på besøk hos Irina i sommar, og ho meinar at eg treng meir fargar rundt meg. Det kan godt hende? Men til opplysning er jenterommet i huset i ferd med å få ein makeover, og der blir det nok ein del Irina-fargar ;) 

Sånn ellers har eg funne ut at mine "fargar" er nok musikken som alltid strøymer ut i dei romma eg oppheld meg i? Eg er avhengig. Må ha fin musikk når eg skal kose meg, slappe av, trene eller vere kreativ. 

*

Eg har kome i gang med ny behandling i dag, og etter kvart skal eg i gang med eit nytt treningsopplegg for ryggen min. Eg har klart meg uten krykker siste veka, og kjenner at det var mykje kjekkare å lage blogginnlegg i dag, med ein nakke som er veldig takknemleg for å sleppe belastninga ved krykkebruk. Kanskje innlegga blir litt hyppigare? 



Ha det fint!


Elin



tirsdag 6. mars 2012

Slettvoll vår 2012










Som den Slettvollelskaren eg er, er det alltid ei 
FRYD å få sjå nye kolleksjonar :)

For å sjå heile vårkatalogen, trykk HER!


Elin