Tilbake frå eit døgn på spahotell :) Vi tok ein liten juleferie på forskot, og sjølv om lillemor vart sjuk av influensa, og vi andre også kjenner på noko i kroppen, var det flott å kome seg bort nokre timar. Vi fekk unna siste julegåvene i fagre Stryn, noko eg er veldig godt fornøgd med! Eg prøvde å la vere, men ba mannen om å køyre tilbake til yndlingsbutikken min der, To Damer interiør. Ei herleg oppleving kvar gong eg er innom, og veldig inspirerande! Butikken er uvanleg fin, og full av dei lekraste varer! Det kjekkaste var at eg for fyrste gong fekk studere kolleksjonen til ByNord på nært hald. LOVE! Skulle gjerne ha kjøpt massevis, men så var det denne lommeboka... Eg kjøpte meg tre små skjønne dyr, til å hengje opp, eller berre til pynt på bordet? Dei står saman med adventslysa og hjorten, og ventar på at det skal bli første søndag i advent :)
Adventsstaken er ikkje ferdig, men det har ikkje vore fristande å gå ut i sterk storm
for å hente det eg treng... Men "Berit" gjorde ingen skadar her, så då får vi tole litt vèr.
Tusen takk for fine ord på innlegga under!
Elin


