...

Viser innlegg med etiketten By Nord. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten By Nord. Vis alle innlegg

fredag 6. januar 2012

ByNord

 
 
Berre innom for å opplyse om at sengesettet i innlegget i går var kjøpt hos hviit,
men finns nok i mange andre butikkar og webshops rundt omkring. Og ja; dei er dyre. Eg gav vel rundt tusenlappen for eitt år sidan (vaksen str.). MEN dei har ein fantastisk kvalitet. Begge setta her i huset var på konstant første månedane, og eg har vaska og tromla dei massevis. Likevel held dei seg fine. I barnestørrelse ligg dei på rundt sekshundre kroner. Linken øverst tek deg rett til ByNord produkt hos hviit :)



Og ja; ByNord er ein STOR favoritt hos meg!


Elin


mandag 15. august 2011

Inspirasjon til hagestova frå By Nord



Som eg skreiv i går, vi er endeleg i gang med å gjere ferdig hagestova. Og DET har tatt tid...
Det er seks år sidan vi starta opp. Men akkurat no er ikkje det så viktig. Av og til må ein berre vente på noko godt ;) Og så blir det ekstra stas å få på plass alt innvendig. Pengane gjekk med til å ferdigstille alt utvendig, og sist haust kom det også inn skyvedør i glas. Etter dette har rommet blitt langt meir anvendeleg. Sommaren i år har vore kjøleg og våt, så rommet har vore brukt nesten dagleg. Vi har ein sjølvbygd peis, som eg også lagar mat i ved hjelp av ei grillrist. No blir det spennende å få på plass innvendig takkledning, og alt av panel :)

Som vanleg er budsjettet minimalt. Mitt tips er då å ta utgangspunkt i ting du har/finn/får. Eg kan ikkje gå inn i ein butikk og plukke ut det eg treng, og har lyst på. Slik er det vel for dei fleste av oss. Då blir det til at ein må tenkje smart og kreativt. Skal prøve å vise i nokre innlegg framover, ting eg vil ha på plass når alt er ferdig. Aller først eit innblikk i hjerna mi; DET kan vel vere interessant ;)




Alle bilder frå By Nord via Hviit


Dette er teksturar og uttrykk eg har elska i fleire år.
Difor tek eg sjansen på å skape eit røft miljø ute ved peisen...
Så får vi sjå korleis Elin-versjonen blir?


See U soon,
Elin