...

tirsdag 31. juli 2012

Siste middag i juli









Takk til Frk.Elton  for supert tips om tavlemåling på flasker! Fall i VELDIG god smak med kidsa her! Frk.Elton har forøvrig ein kjempefin blogg, som eg les fast. Stikk gjerne innom for gode idèar og inspirasjon!

Dette innlegget var ikkje planlagd, det vart til undervegs i middagslaginga mi i dag. Eg er INGEN matbloggar, og det skal eg heller ikkje prøve på å bli, men eg vart så inspirert av alle dei flotte fargane i grønsakene eg kutta til salat :) Paprika av ymse slag, squash, reddikar, tomatar, rødløk, lime... På menyen i dag stod kjøt i sursøt saus med salat og nanbrød.

Får av og til spørsmål om vi lever normalt i huset her, eller om alt blir "på utstilling". He-he! Klart vi lever normalt! Men eg ser at bilda mine med det kjølege uttrykket sikkert kan minne om sterile tilstandar. Eg har sansen for det enkle, nesten kunstrneriske uttrykket i interiøret. Men eg kan FORSIKRE alle om at her er nesten normale tilstandar... ;)

Og bilda i dag viser altså middagsbordet
vårt siste dagen i juli 2012!


Takk for ein eventyrleg julimånad til alle lesarar!
Draumesidene har fått ei verkeleg vitamininnsprøyting!
 Ser dokke i august!

Elin


mandag 30. juli 2012

Eg har ein "lykkeblogg", HELDIGVIS!



Har du dagar då du vil gi opp?

Har du tankar om at alt du gjer blir feil, sjølv om du gjer ditt beste?

Har du følelsen av at smertene i kroppen din aldri vil ta slutt?

Då kan du ane korleis eg har det akkurat no...

Ein ny nedtur som har vore der siste månaden.

Difor betyr bloggen ekstra mykje.

Kommentarane.

Smila.

Og eg er veldig takksam!

Eg bloggar sjølv om dagane er vonde.
Det får meg i gang. Får tankane over på andre ting.
Tilbakemeldingane har løfta meg framover i juli.
Har halde meg fokusert i snart 3 år.

Ein lykkeblogg, heldigvis!

Og kanskje blir morgondagen bedre?
Eg vel å konsentrere meg om det som er bra.
Eit skritt om gangen. Dag for dag.
Sakte framover. Meinhalde på håpet!
Aldri gi opp!

Håper det er greit for samfunnet at desse personlege tinga ikkje behøver å bloggast om? Håper at eg kan få behalde bloggebobla mi, som fungerer som medisin for meg. Håper at dette ikkje skadar andre menneske? At eg fokuserer på det eg ser på som kreativt og oppbyggjande? At eg til og med gleder og inspirerer andre som kanskje har det like shit som meg? For det er nok å streve med i samfunnet ellers når ein er sjukmeld på femte året... Eg vil helst ikkje snakke om det her inne. Dette er

DRAUMESIDENE
mine, ein interiørblogg, ikkje ein blogg om
4 prolapsar i ryggen


Elin

 Mitt bidrag i debatten som pågår, om at bloggarar ikkje
framstiller liva sine slik som dei egentlig er.


søndag 29. juli 2012

Farvel juli...










Farvel kjære juli... Eg kjem til å sakne deg. Gleder meg allereie til neste år...
Prøving av ny lyslenkje frå Granit, klar til mørke kveldar med kos på hagestova. Men i dag har vi hatt sol og sommar, endeleg igjen!

Ynskjer alle ei fin, ny veke mot august!


Elin

lørdag 28. juli 2012






Eg har flytta rundt på ting, henta fram eit teppe frå kottet, og generelt snudd opp ned på idèar inne i hovudet mitt. Eg er glad for at eg ikkje sel eller kastar ting eg er lei av, for dei kan kome til nytte nokre år seinare... ;) Det gyldne slår rot både i layout på Draumesidene, men også i heimen her.


Elin

New elements in the kitchen







Elin

fredag 27. juli 2012














Eg blir aldri lei av bilda frå TineK... Det er akkurat som om dei møter meg med den stemninga eg leitar etter gong etter gong. Sjølv om bilda ofte er mørke, og ganske ulike det eg prøver å formidle av stemning her inne på bloggen min, kjenner eg alltid ein trang til å vere kreativ etter ein runde med inspirasjon på TineK sine websider HER



Og jammen fann eg også den
gyldne fargen som eg har blitt så
glad i...



God helg!

Elin


In my garden...







- Kvar blir det av utebilda dine, spurde ei dame meg ein dag. Godt spørsmål... Draumesidene hadde mykje naturbilder in the good old days. Litt av svaret er at eg ikkje klarer å gå så mykje akkurat no, og det nye kameraet mitt er tungt. Men i dag tenkte eg å dele utsikta og hagen min med alle. Ein nydeleg sommardag.

Blikkstille fjord og blå, blå himmel.
Som eit eventyr...


Elin

torsdag 26. juli 2012

Brown details in my livingroom








Flasker frå Åhlens (halv pris av raud pris, 15kr stk), korg frå Herlighet, lampeskjerm frå Ølen Møbel, indisk kjevle frå Home&Cottage

 
Juli går mot slutten, det er ganske mørkt nokre timar på natta, det er ingen vei tilbake. Vi nærmer oss seinsommar og deretter haust. Nevner ikkje mangelen på sol og varme, vi har dagar uten regn, og eg har kome i gang igjen med å trene, så då skal eg ikkje klage. Men som vanleg kjem trangen til meir lunheit i heimen. Drog fram pledd og skinn i går kveld, og tende lyktene på terrassen. Med fyr på peisen på hagestova og nydeleg lukt frå kaprifolen rett utanfor, vart kvelden perfekt. Det er noko med å omfavne det fine i alle årstider. Å finne sin måte å nyte dei ulike stemningane på. Eg er glad for alle lysa/pakkane med telys eg kjøpte på IKEA i Bergen, for eg elskar levande lys når mørket kryp nærmare. Eg har likevel trua på at vi kan få fine dagar etter juli!

 
Ha ein fin dag!

 

Elin

 

onsdag 25. juli 2012

Inspirasjon i bøtter og spann






Den som leiter...
Kom over desse flotte bilda via

Eg har starta ferda mi mot varme trefargar og gyldne tonar. Det er snart august, og eg kan ikkje tenkje meg ein vakrare måte å ynskje seinsommaren velkommen på!

 
Elin


Lyst å vinne ei valgfri Kelly Moore fotoveske?



Det har eg! Den fine bloggen TB foto 
vil i samarbeid med FOTOBAG.NO 
gi bort ei valfri Kelly Moore fotoveske! 




Dette er den som har stått øverst på ei slik
ynskjeliste hos meg.
Du kan kike på henne her :


Har du lyst til å vere med i trekninga?
Besøk TB foto og meld deg på du også! :)

tirsdag 24. juli 2012

My office, just lots of pictures











Kontoret i morgensol, herleg oppleving!
Detaljar frå arbeidsplassen min, som har fått seg ein makeover.
Det fine med Granit er, at ting ikkje kostar så mykje. Og det likar vi vel?
Elskar dei nye duppedittane mine, som inspirerer til meir kreativitet. Har kjøpt to oljelampar også, men dei er så fint innpakka, at eg ikkje veit om eg vil pakke dei opp? ;)

Fin kveld til alle!


Elin

mandag 23. juli 2012

Shopping til kontoret hos Granit


Eg har vore i Oslo i helga, og klart å vere halvannan time på konstert med Brucer`n på Valle Hovin. Lei meg for å ikkje ha fått med meg heile konserten; men hallo! Eg er så stolt og glad for å ha hatt guts til å reise så langt med denne kroppen! Har vore temmeleg utblåst i hovudet og merkeleg etterpå, stiv og støl. Men eg KLARTE det! :) Og så fekk eg handla på GRANIT. Ei stor oppleving i seg sjølv. Fantastisk sørvis, fekk nærmest personal shopper når eg var innom. Mannen min sovna i ein stol i sola på utsida av butikken, det var kanskje like bra... Vi bodde i Bogstadveien, så det var ein aldri så liten spasertur vi var ute på. Men vel verdt kvart eit steg. Stor takk også til Norwegian som lot oss ta med temmeleg mange kilo over handbagasjestandard...

Eg skal fullføre ein haug av halvferdige prosjekt i vekene som kjem. Reknar med at det blir nokre blogginnlegg langsmed også? ;) I dag har eg gått for halv maskin, men har tulla rundt og hengt opp ting og tenkt. Gamle interiørblad flyt på kjøkkenbenken. Eg studerer og riv ut sider. Kom inspirasjon til meg, du skal IKKJE motstand finne! :) Det kjennes faktisk ut som om nokre gode idèar er på vei? (eller så er det berre luft i magen...) Time will show!





Ikkje ideelt å ta bilder klokka halv ti på kvelden...
Men ein liten smakebit på dagens aktivitet vart det likevel.
Skal ta fleire bilder ein annan dag.


NB! Vinnarane av GiveAwayen finn du under her!


Elin

Vinnarane er klare! :)



Tusen takk for maaaaange fine helsingar og påmeldingar til sommar-GiveAwayen min! Eg har brukt nokre timar på å få oversikt, og fann 399 lodd som vart med i trekninga :)

Eg trekte goodiebagen frå hviit først, og den
heldige vinnaren blei :


Vinnarane av ein tørkeduk kvar frå Herlighet vart :




OG denne jenta :

"Hei!
Det er en flott blogg med flotte premier!:)
Jeg tar to lodd!
Mvh.
Silje"

Og så til slutt trekking av Muuto lampen, gitt av

Gratulerer til


Flott om alle vinnarane kan sende
meg adressene sine på

Og korleis trekninga gjekk til? Tolmod, god musikk, lister med alle navn/lodd + random org.


Gratulerer til alle vinnarane, og
TAKK igjen til alle som var med!


Elin

torsdag 19. juli 2012

Mitt lyseblåe locker






Fekk ordna dette metallskåpet for eitt år sidan. Det vart halvert i djupne, og så valgte eg å måle det lyseblått. Har aldri angra på det. Eit møbel som er unikt, og som eg ELSKAR :) Eg fann det utanfor ein verkstad, brunraudt av rust. Eg er så glad at eg oppdaga det!

Eg har vore utan pc siste dagane, modemet vårt valgte å ta sommarferie på ubestemt tid. Men uhyre rask levering av eit nytt allereie i dag, berga eit blogginnlegg :)

Eg kjem til å utsetje trekninga av GiveAwayen til måndag av ulike årsaker. Håper at ingen går av hengslene av den grunn? :) Det vil også seie at du kan melde deg på


fram til søndag kveld. Eg vurderer faktisk å kjøpe ein slik Muutolampe til lillebror sitt rom. Synes den er superkul! Bor du i Ålesundsområdet, kan du studere dei på nært hald hos

Møbler&Miljø (som gir bort ein slik i trekninga)


Takk igjen for alle fine ord, og velkommen til alle nye følgjarar. Ser ut som 50 nye fjes har dukka opp i ruta til venstre berre i juli. Eg er SÅ glad for dette! Eg gleder meg til å dele bilder, tekst og inspirasjon med alle utover mot hausten!


Ha ein fin kveld, ein strålande fredag,
og ei flott helg!



Elin