...

tirsdag 3. juli 2012

Jubileumsbilder av kjøkkenet hos Draumesidene!




 


 


 

 
Tusen takk til alle som har meldt seg på Giveawayen min!
Reknar med at teljaren passerer 300.000 unike treff i løpet av neste døgnet. Heilt utruleg, i min målestokk. Som eg har sagt før, er ikkje dette så voldsomt å skryte av i forhald til andre bloggar som har drevet på like lenge, men eg hadde no ALDRI trudd at Draumesidene skulle få så mange følgjarar og lesarar!? Kjenner at eg har frykteleg lyst å oppnå endå høgare tal, ein halv million hadde vel vore supert! :) He-he, høyr på henne som ville slutte å blogge for nokre månedar sidan ;)

Som dokke ser, har eg valgt å blogge om kjøkkenet i dag. Rett og slett for at det er dette rommet flest lesarar setter pris på. I det siste har dette jevna seg ut litt, og det setter EG pris på! Litt kjedeleg å alltid fokusere på kjøkkenet. Har litt nye småting der, bilder av augestikkarar på kjøkkenvifta, lemonade, skjønne skåler i kvitt og sommarleg turkis, serviettar, lyslykt og sist, men ikkje minst, koppehandduk med fjør på. Alt frå Herlighet. Husk at du også kan vinne ein slik frå ByNord i giveawayen under her!

Vil ynskje velkommen til alle nye følgjarar som stadig dukkar opp i gadgeten på venstre side. Dei fyrste Draumesidene enda sine dagar våren 2010. 150 fjes som vart borte. Huskar eg lurte på om eg klarte å få så mange på dei nye Draumesidene mine? Overveldande at talet nærmar seg 700. Eg er både audmjuk og glad for dette! Også kjekt med alle som følgjer inne på Facebook, legg gjerne igjen spørsmål til meg der, viss det er noko de lurer på! Prøver også å svare på mailane som dukkar opp, berre hyggjeleg! Har ikkje vore så flink å fange opp spørsmål i kommentarfeltet, rett og slett fordi helsa har skranta siste halvåret. Eg lovar å skjerpe meg til hausten! :)


Akkurat no sitt eg i hagestova og ser utover ein djupt blå fjord. Sola skin frå nesten skyfri himmel, og eg kjenner ei lettheit og ei glede innvendig. Ryggen er vond i dag, men det prøver eg å ignorere. Ein får gjere det beste ut av det ein har. Og halde humøret oppe.


Tusen takk for at akkurat du les bloggen min!


God klem frå Elin!


7 kommentarer:

  1. Og akkurat no ser eg på knallblå himmel frå kontoret mitt og tenkjer at no pakkar eg saman for idag :-)

    Nyt sola!

    klem

    SvarSlett
  2. Et ord; drømmekjøkken ♥

    God bedring og fin tirsdag til deg :)

    SvarSlett
  3. Fant akkurat bloggen din...OG
    WOW for et utrolig flott kjøkken!! :-D Rett og slett lekkert!

    KLEM

    SvarSlett
  4. Du fortjener hvert eneste klikk skjønne du:)
    Denne bloggen er sukkertøy for øyet ♥
    Deilikat og lekker til 1000!!!
    Fortsett slik og inspirere oss - det er vi som skal takke:)

    klem ♥

    SvarSlett
  5. Lekkert, lekkert, Elin! Og nydelige bilder!

    SvarSlett
  6. Lekkert kjøkken og flotte bildet:)

    Ha en fortsatt fin kveld:)

    Klem Linda

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!