...

søndag 18. april 2010

Ting Tar Tid...

Er litt, eller helst veldig overraska kor mange som var innom bloggen min i går. Det var veldig vemodig å ta bort den første, men veldig godt å sitje å sjå på den nye også. Eg har lenge vurdert å slette bloggen. Ikkje spør meg om kvifor. Men i går fann eg ut at eg trong nye, blanke ark. Teiknestiftane har eg her hos meg. Det einaste som var veldig, veldig trist, var at følgjar-ruta vart tom... DET var trist det... Men no ser eg at dokke allereie har fyllt opp att :) Tusen takk! Eg veit no at mange les bloggen utan å ha bildet sitt i denne ruta, men eg setter spesielt STOR pris på alle som er "medlem" av draumeverda ;) Og dette er noko eg lurer på. Har lurt på det lenge. Eg har sett at ein kan velgje å ikkje vere offisiell når ein legg seg til som følgjar. Eg har aldri gjort det. Viss nokon ikkje er på bloggrollen min, så er det for at eg har gløymt å oppdatere lista. Tell me, kva er greia med det? Det er veldig mykje eg lurer på etter eit halvt år her inne. Eg var type KNALLGRØN når eg byrja. Kunne ingen ting. Difor er det enno mykje eg ikkje har peiling på.

Her er det fem cm med snøv i dag, og det fortsetter å lave ned. Kanskje er det litt vulkans aske oppi det heile? Merkelege dagar vi har i verda vår. Men det må no vel bli bedre dagar snart? Berre vanlege kvardagar, ein etter ein? Eg kjem til å leggje ut ein del av yndlingsbilda mine framover, ikkje berre nye. Eg skal gå gjennom tusenvis av bilder, som har sett dagens lys etter av bloggen min kom til. Synes at dei fortener litt meir merksemd?

Tusen takk for alle kommentarar og gode ord på innlegget i går. Var ikkje så stor respons sist eg starta ein blogg :))) DET kan vere ein fordel med å byrje på nytt; å ha ein haug med kjempeflotte damer som heier meg framover!


Ting vil ta tid! Det er heilt sikkert! Men den gamle bloggen finns enno, eg kan angre og ta han tilbake. 90 dagers frist. Men eg har så veldig lyst å lukkast med denne nye.

Håper du har ein fin søndag, uansett vèr!

Klem Elin.

8 kommentarer:

  1. God søndag Elin
    Gleder meg til å se alle bildene du har "liggende" på vent. Synd du "mistet" følger porteføljen MEN vær ikke redd - de kommer til bake og sikkert mange nye også. Kjedelig at det snør hos dere da - det er liksom ikke det man ønsker seg i midten av april. Men håper at du likevel får en koselig søndag. Stor klem ANita s

    SvarSlett
  2. Eg er glad for at du ikkje berre forsvann:) Vi sit og kikar ut glaset og skjønar ingenting.... snø-snø-snø! Og vi som hadde bare plenar og blomstrar i hagen, grrrr... Kjæresten sit på austlandet og skal eigentleg flyge oppover i morgon, men slik blir det nok ikkje. Vi prata om det i går, kor bortskjemte vi er; hyler opp for at vi ikkje kan flyge, kva med alle borna rundt omkring i verda som opplever tørke, flaum og tornadoar... og sit att med ingenting. Vi er eigentleg heldige som berre slit med snø på plena;)
    HA ein strålande søndag og nyt innevèret!

    SvarSlett
  3. Følgjarane kjem nok tilbake ein etter ein skal du sjå, du vert ikkje kvitt oss så lett... :-D Gledar meg til å få sjå meir av alle dine flotte bilete, og så er det jo på ein måte litt kjekt å kunne få vera med deg heilt frå starten av denne gangen... Det rakk eg jo ikkje sist.

    Håper det går bra med deg vennen, og at teiknestiftane dine skal vera med på å trylle fram nye flotte draumeinnlegg.

    Ha ein flott søndag min venn.
    Klem

    SvarSlett
  4. Godt å begynne på nytt avogtil. :) Ønsker deg en fantastisk søndag

    SvarSlett
  5. Heisann,jeg har lagt meg til som følger ja.Jeg ble litt vemodig da du hadde sletta bloggen jeg... men det er greit om du har blanke ark å fargestifter til... Lykke til med nye fantastiske bilder å tekst. Vi følger med deg! Klem

    SvarSlett
  6. Nei men Elin! Hva skjer? Jeg har deg på blogglista mi vet du, så jeg får deg opp når du gjør noe her inne. Skjønte ingenting jeg nå men er veeeldig glad for at du ikke hadde forsvunnet for meg.
    Jeg holdewr på meg forandringer inne hos meg også. Men jeg finpusser den gamle jeg da.
    Sender over en megastor Elinklem og håper at alt er bra med deg!

    SvarSlett
  7. Lykke til, vennen! Blanke ark er absolutt bra innimellom. Denne blir nok like bra, om ikkje enda bedre, enn din gamle!! E følg med;)

    Klemmer

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!