Vekkjarklokke og lyslenkje frå Ahlèns, tapetendar frå Herlighet, Sengeklede Hennes&M Home, Princess, pute frå ZanZ. Teppe frå IKEA.
Det byrjar å bli ein del månadar sidan eg starta opp prosjekt jenterom. Men p.g.a. varierande helse, har det tatt VELDIG lang tid å kome i mål. Enno har vi nokre uløyste problem igjen. Men det ser no i alle fall ut som eit delvis ferdig rom? Fargane ho valde, vart svart, rosa og lyseblått. Tavle-sengegavlen har eg sett rundt omkring, og er inga nyskaping i seg sjølv. Eg forlenga den svarte veggen til vinduet, ved å måle med vanleg svartmåling på stria ved sidan av tavleplata. Brukte restane av den svarte Ladymålinga frå stova, som du kan lese om HER! Nattbord og oppbevaring ved sidan av senga er gamle fruktkasser, tapetserte på bakveggen. Hyller er enkle å lage, berre å sage ut av tynn kryssfinèr. nokre stiftar held dei på plass. Storesøster er glad i Moods of Norway, og yndlingssingleten heng til pynt når han ikkje er i bruk. Skoa, som har litt "vanskelege" hælar, fekk ho av eit velmeinande søskenbarn. Vi er begge enige om at dei tek seg best ut oppe på den heimelaga knaggrekkja. Supre fargar på dei om ikkje anna!
Ser at veldig mange har bloggeferie, og det er fornuftig! Men eg prøver likevel å kome med nokre meir arbeidskrevjande innlegg innimellom, for eg veit at eg har trufaste lesarar som setter pris på dette! :) Takk for kommentarar og mailar; som eg alltid har sagt, dei er som bensin på "bloggemotoren" min!
Og no har eg vel bevist ein gong for alle, at her
ER faktisk fargar i huset? ;)
Elin
Ser at veldig mange har bloggeferie, og det er fornuftig! Men eg prøver likevel å kome med nokre meir arbeidskrevjande innlegg innimellom, for eg veit at eg har trufaste lesarar som setter pris på dette! :) Takk for kommentarar og mailar; som eg alltid har sagt, dei er som bensin på "bloggemotoren" min!
Og no har eg vel bevist ein gong for alle, at her
ER faktisk fargar i huset? ;)
Elin
For et HERLIG jenterom!
SvarSlettFlotte farger og detaljer:)
Ha en fin søndagskveld!
Klem
Så fint det har blitt, rett og slett et skikkelig sprekt jenterom! Fin søndagskveld til deg, klem
SvarSlettUtrulig fint jenterom! Trur ungar har godt av å ha spreke fargar på romma sine. Frøkna er sikkert strålande fornøgd! Takk for super inspirasjon :)
SvarSlettKjempefint :). Jeg likte spesielt godt tapeten i hyllene. Hvilken leverndør/merke er det ?
SvarSlettMvh anne.mette.dale@lyse.net
Ja her må det vera lett å tilbringa litt tid :) Så herlig rom! Det gnistrar jo. Eg er ei ond mor, eg har tatt ned alle dei frynsete fotballplakatane frå lillebror sitt rom, dei hang tett-i-tett-i-tett-i-tett over senga hans, og med det resultat at kvar gong det kom litt luft under dyna så blafra plakatane litt meir og no var dei altså berre filler. Like fullt er eg full av ondskap som fjerna dei... huff og huff for ei mor...
SvarSlettHa ein deilig søndag kveld!
Klem Eli
Kjempestilig jenterom!! :)
SvarSlettKoser oss på ferie!
Klem
For et flott jenterom!!!! Tenkjer jenta er godt nøgd med dette. Ha ei fin ny veke. Klem.
SvarSlettLekkert jenterom!!
SvarSlettStilig med sort og rååååsa ♥
Håper dere nyter gode sommerdager, selv om det ikke akkurat er sommer i været overalt...
Så kult!
SvarSlettHeldige snuppa
Klem
Superstilig jenterom! Frisk rosafarge som dempes av det røffe svarte. Kunne flyttet rett inn, selv som voksen jente her :)
SvarSlettSå fint du har gjort,og her var absolutt farger ja,kult!
SvarSlettNyt resten av sommeren:)
Klem Linda:)
Kjempeflott vart det!
SvarSlettVonar veka di vert god :-)
klem
For et stilig jenterom !:) syntes du har så fin blogg, får masse inspirajson :)
SvarSlettFor et utrolig kult jenterom. Skjønner godt at frøkna er fornøyd med det ja :)
SvarSlettSå tøft og artig rom! Kjempestilige detaljer;) Har lagt meg til som følger;)
SvarSlett