...

Viser innlegg med etiketten Utfordring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Utfordring. Vis alle innlegg

lørdag 30. juni 2012

Heimelaga kulesmykker, hagestovebilder, og ein heldig vinnar!







Har forelska meg i stråhattar og treperlesmykker i sommar. Og det er slett ikkje eg som har funne ut at dette er fint på veggen. Har sett det rundt omkring hos mange andre bloggarar. Eg såg på eit slikt smykke i Bergen, som kosta sekshundre raske. Det var finsk design, men ikkje heilt etter mi lommebok. I dag kjøpte eg treperler på hobbybutikk, og laga smykker sjølv.

Og slik vart det på veggen i hagestova. Årane fann eg i fjøra etter orkanen. Hadde tenkt å måle dei, men likar så godt den sletne looken dei har. Dei får henge slik for no. Den andre rariteten som heng på venstre side, er eit gamalt bringetre; eit slikt som vart brukt for å hente vatn og andre tunge ting. Buen skal liggje rundt nakken, og så festa dei på ei bøtte på kvar side. Smart!


Så kan det vel passe med ein trommehvirvel?

Den heldige vinnaren av eit flott TineK
teppe frå Ølen møbel er:



Eg valgte å trekkje, sidan eg ikkje klarte å bestemme meg for kven som skulle vinne!
Tusen takk til alle som var med, eg veit ikkje om Draumesidene er skapt for å utfordre folk, men det gav meirsmak! Den neste trekninga her inne blir imidlertid ein GiveAway som startar ganske snart.  Må feire rundt tal på teljaren min ;)


Ha ei fortsatt FIN helg!


Elin

fredag 15. juni 2012

Flott premie frå Ølen Møbel til ein heldig som er med på utfordringa mi :)






Har den store gleda å meddele at ein heldig deltakar i utfordringa mi får eit NYDELEG TineK teppe, frå Ølen Møbel. (som vist på øverste bildet, airystripe 140x200) Teppet er vakkert i sofaen eller i ein stol, men kan også brukast som teppe på seng. Det er kvit og svartstripa, just how I like it ;) Kanskje eg skal velge meg sjølv som vinnar? Eg laga jo eit innlegg, for å teste inlinkz? ;) Freistande... Men det blir som sagt ein av dokke flinke der ute. Eg har flytta fristen for å vere med til 30.juni, slik at fleire kan rekke å vere med. Grusomt som eg maser?
Vis meg mønster eller TineK! Trykk HER for å bli med!

Fann nokre TineK bilder som eg ikkje har sett før, viss du vil sjå fleire trykk HER!
Artig at der var ei åre på siste bildet, eg hang opp to årer før i veka. Fann dei i fjøra etter orkanen. No har dei blitt veggpryd i heimen her. Skal ta bilder av dei ein annan dag. Eg er ikkje i storform, og det viser att på bloggen. Men kanskje neste veke blir bedre?

Ynskjer alle ei FLOTT helg!


Elin

tirsdag 5. juni 2012

Eg, George, og Brad. Enkle triks dersom du får kjendisar på besøk. Og så kan du vinne noko frå TineK! :) Men det har ikkje noko med kjendisane å gjere!


Lillebror les: Ge-orge Kluni, Brad Pitt... Kven er det som skal kome mamma? Kvifor har du skrevet slike rare navn på glasa? Ja, er det rart ungen trur mamma har tørna? Men eg var så bestemt på å ta utfordringa frå Små øyeblikk med Cams, og i dag passa det godt å dekkje på fint, og lage bordkort. Men tenkte at eg skulle fiffe opp innlegget litt, med å invitere kjekke Hollywoodkarar til bords? Eg har sett meg sjølv saman med George, og ei bloggveninne saman med han Brad. Eg kan sitje kvar som helst, skal eg vere ærleg. Ser eg har gløymt ein e i etternavnet til George. Så då kjem han vel ikkje... 








TineK skåler, Ølen Møbel, IB Laursen skåler, Herlighet.

Og blomster med maur (!) frå hagen. Det blei rett livleg på bordet under fotograferinga...

Eg har jo ei eiga utfordring på gang, vis meg

MØNSTER/evt. TineK.

Supre Anita frå Ølen Møbel har sendt mail, at butikken gjerne vil gi noko fint frå TineK til ein heldig vinnar! IIIK! Eg vil vinne!!! :) Men det blir ein av dokke som deltek som mottek den spennande pakken! Eg kjem tilbake med meir informasjon om kva den vil innehalde ;)

Putt inn ditt bidrag HER!


Elin