Til alle som har vore med Draumesidene si ferd i 2011 : Tusen takk for alle fine tilbakemeldingar, og ikkje minst så trofaste besøk! Det har vore ei fryd å få underhalde dokke alle! Fotograferinga mi har vore ein lidenskap og hobby sidan eg fekk mitt første kamera i elleve-års alderen. Det at det kanskje kan bli eit levebrød, forundrar meg, men gledar meg stort! Hadde aldri turt å satse på dette i eit "friskt" liv, så kanskje kjem det noko godt ut av all motgangen?
Er veldig glad for alle positive resultat som har kome av blogginga mi. Men mest av alt er eg glad for å ha så flotte menneske, frå fleire land, som er innom og som også har blitt mine gode vener. Vener eg aldri har møtt personleg, men som er tvillingsjeler med ei stor evne til å smile saman med meg i glede, og muntre meg opp på tunge dagar. Det har vore ei veldig trasig avslutning på 2011, og det er vanskeleg å vere positiv ved inngangen til det nye året. Men på kjøkkenbenken ligg mitt nye Canon 7D, og eg har mitt fulle hyre med å gjere ferdig bilder til ikkje mindre enn to interiørbøker som eg er heldig å få vere med i i 2012. Dette gjer meg tankefull, og litt nervøs. Men mest av alt er eg takksam for at der finns menneske der ute som setter pris på det eg gjer. Eg skal verkeleg arbeide med å tru meir på det eg sjølv presterar i det nye året.
Eg held på å setter saman ein bildecollage frå året som var, og eg ser dei store forandringane både bildeteknisk, men også stilmessig. Det har vore eit år med store forandringar på mange måtar. Og slik kjem det til å vere vidare. Eg er spontan, og av og til må eg berre skifte ut ting. Det eg gleder meg mest til er nok å få dreisen på det nye kameraet mitt, og ikkje minst få tatt del to av fotokurset... No klarer eg ikkje å sitje, og det vil nok vare ei stund. Men med trening skal eg bli som før. Og kanskje må eg operere denne gongen... Gleder meg ikkje til MR i januar, men det må nok til. Enn så lenge er eg i gang igjen med det gamle kameraet mitt :)
Det er merkeleg dette livet; eg har oppdaga det. Men eg er kjempesikker på at dersom ein kavar mot eit mål, har draumar, så kan ein lukkast! Det var jo slik Draumesidene oppstod, og tenk så mykje flott eg har fått oppleve sidan oktober 09!
Håper du kan nyte siste dagane av
året som snart er over!
Legg ved ein sang som har halde meg oppe siste
månedane. Heile albumet er nydeleg,
og vil vere noko av det eg tek med
meg inn i 2012
KLEM
Elin