...

onsdag 25. august 2010

Bursdagsbordet



Det som er kjekkast med å vaske hus, er dagen etterpå, når berre pyntinga står att :) Og det er fole kor det jobbar opp i hovudet mitt i dag... Har nesten klart for meg korleis det skal bli. Har lyst å gjere litt extra ut av det i år, sidan vi har runde og halvrundt tal å feire. Som eg har nevnt før, har begge barna og mannen min bursdag i løpet av nokre augustveker. I år feirer vi med alle som kan av familien ein gong, i staden for dei vanlege tre. Eg var så kjempeheldig å få låne gamle stolar av ein ven i går, og berre det er til STOR inspirasjon! Med den gamle benken, trur eg vi er i mål med tjue sitjeplassar :) Og sidan kjøkkenet er største rommet i huset, går alle inn der. Vi bestiller spekemat, og tradisjon tru her på Sunnmøre, blir det rikeleg med kaker... ;) Litt rart at det ikkje feirast i ei helg, men alle er så opptekne i helgane, så då får dette bli ein FESTTORSDAG! Det er lillemor sin dag i morgen, og ho er veldig spent. Lillebror har håp om nokre forseinka presangar han også. Har heldigvis høyrt om ein!





Kanskje dokke har lyst å sjå utviklinga i dette? De er hjerteleg velkomne!
Blir nok fleire bilder i kveld, og frå den store dagen i morgen.

Eg har fått fleire nye følgjarar siste veka! Dette er eg SÅ glad for! Veit ikkje kor mange eg har? Hadde vore moro å funne ut, men eg trur ikkje det er mogeleg, sidan mange som ligg inne på gamle bloggen min, også er følgjarar her. Tusen takk for alle kommentarar siste dagane! Skal kome innom dokke alle, når eg har fått unna dette selskapet! Hesten er ikkje min, men eg hadde ein leiteaksjon i går på eit mørkeloft etter to bein og meiane, og tenk : eg fann nesten alt! Skura han, og snekra han saman i går kveld :) No står han og ser snill ut oppe på soverommet. Han manglar enno eitt bein... Han glei rett inn i omgivelsane, og vi er alle fasinert av den gamle blakken!


Ha ein flott onsdag!

Klem
Elin

tirsdag 24. august 2010




Fola fola Blakken
Nå er Blakken god og trett
Blakken skal bli god og mett
Å fola fola Blakken


Huff, den leie bakken
Og den lange stygge hei
Den var riktig dryg for deg
Du gamle gamle Blakken


Far han kastet frakken
Blakken kan ei kaste sin
Svetter i det gamle skinn
Den snille snille Blakken


Snart skal Blakken sove
Ikke mer slit i dag
Ikke mer sele-gnag
Og ikke mere tråve


Fola fola Blakken
Går du inn i stallen din
Kommer vesle gutten inn
Og klapper deg på nakken

Ser du gutten smile
Hører du det bud han har
Han skal hilse dig fra far
I morgen skal du hvile

Drøm om det du Blakken
Bare ete bare stå
Kanskje rundt på tunet gå
Med vesle gutt på nakken

Tekst: Nordahl Rolfsen
Melodi: Edvard Grieg


Med det ynskjer eg alle ein herleg kveld!


Klem
Elin

Litt tips om fotografering à la Elin :)



Jaha. Eit nytt kapittel i Elin sitt liv. "Korleis villede ein haug med bloggedamer." ;) Dokke som les tipsa mine, får huske på at eg slett ikkje har lært noko av det nokon stad. Dette er mine beste tips, lært av meg sjølv. Sjølvsagt fanga opp gjennom enorme mengder interiørblad, og etter kvart andre bloggar. Det er ikkje eg som har funne opp råda. Berre sånn at det er sagt. Eg fekk ei fotobok av mannen min i helga, og skulle sjølvsagt ha lest denne før eg begav meg ut på dette her?

Eg har teke utgangspunkt i innlegget frå i går kveld, og ein del av bilda eg har frå turen til den gamle låven. Litt om det å lage eit innlegg. Det første eg set pris på er ein idè. Då går alt så lett. Nesten av seg sjølv. Men i går sleit eg litt. Sola kom fram, det passa å reise til låven, og eg hadde halvannan time på meg. Frankrike. Eit oliventre, ei vannkanne i zink, to bøtter. Ein duk med blondar. To visna roser. Så reiste eg. 

Plassen eg var på er nydeleg, så allereie etter nokre minutt der, hadde eg fleire idèar. Når eg så fekk låne ein høygaffel, to mjelkespann og fann verdas finaste terrakottakrukker, kom alt i hop oppe i hovudet.

Så: ikkje planlegg alt så nøye, stol litt på feelingen i magen.


Ja, som sagt, det er lurt å ta både fjern, og nærbilder. På bildet over kom sola så fint inn på oliventreet. Skaftet på høygaffelen skaper balanse i bildet.


Zooming er kult! Leik deg med kameraet ditt, dette er sjølvsagt mest aktuelt med eit kamera med gode funksjonar. Mi linse er veldig anvendeleg, 18-200mm. Men eg har også stor glede av den som følgde kameraet. (Canon EOS 1000D)

 

Dei som les bloggen min, veit at eg til tider kan gå så tett på i eit heilt innlegg, at ein knapt ser kva som er rundt det eg fotograferer. Eg er veldig fasinert av detaljar. Sjå dei vakre beslaga som hankane er festa på over her! Og fargane! Nydeleg...


For lys og kontrastar skaper ofte dei beste bilda. Eg elskar å overraske med det tøffe og florlette i kombinasjon. Slitne overflater og blondar gjer meg glad! Rust og blankt stål saman like så. Har ein besettelse for tyll for tida. Starta med sengehimmelen på soverommet, men det har utarta seg... Det skal kome eit godt eksempel på dette seinare i veka...


Og med det meiner eg at det er lov til å gjere ting ein ikkje har sett nokon stad før. Det er ikkje lett å finne opp krutet kvart blogginnlegg, men det blir lett kjedeleg for lesarane viss ein føler at bilda liknar på ting ein har sett hos andre. Men når eg får inspirasjon, er det jo ofte av noko eg ser i eit blad, eller hos andre? Dei bloggarane eg set størst pris på, er dei som tør å vere seg sjølv. Ein kjem langt med originalitet. Eg slit veldig med dette innimellom, men så kjem kanskje inspirasjonen, og eg kan klare å skape noko unikt, det vere seg eit møbel, eit stilleben, ei stemning... Men eg meiner at ein må ha lov til å vise bilder frå same stadane i huset, eller av yndlingsting ein likar å ta bilder av. Dette får vere opp til kvar enkelt. Når anonyme lesarar legg att halvsure kommentarar til folk, tenkjer eg alltid : kvifor les dei denne bloggen, viss dei har så mykje i mot eigaren, og måten han/ho bloggar på?

Eg redigerar bilda mine, og no i det siste har eg brukt PhotoScape og Picnik. Dette er gratisprogram, som dokke kan laste ned på nettet. Eg har veldig lyst å lære meg meir PhotoShop, men treng hjelp. Det går så lang tid med "prøv og lær"-metoden.

Og viss du lurer, så tok det 60 min. å lage dette innlegget, inkludert redigering av bilder.


Dette var nokre råd om fotografering à la Elin.
Håper du ikkje er meir forvirra no,
enn før du starta å
lese! :) 


Ha ein flott tirsdag no då!

Klem
Elin




mandag 23. august 2010

Fransk stemning på den norske landsbygda...



 I kveld utfordra eg meg sjølv til å skape fransk stemning på landsbygda her i gamlelandet. Veit ikkje heilt om eg klarte det? Eg fekk i alle fall massevis med inspirasjon undervegs. Takk til V+R for lån av låven og diverse rekvisittar som kom til undervegs! :) Vil oppfordre alle til å ta seg ein tur ut i ny og ne og fotografere. Eg har alltid stort utbytte av dette!







Kunne du blitt lurt? ;) Krukkene fann vi på stabburet,
med den vakraste patina. Sekken har jo norsk
skrift, så den avslører vel
kanskje heile
greia ;)


Ha ein vakker kveld!

Klem
Elin

Lavendelkrans og bloggeråd



Eg laga ein lavendelkrans i går, etter inspirasjon og oppskrift frå Hulda. Det var ikkje vanskeleg, og dersom du har lyst å prøve deg på ein slik, anbefalar eg eit besøk innom Husfruas Memoarer. Bloggen til Hulda er full av flott inspirasjon, og gode idèar til hus og hage. Hulda var mi første kontakt her inne i bloggverda. Ho gav meg gode råd i oppstarten. 






Eg har oppdaga mange, flotte, nye bloggar i det siste. Som regel gjennom at damene bak bloggane har lagt att ei helsing her inne hos meg. Då prøver eg å gjere eit gjenbesøk. Sånn trur eg det er for andre også. Dagens oppfordring er til alle dokke nye der ute:

1. Legg att kommentarar! Det er slik andre lett kan finne bloggen din!  

2. Legg gadgeten med Følgjarar høgt oppe, slik at det er lett å leggje til bloggen din for andre

3. Ikkje ver redd for å spørje, viss det er noko de står fast med. Bloggedamer er veldig kjekke og hjelpsomme!

4. Viss du er oppteken av kor mange som verkeleg er innom bloggen din, velg ein teljar som tel UNIKE treff. Det vil seie ein teljar som berre tel ein person ein gong i døgnet. Fleire teljarar registrerer også dine egne treff. Eg bytta til SUSNET etter ei tid, og er veldig fornøgd med deira tenester. I går hadde eg f.eks. over  dobbelt så mange treff som unike treff. Det er fordi somme går innom bloggen fleire gongar.

5. Det er foranderleg her inne. Vi finn kvarandre etter kvart, og dersom du bloggar med hjertet ditt, vil du etter ei tid finne andre som du har kjemi med. Mi erfaring er i alle fall slik. Ikkje alltid vi har same smaken heller ;) Sånn som i samfunnet ellers.

Det var måndagens tips og råd ;) Eg har også fått spørsmål om fotografering, og som eg har svart før, føler eg ikkje at eg er den rette til å svare på slikt. Men eg tenkte å forklare litt korleis eg tenkjer under ein "fotosession" (no høyrdes eg proff ut?) ;)))  Fotostund er kanskje meir eit ord som passar for meg?

Vi skal ha 5 + 10 + 40 års lag på torsdag. Veka mi blir nok prega av dette. Litt ekstra husvask og pynting. Men eg prøver å blogge som vanleg. Tusen tusen takk igjen for at dokke der ute stadig veks i omfang. For min del gir dette ein ekstra giv til å fortsetje!


Grip måndagen,
tenk at denne dagen
finns berre i dag...

Klem
Elin




søndag 22. august 2010

Klematis til begjær...



Har mange vakre blomster i hagen no. Blant anna ein vegg full av mørk lilla klematis.
Fann ut at dei var fine i den gamle vasen min?




Vakkert! Herleg å kunne sitje å nyte dette synet! Har også laga lavendelkrans i kveld,
etter oppskrift frå Hulda. Luktar nydeleg! Anbefalast på det sterkaste!


Ha ein fortsatt fin kveld,
og som vanleg ynskjer eg alle ei flott, ny veke!
Overrask deg sjølv,gjer noko du har hatt lyst til å gjere lenge!


Klem frå
Elin

Rotehaud med kjellaren full av skattar...



Eg har ikkje kontroll på kjellaren min. Somme fekk kanskje med seg at eg fann ei smashing dør i vinter der nede, som eg laga meg stovebord av. Og her ein dag fann eg ei til slik dør bak nokre veggplater... Jada, eg innrømmer det her og no: eg er eit rotehovud! I dag vart eg minna på min samlemani, etter ein tur innom bloggen Fru Fly. Eg skreiv ein kommentar, om korleis eg samla som barn. På det meste. Og slik er det no også. Likar haldninga til Askeladden; ein veit aldri kva ein kan få bruk for? I denne sinnsstemninga eg var i, tenkte eg at no var tida inne for å finne dei gamle hjulkapslane eg har leita etter ei tid. Det er grått ute, og passeleg vèr for litt innetid. Eg veit ikkje kva som dreiv meg, men fekk interesse for kroken med vogner, bilstolar og voksiposar. DER har eg ikkje leita etter ting? Og for eit lukketreff. Først fann eg to par bunadssko, som vi slett ikkje fann i mai... Lillemor hadde arva dei, men dei var umogelege å spore opp for nokre månedar sidan (har sjølvsagt kjøpt nye...) Ja, ja. Så fann eg seks Noregsglas. Hurra! Etterpå drog eg opp ein pose med bestikk, sånne med plasthandtak. Men inni same posen... Å jøje meg, eg vart så glad! Så mykje fint gamalt bestikk også! Bakerst bak barnevognene fann eg vinduet mitt som har vore borte nokre år. Det hang på veggen i huset ved sjøen, der vi budde for elleve år sidan... Blid og fornøgd eg no altså. Hjulkapslane var det einaste eg ikkje fann... ;) hi-hi!!! Må nok late som om eg leiter etter noko anna, så finn eg kanskje dei ein annan gong?






I dag blir det ikkje meir rydding :)

Nyt søndagen!

Klem
Elin

lørdag 21. august 2010

Ein sommar er over?



Eg sat i ei varm hagestove torsdagskvelden, med gamle rutavindu mot fjorden. Eit tursistskip kom glidande forbi, og eg fekk ein slik merkeleg følelse. Akkurat som om båten tok med seg restar av sommar vekk herifrå... Det nærmar seg september, og eg er ein av dei som tviheld på at sommaren varer LENGE enno... Men eg trur nok at det er på tide å ynskje hausten velkomen. Lufta held på å bli klarare, og eg veit at for ein fotointeressert er tida som ventar fantastisk! Synes bildet eg tok inneheld stemninga eg var i...



Hausten kan vere ei flott årstid, og eg av alle
har vel lært at ein skal nyte dagen,
uansett kva månad vi
befinn oss i!


Med ynskje om ein vakker kveld,
og ein flott søndag!


Klem
Elin

♥♥♥

Kogebog for hvermand...



..... og helst kvinner? Denne gamle boka var ei av fleire eg fekk halde i hendene mine i går. Eg blir andektig... Og veldig nysgjerrig på kven som har brukt henne? Kven som hadde bladd arka krøllete i kantane, og laga litt skriverier her og der... Eg fann mange kjende oppskrifter, altså navn på mat, supper, dessertar og kaker som vi også lagar i dag. Artig var det også å få vite at mi gode mormor, som døydde for ti år sidan 94 år gamal, brukte å leike i desse husa... Ho og veninna sydde seg filledokker, og kvinna som bur her kunne fortelje opp igjen dette etter si mor. Dette betydde mykje for meg, for eg kan huske mormor fortalde om desse heimelaga dokkene når eg var mindre. Der fanns eit flott bringestykkje av ein bunad i huset den dag i dag, som mangla perler... Dei to småjentene hadde hatt bruk for nokre slike i produksjonen sin... ;)



Kanskje blei du inspirert til å bake i dag? ;) Vi skal i tjueårslag, og gleder oss stort! Kan ikkje heilt forstå at mi vesle tullemor av ei niese er blitt vaksen... Love U M! :)


Ynskjer alle ein nydeleg laurdag!

God klem
Elin

♥♥♥

fredag 20. august 2010

Skoformer om morgenen, hatteformer om kvelden ;)



Etter ein meget interessant dag, som innebar fleire overraskelsar, sit eg igjen i stolen min. Har fått kika på mykje rart i det gamle huset, og no siste timane har eg bygd meg to stativ til å ha to av funna på. Rakk å måle to strøk med måling også, sidan kvelden vart så mild og fin :) Eg kom nemleg over gamle hatteformer! Eg har fått låne dei med snille huseigaren! Dei kunne godt fått bo her permanent... Saman med formene fann vi gamle mønster, band av forskjellege slag, og ei nydeleg sysaks. Kanskje eg skulle prøve meg på å lage ein hatt? Det hadde i så fall blitt ein ny episode av "Elin gjer ting ho ikkje kan" ;) Formene er brukte på ein butikk her i området, og det var nok mange damer som gjekk rundt i hattar som såg slik ut!








NB! Veldig fort gjort å lage nokre slike kosteskaftstativ! Kan vere fint å feste rekved på?
Kanskje eg skal vise dokke det ein annan dag? Billeg kunst i alle fall!


So long,

klem
Elin

♥♥♥






Søte skoformer på gamalt skatoll...



Eg fann desse utruleg feminine skoformene ein dag. Dei er så lekre, og har heilt sikkert blitt brukt til å lage kvinnesko ein gong for lenge sidan. Sjølvsagt har dei fått bli med på fotografering :) Eg kan sitje lenge og studere slike ting, og sjå for meg når dei var i bruk. I desse er det mange små hol etter stiftar, og ein kan tydeleg forstå at her er det ein bruksgjenstand ein har mellom fingrane. Tenk å ha fått sjå eitt av dei ferdige skopara? Men formene er her i alle fall, og kviler godt på det gamle skatollet eg har blitt barnepike til... Men det er ei anna historie, ein anna dag ;)







Tusen takk for MANGE fine helsingar, eg har nesten ikkje lagt att helsingar nokon stad siste veka. De får tilgi meg... I dag har her regna, men eg ser sola på fjella no, så kven veit? Kanskje vil ho vere her hos oss i dag også? Eg skal avgarde å få sjå eit bibliotek frå 1850 som eg tilfeldigvis kom over sist veke... (HYL!!!) Og deretter få besøkje eit gamalt, fråflytta hus, som eg har forelska meg i...
Eg forelskar meg ofte for tida? ;))) Og kameraet er sjølvsagt med!

NB! Har fått litt spørsmål om diverse siste vekene! Skal prøve å svare når eg får meir innetid!!!


Ha ein flott fredag,
og ei god helg!

Klem
Elin

♥♥♥

torsdag 19. august 2010

Helgabadet...



Må innrømme at eg har blitt ein smule avhengig av å vere ute heile dagen... Når sola og lufta berre stryk deg over huda med ei så varm hand, så er det vanskeleg å gå inn igjen. No er eg veldig spent på om eg kan ta på singlet og skjørt i morgen tidleg også? Viss det går an, trur eg vi tek helgabadet ute i hagen, alle 4 ;)


Og her er solnedgangen i kveld...



Med ynskje om ein vakker kveld...


Elin

♥♥♥

Forventningar på ein torsdag :)



For det er ikkje kva som helst torsdag i dag! Lillemor har reist på skulen igjen, og var ei blanding av lei seg og så forventningsfull i går kveld, og i dag tidleg. Ho har hatt nedtelling, men har gløymt seg litt siste veka med sol, sommar og kjekt besøk. I dag var altså dagen her likevel. Lillebror, som ikkje er så glad i varmen og all pollen det medfører, er også tilbake i barnehagen etter heimedag med tett bringe i går. Han kom seg utover dagen, og hadde ein strålande vannkrig med resten av dei store barna i går kveld. Eg trur slike lykkelege, hylande barn må vere noko av det som lettast får fram smilet mitt? Om ein time reiser besøket vårt også. Vemodig, etter så flotte dagar saman, med så mykje innhald, at eg nesten ikkje huskar alt vi har gjort? Vi veit at vi skal møtast igjen, og det hjelper godt på! 

Vil dele nokre peronlege bilder frå i går kveld. Småtrolla fekk litt fotballundervisning med søskenbarnet sitt. Lillebror sparkar med tærne, og skulle korrigerast til å bruke innsida av foten. Det var neimen ikkje lett? ;)




Tusen takk til tante, onkel og B. for nye fotballdrakter!


Ynskjer alle ein kreativ torsdag!


Klem
Elin

♥♥♥







onsdag 18. august 2010

Ferdig med prosjektet på loftstova ;) TV vegg med fransk touch :)



Eg trudde ikkje at eg skulle måtte gå inn midt på dagen av varme, i august 2010... Men det måtte eg i dag. Og då vart prosjektet mitt på loftet ferdig. Det vart ikkje sjablongbruk, då eg fekk ein glimrande idè i natt før eg sovna... Kanskje ser du kvar eg har henta teksten frå? Kunne hatt ein eigen konkurranse om det ;)








Her er det vannkrig i hagen, og etter lydane å dømme,
har lillebror fått nok... Må ut og inndra
flaskene...

Ha ein kos onsdagskveld!


Klem
Elin

♥♥♥