Det er verkeleg ikkje vanskeleg å bli inspirert for tida. Etter ein liten runde inne på nettet hos favorittmerka mine (og det er mange etter kvart), er eg i fyr og flamme. Likedan etter nokre timar her inne i bloggverda. Det er verkeleg vår, og snart sommar. Kva vèr vi får er nok heller usikkert, som vanleg. Men eg får alltid ei kjensle av at det skal bli ein draumesommar, når eg nyt bilda. Kanskje nokre av dokke lurer på kvifor i all verda bloggen min har blitt så sukkersøt og rosa? Litt tilfeldig faktisk. Eg er ikkje typisk rosa, og eg veit om fleire heterofile mannfolk som er meir feminine enn meg :) Men eg har BEHOV for rosa i livet mitt no! Det hjelper på humøret mitt, og eg blir inspirert av denne fargen. Så då blir det slik. I dag vil eg vise nokre bilder frå Lisbeth Dahl. Anbefalar ein tur innom nettsida for å nyte den nyaste katalogen. Lovely. Dei som har lest bloggen min sidan starten, fekk kanskje med seg at veslejenta hadde skjerf og hue frå L.D. på julekorta 09. Det som gleder meg med desse bilda, er at dei er like vakre mot vår. Er så glad at eg valde rosa og grått på kleda til ungane! Kanskje eit tips å ta med seg for andre til neste julefotografering?
Første bilde med med minner frå vinteren i desember, og det siste med kjensle av vår og sommar!
Ynskjer deg ein vakker kveld!
Elin

















