...

lørdag 14. juli 2012

Om inspirasjon, og tips til deg som er ny bloggar







Eg er på inspirasjonsjakt. Høgt og lavt. Saumfèr nettet, kjøper blad som ser lovande ut. Men til sjuande og sist er det andre ting som gir meg nye idèar. Slik som ein fin dag saman med dei eg er glade i. Det handlar om positiv energi. Berre slik får eg vingane for å flyge, dei eg treng for å skape.

Nokre svar i kveld, på spørsmål som eg har fått i innboksen i det siste :

Bilda i dag har eg tatt med min htc mobil, og redigert alt på den, unntatt signaturen, så til deg som sende mail om kva kamera ein bør ha for å blogge, er svaret at eg ikkje stiller så høge krav :) Det viktigaste er å kome i gang, så ser ein kvar ferda fører ein. Eg har eit Canon eos 7D. Er veldig fornøgd. Men starta med eit Canon 1000D. Brukar ofte eit Sigma objektiv, 18-200mm, eller eit Canon, 50mm. Av redigeringsprogram brukar eg PhotoShop og PhotoScape. Det siste finn du gratis på nettet. Div.skrifttypar kan du søkje etter på nettet og laste ned (kallas fonts). Likeeins rammer og andre duppedittar. Eg er ikkje så god på slikt, så eg klarer sjelden å gjengi kva eg har gjort, når eg klarer noko nytt...

Angåande dette med kvalitet på bilda på blogger, har det blitt ein hard kamp om lesarane siste åra. Synes det finns utruleg mange flinke folk der ute, som er gode både på fotografering og layout. Dei fleste startar opp på null ein stad, og deretter lærer underveis. Somme er gode frå starten, andre treng litt tid på å varme opp. Mitt råd må vere å "hang in there". Blogginga skal først og fremst vere ei kjekk sosial greie, der ein skaper nye band og kanskje venskap til folk ein elles ikkje hadde blitt kjend med. Og ein må gi i stort monn i starten, for å få fotfeste. Slik er det berre. Det finns få snarvegar. Ikkje be folk om å leggje deg til, vèr heller oppmerksom og skryt av dei bloggane du likar. Det er slik ein blir oppdaga av andre. Og tør å gjere dine eigne ting! Det å kopiere andre sine idèar er enkelt, eg gjer det sjølv stadig vekk, men prøv også å kome opp med din eigen interiørvri. Det setter i alle fall eg som lesar stor pris på! Og link til bilde og inspirasjonkilder! Viktig! 


Ynskjer alle ei fortsatt fin fin helg!



Elin

7 kommentarer:

  1. Alltid så kjekkt med tips og nye ideer,ser eg har masse å lære og kunne tenkt meg å endre på design og slikt men er ikkje så flink men eg lærer nok etterkvart:)så kjekkt at du skriver litt tips og ideer til oss:)
    Fine søndag til deg!
    Klem

    SvarSlett
  2. Flott med inspirasjon! Måtte kjøp lokalavisa i går. Kjempeflott reportasje! Syns det var noko kjent med huset ja. Kjekt Holmen kan brukast på den måten. Vakker søndag til deg:-) Trur sola har tenkt å kome i dag,hurra B-)

    SvarSlett
  3. Flott med inspirasjon! Måtte kjøp lokalavisa i går. Kjempeflott reportasje! Syns det var noko kjent med huset ja. Kjekt Holmen kan brukast på den måten. Vakker søndag til deg:-) Trur sola har tenkt å kome i dag,hurra B-)

    SvarSlett
  4. Dette var helt perfekt for meg,takk:))

    SvarSlett
  5. Gode råd! Helt enig med deg.
    Ønsker deg en god søndag.
    Klem Madelén

    SvarSlett
  6. Takk for gode råd - er ganske fersk i bloggverdenene, blogger i 6måneder så jeg er nybegynner å rekne for dere som har blogget i mange år. Jeg finner mye inspirasjon i å lese andres blogger:)

    Fin ukestart til deg
    Klem

    SvarSlett
  7. replica bags blog replica hermes bags l9j64k5z30 replica bags in london replica bags for sale gucci replica handbags g8e33d2x38 replica bags manila replica bags online shopping her explanation j5j76m4x49 replica bags ebay

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!