...

tirsdag 5. juni 2012

Eg, George, og Brad. Enkle triks dersom du får kjendisar på besøk. Og så kan du vinne noko frå TineK! :) Men det har ikkje noko med kjendisane å gjere!


Lillebror les: Ge-orge Kluni, Brad Pitt... Kven er det som skal kome mamma? Kvifor har du skrevet slike rare navn på glasa? Ja, er det rart ungen trur mamma har tørna? Men eg var så bestemt på å ta utfordringa frå Små øyeblikk med Cams, og i dag passa det godt å dekkje på fint, og lage bordkort. Men tenkte at eg skulle fiffe opp innlegget litt, med å invitere kjekke Hollywoodkarar til bords? Eg har sett meg sjølv saman med George, og ei bloggveninne saman med han Brad. Eg kan sitje kvar som helst, skal eg vere ærleg. Ser eg har gløymt ein e i etternavnet til George. Så då kjem han vel ikkje... 








TineK skåler, Ølen Møbel, IB Laursen skåler, Herlighet.

Og blomster med maur (!) frå hagen. Det blei rett livleg på bordet under fotograferinga...

Eg har jo ei eiga utfordring på gang, vis meg

MØNSTER/evt. TineK.

Supre Anita frå Ølen Møbel har sendt mail, at butikken gjerne vil gi noko fint frå TineK til ein heldig vinnar! IIIK! Eg vil vinne!!! :) Men det blir ein av dokke som deltek som mottek den spennande pakken! Eg kjem tilbake med meir informasjon om kva den vil innehalde ;)

Putt inn ditt bidrag HER!


Elin

mandag 4. juni 2012

Ny-bordet på hagestova brusar med fjørene hos NIB!







Eg legg inn dette bidraget i NIB si utfordring hage/uteplass.
Hagestova vår fungerer som både kjøkken og stove i sommarmånadane, og også soverom når vi er mange i huset. Med 4 glas-foldedører som kan åpnast heilt, og ein peis i eine hjørnet, er dette rommet meir som eit paradis å rekne. Vi skal få til siste finpussen i år, vi har halde på sidan 2005...
Gleder meg til 4 vindu og nokre hyller kjem på plass!

NB! Bordet har fått andrestrøket, og eg synes det vart blankt og lekkert!
Fleire har sendt forespørsel om fargekode.
Her er den : S4050-B10G



Elin


søndag 3. juni 2012

Draumesidene - i FARGAR!







Dama bak bloggen kjøpte seg ein liter turkis bengalakk i går.
Og då kan slikt som dette skje... Vi har fyrt og hatt vifte på i hagestova, for å få det til å tørke. Greit nok, for då fekk vi grilla kylling, og ete eit VELDIG godt måltid der også. Men om bordet forblir slik; nei det er jammen ikkje godt å vite? ;) Synes imidlertid eg måtte få vise det vakre fatet frå Stranda Blomster bedre også. NYDELEG på veggen!

Og til dei som lurer, veggen er i rupanel, behandla med eitt strøk Lady Drivved oljebeis.
Turkis pute frå Indiska. Turkis er nok min yndlingsfarge. Lykt frå Bella Rosa. Potteskjuler frå Kremmerhuset.

 
Ha ei fargerik, innhaldsrik, fin, ny veke!

 

Elin


Jenterom på halv åtte, men snart ferdig!



Verdens lengste prosjekt? Merkeleg kor enkelte ting stoppar opp...
I dag har storesøster og mamma rydda og fått ting på plass. Det byrjar å likne på eit ferdig rom? Vi har brukt opp igjen ting som var der frå før, berre måla litt, og skapt eit "vaksnare" uttrykk. Hovedpersonen sjølv har stæsja med neglelakkflasker og magasin. Ja takk til fargar! Den nye sengegavlen er måla med tavlemåling, og får ny dekor etter humør. Yndlingskjolen ventar stadig på at mors noko ustødige klesstativ skal bli meir stabilt? Eg har ein plan... ;)





Og igjen trur eg at eg let vere å kommentere vèret...
Vi skal ut på hagestova og grille no, der er heldigvis råd å vere med hjelp av varmevifte og fyr på peisen. Så later vi som om sommaren er her for fullt! :) Og den skal nytast uansett!


Elin


lørdag 2. juni 2012

Å skape sommar inne



 
Skal ikkje kommentere vèret her i dag... Men som ho dama seier på Nydalen : på fæiss e alt bra! :) Så får eg berre seie : på bloggen er alt bra! Finn fram alt som høyrer sommaren til, og lag di eiga utstilling på veggen! Og NYT lyset som vi tross alt har masse av i desse dager!

Fin helg vidare til alle som er innom!


Elin

fredag 1. juni 2012

Makeover hall







Ny gang :) Matte frå Kremmerhuset, korger på veggen frå Indiska, korger på kommoden frå Åhlens. Nye knottar på kommoden, laga av hesjestaur. Lampen høyrer heime på stova, men eg måtte berre ha den med på bilda. Kunne visst hatt fleire slike lampeskjermar (TineK) i huset? ;)

Og til ho som spurde i går om veska på bildet var frå TineK, så er den altså frå Lindex ;)
Mitt tips : det er lov å la seg inspirere av det originale, men absolutt også lov å velge rimelegare løysingar når det gjeld interiør! Inspirasjonen eg flyt på no, starta i fjor sommar, då eg fann nokre artiklar om hus med svarte og kvite innreiingsdetaljar, mjuka opp med drivved og korginnslag. Dette har vedvart, og kjem til syne no. Eg har igjen funne igjen så mykje energi, at eg klarer å skape. Ein fantastisk følelse! Håper det vedvarer! Eg koser meg både med styling, bildetaking og blogging. Eg ser at det smitter over på statistikken min her inne, og det GLEDER meg stort!


Ha ei vakker helg!


Elin


torsdag 31. mai 2012

Sommarstemning inne, hagl ute...


Eg KAN IKKJE TRU at eg måtte tilbake til ullklede og hue siste dagen før juni!
Men slik vart det altså på fotballkamp i kveld. Her gjeld det å stritte imot med alle krefter, og halde på optimismen! Det har hagla i dag, og det ligg nysnøv ned i høgste fjella. Eg har kosa meg på stova, og lata som om det enno er varme dagar og snev av sommar.



Solhatt, Indiska. Veske, Lindex.

Fekk du også den gode sommarfølelsen?
Håper det. Kryssar fingrane for at vi snart
kan kose oss i sola igjen!


Elin

onsdag 30. mai 2012

"Heimelaga" norsk/marokkansk bord


Heimelaga... Vel, i alle fall sett saman av gjenbrukt, norsk bord, og eit flott fat frå Stranda blomster. Ikkje så smæshing som TineK sitt, men passa fint inn i min noko blanda stil. Ein stil som stadig forandrar seg.







Ja slik gjekk det med klokkebordet mitt, forståeleg for dei som har lest bloggen min lenge :)
Bordet var tidlegare kvitt, med svart "talskive" på toppen. Men no er det altså blitt svart.
Klappstolane eg har sett ved bordet, skulle kastast. Etter ein omgang med pussepapir og pensel, vart dei stasmøblar. Gode å sitje på også!

Tusen takk for alle fine ord de legg att under innlegga mine! Eg prøver å gjenbesøkje alle!
Og velkommen til alle nye følgjarar! Det er så kjekt kvar gong eit nytt fjes dukkar opp!

Minner om utfordringa mi, Vis meg mønster.
Du finn innlegget HER!


Elin

tirsdag 29. mai 2012

Problematiske, svære dritt tv`ar...


Vanskeleg å få svære flatskjermar til å virke kledelege på veggen?
Det synes i alle fall eg? Men eg er glad i tv`en vår ;) Kjøpte to kraftige bildelister
hos Stranda Blomster. Har satt opp litt bilder (utklipte frå interiørmagasin forøvrig), litt TineK keramikk, ei sjablongtavle, eit nostalgisk fotoapparat + + +.
Synes at resultatet vart såder bra.

 




Og så er det enkelt å bytte ut tinga på listene viss ein blir lei.
Rammene er kjøpte hos Åhlens.

Eg hadde ei ynskjeliste for bursdagen min før i dag.
Eg gløymde noko av det viktigaste...



2 stk av Ikea`s Storsele stolar til hagestova.
Sånn i tilfelle nokon som er glad i meg er innom og les... ;)


Eg har som vanleg vore veldig snill og grei siste året.
Er det forresten berre julenissen som er oppteken av slikt?


Nyt kvelden der ute!


Elin

Ynskjeliste...



 
Eg har snart bursdag, eller dvs, det er over ein månad igjen. Men ynskjelista er ikkje hemmeleg... ;) Eg har ei stor svakheit for den nydelege nettbutikken Blackballon, til herlege Jenny! Hennar samarbeid med yndlingsbloggaren min Anna-Malin, har gitt meg enormt med inspirasjon! Du finn nettbutikken Blackballoon HER. Du finn bloggen HER.
Og vil du følge på FB, finn du fram HER.

 
Herlege stadar for dagdrøyming!

Elin

mandag 28. mai 2012

Det er over...

 
 


 



Eg vart visst borte nokre dagar? Vèret var så flott, at vi slutta å vere inne... Har bodd på terrassen og nede i fjøra. I går kveld kom den kalde vinden og regnet igjen, og eg føler ei slags sorg over å ha mista dei vakre soldagane for denne gongen. Minna er imidlertid maaange, og veldig gode :) Blant andre ein strandfest på laurdagskveld og natt, som eg aldri kjem til å gløyme...

Kryssar fingrane for at dette berre var forsmaken
på ein herleg sommar?

Bilda i dag er frå kjøkken og stove, eg har ommøblert litt, og gjort eit forsøk på å lage mitt eige marrokanske bord, "one of a kind". Kan vise det ein annan dag.

Ikkje gløym utfordringa mi lengre nede HER,
tusen takk til dei som har laga innlegg allereie! Eg har funne
nye, flotte bloggar!

Ynskjer alle ei flott veke vidare,
med eller uten sol!

Elin




tirsdag 22. mai 2012

Utfordring! Vis meg mønster, og gjerne TineK!

Eg har lenge tenkt på å lage ei utfordring til andre bloggarar her inne.
Men kva skulle eg ynskje å sjå hos andre? Etter ein del tenking har eg funne ut at eg ynskjer å sjå mønster! Og litt TineK inspirasjon  hadde vel ikkje skada? Du behøver ikkje ha ting frå kolleksjonen, kanskje har du laga noko på eiga hand inspirert av TineK? Her er mitt bidrag, bilda er tatt i dag på stova, med mine "nye"møblar :)



Skåler, fat, lampeskjerm TineK.
Lampefoten er heimelaga av ein lysestake
frå Kremmerhuset

Har du lyst å vere med? Eg velger ein vinnar 30.juni.
Veit ikkje heilt kva som blir premien enno, men noko frå TineK hadde jo vore på sin plass?

Oppdatert : Nydeleg Tine K teppe frå Ølen Møbel
til ein heldig vinnar! Les om det HER!

Håper at nokon tek seg tid til å lage eit innlegg og vere med!


mandag 21. mai 2012

Formiddag på terrassen






Her er nokre bilder frå terrassen, og eit glimt av hagestova frå utsida. Har fått nokre henvendelsar om eg kan leggje ut bilder frå heile dette rommet. Også frå utsida. Det kan nok hende, seinare. Desse bilda tok eg imidlertid på grunn av ein henvendelse frå Lisette, som har ei utfordring på gang, om å vise sitt uterom. Her er fleire terrassar, pukk, plen, ur og bratte bakkar rundt huset (som eg brukar å seie; Uren Luren Himmelturen), men i dag vart det bilder frå terrassen utanfor kjøkkenet. Og dit har eg tenkt meg no, må ha ein dag i slow motion, og sjå om denne kroppen kan få skuldrane ned i normalnivå igjen. Det vart visst litt rikeleg med trim og div.prosjekt i tillegg til 17.mai feiring. Det passar veldig godt at sola endeleg har kome til Sunnmøre!


Nyt dagen der ute!


Elin