...

mandag 15. august 2011

Meir inspirasjon


-kvar tek du det frå? Det får eg høyre av og til. -korleis blir du inspirert? Eg kan ofte ikkje svare. Eg trur at det er ein prosess. Det er ikkje slik at ein; PANG! Der var alt på plass... Eg må gjennom ei modning. Og det kan ta kort eller lang tid. Det er ofte eit samantreff av mange ting som gjev meg idèar. Alt frå fine bilder av flotte ting, av ein fjelltur, av musikk... Av alt som skaper energi inni meg? I sommar har eg hatt drivstoff på tanken etter eit interiørblad som traff noko i meg. Artiklane var så fine, og husa vakre. Eg har nevnt det før; Elle Decoration nr.4 2011. Eg går rundt med det bladet enno. Les og studerer. Mange magasin gjer null inntrykk på meg. Difor tek eg godt vare på slike som har skapt ei WOW-bølgje i meg. Inspirasjonen vedvarer, og utviklar seg.


Bildet er lånt frå Elle Decoration nr.4 juni/juli 2011

Her er eitt av bilda som skal inn i mappa mi. Eg elskar bjelkane i taket, kontrastane, det at det er lyst og enkelt, og innslaga av slete treverk. Men det som også hjelper på, er at eg ser igjen ting eg sjølv har "maken" til. Ei slags gjenkjenning av min eigen stil. Berre sett saman på ein meir spennende måte. Då er eg tilbake ved dette å skape ein ny stil, ved hjelp av ting du allereie har i huset. Ganske smart, med tanke på å halde kostnadane nede?

Etter diskusjonar i kveld, ser det ut til at eg kan få meg nokre fjuskebjelkar i taket ;)
 Eit steg nærmare draumen... Så herleg å leggje seg med eit smil om munnen...


Elin


 

4 kommentarer:

  1. javisst er det nydelig ;) sukk

    kos deg videre og inspirer videre !

    klm

    SvarSlett
  2. Hei Elin ღ
    Ja, inspirasjon er viktig,
    og det beste er at vi kan
    finne det i alt og alle ღ
    Digga de to tøffe veskene
    dine på veggen i hagestua!
    Jeg ble i alle fall veldig
    inspirert da jeg var innom
    Flinke du ღ Ønsker deg en
    god natt og en herlig dag
    i morgen, klem fra Mette :)

    SvarSlett
  3. Å, dette var kjekt.
    Nå var det en stund siden jeg har besøkt bloggen din.Som alltid finner jeg masse god inspirasjon hos deg!
    Liker så godt kombinasjonen med dette gamle, slitte innimellom - men allikevel rent.
    Dette er du supergod på.
    Og så skinner det hele tiden så herlg igjennom hvor høyt du skatter dine barn...Er det noe som er viktig, ja så er det vel nettopp det..

    God klem fra Anne på landet:o)

    SvarSlett
  4. Hei på deg.

    Inspirasjon for jeg mye av å se rundt på nettet og her i bloggverden, man må bare ha lit inspirasjon i mellom. ;o)

    Ha en super dag.

    Klem Simone ;o)))

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!