Eg kunne sjølvsagt ha laga ein kopi av den uberkule lampen øverst; til den nette pris av 3895,- designet av Marc Eden Scholey for Ay Illuminate. Bildet huskar eg desverre ikkje kvar eg fann? Men eg synes den vart litt for rå etter stilen i huset pr.d.d. Difor vart det ein forenkla versjon. Såg ein liknande i ein butikk, men då hadde eg allereie kjøpt inn stoff og teikna lampen. For denne er designa av meg. Produsert av verdas flinkaste mannfolk på JancoMek på Gausneset, Ørskog. Eg trur dei bør droppe traktorhengarreparasjonar, bjelkekonstruksjonar og anna sveising, for lampeskjermskjeletta vart supre! Og rimelege. Eg har ein mistanke om at eg får ein spesiell timepris? Heilt ubetaleleg å ha slike folk i "teamet mitt", når det gjeld å få utløp for kreative idèar! Stoffet er frå ei lingardin, Åhlens. Pærehaldar med ledning frå Clas Ohlson.
Og no er eg hekta... Må nok lage fleire lampar?
Desse to har kome opp over kjøkkenbordet, og er ikkje heilt ferdige enno.
Må tenkje litt før eg får til siste finishen.
Og sjølvsagt kjem det fleire bilder ;)
NB! Viss du er plaga av pengar som brenn i lommene, og kjøpetrang, kan du stikke innom FB sida til Ølen møbler, for dei har lampen på det øverste bildet inne i butikken no!
Elin





















































