Eg fekk ein kommentar som traff meg så djupt i hjertet her om dagen... Og som inspirerte meg veldig under fotoøkta i går. Er det lov å dele slikt? Eller er det sjølvskryt??? Uansett, her er den :
"Når jeg titter inn til deg, føles det som om jeg sitter inne i en glasskuppel, omgitt av hviskende natur og myk bomull... Love it!"¨
Det var eit relativt nytt bloggbekjentskap som gjorde meg så audmjuk og glad, Hasigamas Univers. Tusen takk for ei ny vinkling på opplevinga av bloggen min! Det gav meg verkeleg ein puff i rett retning! Og sidan dama bak nevnte blogg også likar stilen i innlegget under, tek eg sjansen på å vise endå fleire bilder frå denne kvelden.
For det er harmoni i mine auger...
Så uendeleg godt å kvile augene på desse bilda...
Forhåpentlegvis som i en glaskuppel, omgitt av kviskrande natur og mjuk bomull...
Elin