...

søndag 19. desember 2010

Adventslysa mine, dei siste tre søndagane



I år hadde eg lyst å vise adventlys i ulike settingar. På ulike måtar. Adventssøndagane skulle vere noko spesielt her inne på bloggen. Eg skulle ta dei finaste sist fredag, hadde alle planar klare. Men... Har vore lei meg for det, fordi eg gleda meg slik til å ta bilder av dette fjerde lyset. Men eg har funne ut, at eg skal lage til eit innlegg til i kveld, berre dagslyset kjem for fullt. For det er nok lov å ta bilder inne også? :) Enn så lenge; her er lysa mine i desember. Du kan trykkje under kvart bilde på den lilla linken for å sjå heile innlegga.



Det FØRSTE lyset


Det ANDRE lyset


Det TREDJE lyset

Det første lyset ville ikkje brenne, det blåste rett og slett for mykje.
I dag har eg allereie tent det fjerde lyset, og det skal få brenne heilt til vi legg oss.


No tenner vi det første lys,
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå.

No tenner vi det andre lys,
dei står der stilt og skin.
Vi ventar på at Gud, vår Far,
vil sende sonen sin.

No tenner vi det tredje lys,
det er eit heilagt tal.
Vi ventar på at kongen vår
skal fødast i ein stall.

No tenner vi det fjerde lys,
og natta vert til dag.
vi ventar på ein frelsarmann
for alle folkeslag.




6 kommentarer:

  1. Den adventskransen på første bildet var virkeig fin. Flott bilder på bloggen din:-)

    SvarSlett
  2. Gratulerer med nok ei fin reportasje i smp i går, nydelig heim du fotograferte!

    Håper forma er di er stigande, så du får ei fin jul;nærmer seg med stormskritt. Ei superveke att no og so skal skuldrane senkast for min del:-)

    SvarSlett
  3. Nydelig post.
    Liker så godt bildet av jentene som står vendt mot hverandre i første adventslys post.
    Det er et meget godt bilde.
    Ha en flott Søndag.
    Klem!
    Line-Cathrin

    SvarSlett
  4. Flotte lysbilete..
    Og veldig flott i SMP i går..
    Kjekt du viser bilete her også, får sett det litt betre..

    fortsatt god betring!!

    god 4.søndag i Advent :-)

    SvarSlett
  5. Nydelig adventstake!!

    Jeg har vært litt fraværende her inne en stund, så fikk lagt meg til som følger nå her også ;)

    Må ha en fin dag ♥
    Juleklem

    SvarSlett
  6. Så fin blogg og vakre bilder! Likte spesielt godt bilde til det tredje lyset. Ønsker deg en god jul!

    Hilsen Gry k

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!