...

mandag 19. mars 2012

Nespresso anyone? Og nokre spørsmål og svar







Tusen takk for fine tilbakemeldingar på innlegget i går! 

Eg får av og til spørsmål om korleis eg redigerar bilda mine, slik at dei blir så lyse.
Eg har aldri følt for å forklare så veldig om fotografering, til det er eg for utrygg på eigen kompetanse. Men etter at eg kjøpte meg nytt kamera, Canon EOS 7D, og lært litt om å bruke det (ikkje minst), klarer eg å ta bilder som er så lyse uten å redigere dei. Det eg gjer, er å skarpe opp kontrasten, og regulere fargane. Det er ofte lett at bilda blir veldig blåe, men det er lett at dei får eit rosaskjær også. 

Eg har endeleg kjøpt meg PhotoShop, og tok eit kurs sist haust. Men eg synes det er vanskeleg å få taket på funksjonane der. Eg brukar ikkje filter for å skape looken i bilda mine. Eg trur at mange setter pris på at ein blogg har "lik" redigering på bilda frå innlegg til innlegg. Skaper kanskje ei slags heilheit? Det beste rådet eg kan gi, er at du finn deg ein type bilder som du likar, og så prøver å gjenskape dette uttrykket i dine egne. Eg ser at mange av dei store bloggarane deler velvilleg ut tips og råd om sine triks for gode bilder. Ein ser nok ikkje på dette som "kopiering", for det er jo ingen som har einerett på slikt?


Mitt råd : Finn din stil, og stol på at det er bra nok!

Bilda mine i dag er frå kjøkkenbenken. Eg drikk ikkje kaffe, men får veldig lyst til det med nye, lekre krus frå Åhlèns. Og forresten; eg forstår godt at folk trur eg er sponsa, men det er eg altså ikkje. Det er berre at eg finn butikkar som inspirerar meg, og då fortel eg om det her på bloggen. Blide folk bak disken og god sørvis hjelper også på! Eg kan oppleve å få prosentar, fordi butikkane veit at eg skriv om dei, men då er det eit valg dei gjer. Dei krev ingen ting tilbake. Det hadde kanskje vore annaleis viss eg budde ein annan stad? Det er ikkje vanleg å samarbeide med butikkar her på Sunnmøre. Eg skulle gjerne ha tent pengar på bloggen min, men eg likar å ha denne friheita til å velge kva eg vil blogge om, og kven eg handlar hos. Får sjå om eg åpnar opp for reklamering i framtida. 


Vi hadde snøvstorm i går kveld, ganske sjokkarta at våren plutseleg reiste sin veg.
Vi planta og ordna til påskeliljer og stemorsblomster på terrassen laurdag, men dei ser nokså fornærma ut i dag...  Dei klarer seg nok, og eg kryssar fingrane for at dette vèret går fort over.

Nyt veka!

Elin
  

2 kommentarer:

  1. Hei på deg!
    Ja takk, jeg tar gjerne en kaffe ;)))
    Snø og kulde på mine blomster også.., men jamme er de hardfør.
    Supre bilder hos deg, som alltid!!
    Digger dine nye lamper over kjøkkenbordet, du er bare så flink!!!
    Ønsker deg en trivelig kveld!
    Klem, Monica

    SvarSlett
  2. Ønsker deg også en fin uke!

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!