...

tirsdag 27. august 2013

Still flying high...

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
Hornindalsrokken 1526 moh
 
 
Eg kjemper vidare. Ikkje alle dagar er like gode. Men så kjem det ein gedigen opptur, slik som denne turen på søndag. Og sjølv om turen opp krever enormt fysisk, og ikkje minst psykisk, er belønninga enorm når ein kjem opp på toppen og får sjå eit slikt syn... Eg er så takksam, huskar veien hit. Eg tek ikkje ei einaste glede for gitt! Alt ved livet skal nytast! Eg gleder meg til å fortsetje kampen om å få livet heilt tilbake!
 
 
 
Elin
 
 
 


15 kommentarer:

  1. Hornindalsrokken er ein topp som står på ønskjelista. Men sidan eg ikkje bur i Volda lenger så er det ikkje særleg realistisk at det skjer med det første.

    Såg du hadde vore på Slogen og. Flink er du!

    SvarSlett
    Svar
    1. Rokken var flott! Kanskje vakraste utsikta eg har opplevd? Anbefalast!

      klem,
      elin :)

      Slett
  2. Imponerande! Og så flotte bilder, det nest siste er heilt rått. Har ikkje vore på Rokken sjølv, er det ekkelt bratt? Har vore på Slogen nokre gonga på ski og det var ok, men har litt høgdeskrekk... Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Rokken er nok verre enn Slogen, veldig bratt mellomparti med laus stein. Men fjell er jo fjell... Viss du har vore på Slogen på ski, taklar du nok dette veldig bra!

      klem,
      elin :)

      Slett
  3. Så flott Elin at du nyttar dei fine dagane vi har hatt maksimalt!
    Var på Roalden søndag, imponerande utsikt der også.. Men på ein annan måte.
    Og det er no litt fusk når vi tok gondol ;-)
    Måtte det verte fleire slike gode dagar!

    Stor god natt klem frå Sigrid

    SvarSlett
    Svar
    1. Har ikkje vore oppe på Roalden enno? Ser jo inn dit herifra :) Og ja, ein må nyte dei fine dagane... Har vore oppe på fjellet i dag også.

      god klem,
      elin :)

      Slett
  4. Svar
    1. Mange hurra-rop her siste månedane ;)

      klem,
      elin

      Slett
  5. Kjære, sterke, flotte Elin! Eg er så imponert over kva du har gjort!! Du må ha ein vilje av stål, jern eller eit eller anna superdupersterkt. Gleder meg til å følgja ferda vidare - magiske bileter av ei flott dame i magiske omgivelsar :)

    Klem Eli (tidligare Frøken Fryd)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjære Eli!

      Tusen takk for fine ord!
      Veit ikkje kor mykje blogging det blir framover?

      god klem,
      elin

      Slett
  6. Misunner deg skal du vite!!
    Ja, heldig er du som har 2 føtter å gå på om ikke anna!!
    Jeg har bare 1 :(
    Men jeg har mine egne mål å nå ;)
    Tross din motgang,så vite at oss er MANGE som har mer motgang!

    Lykke til på neste tur!

    SvarSlett
    Svar
    1. Noko av det som fekk meg på føtene igjen, var akkurat det. Dei gongane eg var frista til å synes synd i meg sjølv, tenkte eg på alle som hadde det mykje verre. Eg sa til meg sjølv, at eg kunne prøve å kome meg ut av smertene og maktesløysa. Men å klare det mentalt, var like vanskeleg som den fysiske biten. Eg kan nesten ikkje forstå kvar eg fann kreftene i fjor når det også gjekk mot vinter. Det er viktig at vi alle finn våre mål, som er oppnåelege. For meg er det ein veg å gå før eg har styrke og energi igjen. Men fjellturane har gjort meg fantastisk godt. Kjenner at sjølvtilliten er bedre enn på lenge, og det er herleg å kjenne adrenalinet bruse igjen. Kjenner meg så levande...

      Lykke til du også med dine mål!

      klem,
      elin :)

      Slett
  7. Så fantastiskt vackert! Vad duktig du är!

    Kram Lena

    SvarSlett
  8. Åh, så vakkert!
    Rokken står høgt på lista. Håpar eg kjem meg opp dit snart :)
    Fjelluft er prima medisin, det er eg overbevist om ;)

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!