...

onsdag 23. november 2011

Meir om julekort, nokre tips for eit godt resultat!


Har fått nokre spørsmål om julekortfotografering. Veit ikkje om eg er kvalifisert til å svare, men prøver så godt eg kan! :) Spørsmåla går på dette om korleis ein får fine bilder?

Aller først har det faktisk litt å seie kva barna har på seg. Kva vil du formidle med julekortet ditt? Ein kvardagssituasjon? Vinter? Sommar? Osv. Skal bildet vere humoristisk? Her er det meir enn tusen valg å ta. Men viss vi tek utgangspunkt i bilda eg har vist, har vi prøvd å forhalde oss til årstida, og at borna ser ut til å ha det koseleg saman.

Dernest må du finne ein stad å ta bilda. Eg vil anbefale ein vèrbitt, eller grå vegg viss du skal vere ute. Eg lykkast i alle fall alltid når eg har valgt denne varianten. Dersom du ikkje har heilt kontroll på å stille inn kameraet ditt, eller har eit kompakt eller mobilkamera, skulle dette vere ei grei løysing. Pass på at lyset er bra, noko som ikkje er det lettaste denne årstida. NB! Det er ikkje lett å ta bilder i snøv! Lyset blir ofte for skarpt. Likedan er det smart at ungane ikkje har kvite klede, duse fargar er absolutt enklast å arbeide med.  

Det er alltid kjekt å ha med litt rekvisittar, for vår del har det vore skinn og kjelkar siste åra. I går var det rett og slett kjøpte julemannar. Veit ikkje om eg kjem til å bruke av dei bilda kakene er med på, men borna synes alltid det er kjekt å få noko godt på slike fototurar. Dei aller minste kan godt få litt premie, så blir det også kjekt neste gang ein skal ta bilder ;)

Dei beste bilda for meg, er dei der borna nesten gløymer kva vi held på med. Sånn som i går når lillebror oppdaga eit reir oppe i eit av trea over oss. Fekk tatt fleire bilder som eg veit er gull verd for oss foreldre i framtida. Eg planlegg aldri i detalj kva som skal skje. Det blir litt slik at ein må "goe with the flow". Stå ALDRI og hopp opp og ned og rop at barna skal sjå "hit og smil!" La barna sjølv finne roa, snakk litt om kjekke ting, og få dei til å bli ivrige. For eksempel spør dei om kva dei gleder seg til i jula, eller kva dei ynskjer seg. Få dei til å slappe av.

Sist men ikkje minst, det kan vere nødvendig å gjere fleire forsøk. Ikkje ta bilda i siste liten, det blir berre stress og mas av heile bildetakinga. Dette merker borna, og så er sjansen stor for at alt berre blir ei trist oppleving. Stressa foreldre, og sure barn. (Dette veit eg alt om...)


 
Kanskje blir årets julekort i svart/kvitt? Det er kanskje lett å gjere tradisjonelle valg når ein skal få ting ferdig til jul? Eg føler for å gjere noko som er litt annaleis i år. Så får vi sjå kva bilder som blir valgt. Reknar med at det ferdige eksemplaret dukkar opp her inne før jul ;)


Eg brukar redigeringsprogramma Picnik og PhotoScape (trykk på navna, der er linkar) Desse to kan du laste ned gratis frå nettet, og er relativt enkle å lære. Leik deg fram til resultat! Korriger bilda slik at dei blir rette i vinkel, klipp bort uønska deler av bildet, korriger kontrast og lys, fargar, skarpheit osv. Eit fint bilde er ofte redigert. Og det er lov! Men heilt valgfritt sjølvsagt.


Eg minner om at dette berre er tips
og råd frå ein sjølvlært hobbyfotograf!


Elin

9 kommentarer:

  1. Tenker også slik når jeg skal style og ta bilder. Nydelig bilde av ungene dine her. :)

    SvarSlett
  2. Nydelige bilder av nydelige barn !!
    Så flink du er med kameraet :)
    Elsker Photoscape :))

    Fin onsdag til deg :)

    SvarSlett
  3. Tusen takk!!!
    Praktfulle bilder av nydelige barn.

    SvarSlett
  4. Kjempeflotte tips. Syns barna dine er så vakre og omgivelsene helt nydelig.For ikke å snakke om klærne de har på seg.Har sett mange julekortbilder hvor mange har merkelige klær på seg som ikke passer på en julehilsen.Ser ut som barna dine er veldig fotogene også Elin.Ønsker deg en flott uke videre.Klem fra Karin

    SvarSlett
  5. dyktige du! :) det siste biletet her var min favoritt - nydeleg! fine ungar du har, Elin ♥

    klem Lina

    SvarSlett
  6. Du tar fine bilder av barna ... Kommunikasjon er jo en vesentlig del for å få fine bilder og ;O)))
    Nå må jeg og få samlet meg til å få tatt Jule kortet ;O)
    ha en fin dag;O)
    MineBlom

    SvarSlett
  7. Masse flotte tips her, Elin :) - og skjønne små du har ღ flotte bilder... Ønsker deg en fortsatt fin uke, stor klem fra Mette :)

    SvarSlett
  8. Nydelege julekortbileter av dei fine barna dine, Elin! Eg har berre tatt av alle andre sine barn, min egen får vente... Nei må få tatt nokre i helga, om nisselua blir ferdig strikka.

    Han er forøvrig sjuk igjen/enda. Har baka litt julekaker i dag då og så blir det mykje TV titting. ..

    Ha ein fin kveld!

    Klemma

    SvarSlett
  9. Å så flotte bilete!
    Ser at dei veks til.
    Har vore eit par dagar i Geiranger no.
    Tenkte på deg når eg susa forbi ;-)

    Ha fin kveld!

    klem

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!